Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter
Vel kategori og sjå pris for alle typar billettar for ei eller fleire soner. Her finn du også informasjon om ulike kategoriar og rabattar.
Prisane gjeld på desse transportmidla
- Skyss sine bussar i Vestland*
- Bybanen i Bergen
- Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
- Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
- Eidesvik-Espevær
- Florabassenget (gjeld passasjerar):
- Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
- Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest)
- Kaupanger kai - Frønningen (gjeld passasjerar)
* Merk: Gjeld ikkje på flybussane i Førde og Sogndal.
Merk: Her finn du prisar for reiser med bil på rutene i Florabassenget og Kaupanger kai - Frønningen.
Vaksen - frå 18 år
ENKELTBILLETT
Ei sone: 40 kr
To soner: 61 kr
Tre soner: 105 kr
Fire-sju soner: 149 kr
Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksne er 20 kroner, og for barn og honnør 10 kroner.
PERIODEBILLETT
7-dagarsbillett
Ei sone: 235 kr
To soner: 355 kr
Tre soner: 590 kr
Fire-sju soner: 825 kr
30-dagarsbillett
Ei sone: 755 kr
To soner: 1130 kr
Tre soner: 1880 kr
Fire-sju soner: 2635 kr
180-dagarsbillett
Ei sone: 3775 kr
To soner: 5650 kr
Tre soner: 9400 kr
Fire-sju soner: 13175 kr
24-TIMARSBILLETT
Ei sone: 105 kr
To soner: 155 kr
Tre soner: 270 kr
Fire-sju soner: 385 kr
Makspris er fire soner.
Prisar frå 1. februar 2023.
VAKSEN
På Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter blir ein vaksen rekna som reisande frå fylte 18 år.
Vaksen reisande betalar ordinær pris. Dersom du ikkje høyrer til ein kategori med rett til rabattert pris, betalar du ordinær pris.
FAMILIERABATT
Med familierabatt kan reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis kvar dag, heile året.
BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.
Barn - 6 år til og med 17 år
ENKELTBILLETT
Ei sone: 20 kr
To soner: 31 kr
Tre soner: 53 kr
Fire-sju soner: 75 kr
Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksne er 20 kroner, og for barn og honnør 10 kroner.
PERIODEBILLETT
7-dagarsbillett
Ei sone: 120 kr
To soner: 180 kr
Tre soner: 295 kr
Fire-sju soner: 415 kr
30-dagarsbillett
Ei sone: 380 kr
To soner: 565 kr
Tre somer: 940 kr
Fire-sju soner: 1320 kr
NB: For deg mellom 16 til og med 20 år anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett. Då kan du reise i heile Vestland for 380 kr per månad.
180-dagarsbillett
Ei sone: 1890 kr
To soner: 2825 kr
Tre soner: 4700 kr
Fire-sju soner: 6590 kr
24-TIMARSBILLETT
Ei sone: 50 kr
To soner: 80 kr
Tre soner: 135 kr
Fire-sju soner: 190 kr
Makspris er fire soner.
Prisar frå 1. februar 2023.
BARN
På Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter vert barn rekna som reisande frå fylte 6 år til og med 17 år. Barn får om lag 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillett og periodebillett. Barn under 6 år reiser gratis.
FAMILIERABATT
Med familierabatt kan reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis kvar dag, heile året.
BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. Ved tvil om alder på barn, kan det krevjast gyldig legitimasjon.
Honnør - frå 67 år og uføre
ENKELTBILLETT
Ei sone: 20 kr
To soner: 31 kr
Tre soner: 53 kr
Fire-sju soner: 75 kr
Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksne er 20 kroner, og for barn og honnør 10 kroner.
PERIODEBILLETT
7-dagarsbillett
Ei sone: 120 kr
To soner: 180 kr
Tre soner: 295 kr
Fire-sju soner: 415 kr
30-dagarsbillett
Ei sone: 380 kr
To soner: 565 kr
Tre soner: 940 kr
Fire-sju soner: 1320 kr
180-dagarsbillett
Ei sone: 1890 kr
To soner: 2825 kr
Tre soner: 4700 kr
Fire-sju soner: 6590 kr
24-TIMARSBILLETT
Ei sone: 50 kr
To soner: 80 kr
Tre soner: 135 kr
Fire-sju soner: 190 kr
Makspris er fire soner.
Prisar frå 1. februar 2023.
OM HONNØRRABATT
Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar til Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter.
Honnørrabatten gjeld
- personar over 67 år
- personar med honnørkort frå NAV. Dette gjeld personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land og uføre flyktningar med supplerande stønad.
- blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort (sjå detaljert informasjon her).
- ektefelle eller partnar (registrert etter Ekteskapslova) som reiser i følgje med person med honnørbillett.
FAMILIERABATT
Med familierabatt kan reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis kvar dag, heile året.
BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.
Dersom du er over 67 år, vil legitimasjon med bilde som viser alderen din bli rekna som gyldig bevis på at du har krav på honnørrabatt.
Dersom du er under 67 år og skal reise med honnørbillett, må du i tillegg til legitimasjon med bilde vise fram honnørkort frå NAV eller tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund eller Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde. Du finn meir informasjon om gyldig bevis her.
Ungdom - 16 år til og med 20 år
For deg mellom 16 til og med 20 år anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett til 380 kr.
Med ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, tog, ferje og båt heile Vestland.
Student - til og med 29 år
ENKELTBILLETT
Ei sone: 24 kr
To soner: 37 kr
Tre soner: 63 kr
Fire-sju soner: 89 kr
Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksne er 20 kroner, og for barn og honnør 10 kroner.
PERIODEBILLETT
7-dagarsbillett
Ei sone: 140 kr
To soner: 215 kr
Tre soner: 355 kr
Fire-sju soner: 495 kr
30-dagarsbillett
Ei sone: 455 kr
To soner: 680 kr
Tre soner: 1130 kr
Fire-sju soner: 1580 kr
180-dagarsbillett
Ei sone: 2265 kr
To soner: 3390 kr
Tre soner: 5640 kr
Fire-sju soner: 7905 kr
24-TIMARSBILLETT
Ei sone: 60 kr
To soner: 95 kr
Tre soner: 160 kr
Fire-sju soner: 230 kr
Makspris er fire soner.
Prisar frå 1. februar 2023.
OM STUDENTRABATT
På Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter får studentar 40 prosent rabatt på enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar.
FAMILIERABATT
Med familierabatt kan reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis kvar dag, heile året.
BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. Informasjon om gyldig bevis for studentar finn du her.
Militær
ENKELTBILLETT
Ei sone: 40 kr
To soner: 40 kr
Tre soner: 53 kr
Fire-sju soner: 75 kr
Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksne er 20 kroner, og for barn og honnør 10 kroner.
Makspris er fire soner.
Prisar frå 1. februar 2023.
OM MILITÆRRABATT
Militær er vernepliktig mannskap (førstegongsteneste). På Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter får militærreisande 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar, men lågaste pris er lik ordinær vaksenpris for ei sone. Det blir ikkje gitt militærrabatt på periodebillettar.
FAMILIERABATT
Med familierabatt kan reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis kvar dag, heile året.
BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. Informasjon om gyldig bevis for militærreisande finn du her.
Familierabatt
Med familierabatt kan ein reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år, gratis. Familierabatten gjeld kvar dag, heile året.
Rabatten gjeld på: Skyss sine bussar*, Bybanen og nokre båtruter. (* Merk: Gjeld ikkje på flybussane i Førde og Sogndal).
Rabatt blir gitt til: Vaksne reisande over 18 år (vaksen, honnør, student, militær) som har gyldig enkeltbillett, 24-timarsbillett eller periodebillett.
Merk: Barn under 6 år reiser alltid gratis på Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter.
Familierabatt på tog: Rabatten gjeld også for vaksne reisande på tog, når du reiser med enkeltbillett eller 24-timarsbillett mellom Bergen og Trengereid (sone A), eller når du reiser med periodebillett (7-, 30 og 180-dagarsbillett) mellom Bergen og Voss (sone A, E og F).
Grupperabatt
Ti eller fleire som reiser saman får 17 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar. Barn, student, honnør og militær får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.
Denne grupperabatten gjeld på Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter. Ver merksam på at rabatten ikkje gjeld på 24-timarsbillettar.
Når du skal kjøpe billett for ti eller fleire, vil du både i appen Skyss Billett og nettbutikken på skyss.no få automatisk rekna ut rabatten.
Ver merksam på at kontanttillegget for betaling om bord i sone A, ikkje omfattar gruppebillettar som er kjøpt om bord.
Grupper på 15 personar eller fleire må melde frå til operatør før reisa tek til.
Sykkel
Buss og Bybanen:
På buss og Bybanen har sykkel/el-sykkel og stor sparkesykkel/el-sparkesykkel same pris som barn. Du kan berre ta med desse på bussar med eigna plassering, dersom det er ledig plass og sjåføren finn det forsvarleg.
Pris for sykkel:
Ei sone: 20 kr
To soner: 31 kr
Tre soner: 53 kr
Fire-sju soner: 75 kr
Dersom du har ein ein samanlagt sykkel/sparkesykkel/, kan du ta denne med som handbagasje utan ekstra kostnad. Syklar som kan demonterast eller leggast saman kan tas med i bagasjerom på buss.
Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Florabassenget og Kaupanger kai-Frønningen:
Det er gratis å ta med sykkel/el-sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel på desse båtrutene, så lenge det er plass.
Dyr
Dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande, kan dyret takast med. Dyr skal sikrast i band eller bur under transporten og må ikkje hindre fri passasje. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under transporten.
Dyr/hundar reiser gratis på:
- Skyss sine bussar i Vestland
- Bybanen i Bergen
- Alle båtar i Hordaland
- Båtrutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai – Frønningen (gjeld frå 1. juli 2022)
På andre båtar i Sogn og Fjordane kan hundar takast med til barnetakst.
Om du reiser med hund og har overgang til tog eller ekspressbuss, må du vere obs på at dei har eigne reglar.
Følgeperson
På buss, Bybanen og båt:
Følgeperson til person med nedsett funksjonsevne som har følgekort, reiser gratis på Skyss sine transportmiddel. Følgepersonen treng ikkje eigen billett (gjeld både enkeltbillett og periodebillett).
På tog:
Når du brukar Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, Bybanen og båt.
På reiser med tog utanfor sone A, gjeld eigne reglar. Sjå Vy.no for meir informasjon.
BILLETTKONTROLL:
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. For følgeperson gjeld gyldig følgebevis. Det er personen med nedsett funksjonsevne som har beviset.
Desse Skyss-billettane kan du bruke på ekspressbuss.
Merk: For reiser med ekspressbussar, flybussar og Serviceskyss, gjeld eigne prisar.
Prøveordning med gratis reise for asylsøkarar