Hopp til hovedinnald

Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar til Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter.

Her finn du meir om honnørrabatt på båt i Hordaland og båt i Sogn og Fjordane.

Honnørrabatten gjeld

  • personar over 67 år
  • personar med honnørkort frå NAV. Dette gjeld personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land og uføre flyktningar med supplerande stønad.
  • blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort (sjå detaljert informasjon lenger nede på sida)
  • ektefelle eller partnar (registrert etter Ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett.

Hugs gyldig bevis
Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.

Dersom du er over 67 år, vil legitimasjon med bilde som viser alderen din, bli rekna som gyldig bevis på at du har krav på honnørrabatt.

Dersom du er under 67 år, gjeld følgande når du skal reise med honnørbillett:

  • Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund pluss legitimasjon med bilde.
  • Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde, pluss legitimasjon med bilde.

Det er NAV som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.

Dersom du har spørsmål som gjeld vilkår og utsending av honnørkort, kan du kontakte NAV, Noregs Blindeforbund eller Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde direkte.

Søk om honnørkort frå NAV