Avvik i kollektivtrafikken
Her finn du informasjon om avvik, forseinkingar og endringar i tilbodet vårt. Dersom du brukar reiseplanleggaren finn du dei same driftsmeldingane der.
Aktive avvik
Omkøyring og innstilt ferje
Følgjande avgangar er innstilt i ferjesambandet Jondal-Tørvikbygd tysdag 24. mai:
- Frå Jondal kl. 10.20 og 11.20.
- Frå Tørvikbygd kl. 10.50 og 11.50.

Gyldig til: 24.05.22 12.00
Sist oppdatert: 20.05.22 18.20
Gjermundshamn-Årsnes: Rute 1 innstilt kl. 10.00-14.30, måndag 23. mai
Rute 1 i ferjesambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes er innstilt mellom kl. 10.00 og 14.30 måndag 23. mai. Følgjande avgangar er innstilt:
- Frå Gjermundshamn: Kl. 10.00, 11.00, 12.00, 13.00 og 14.00
- Frå Årsnes: Kl. 10.30, 11.30, 12.30 og 13.00
På grunn av korrespondanse vil det òg medføre forseinkingar på avgang med linje 760 kl. 11.22 frå Årsnes til Husnes.
Gyldig til: 23.05.22 14.30
Sist oppdatert: 20.05.22 18.21
Redusert kapasitet på Kvanndal–Utne
Frå 13. til 29. mai går ferja MF Fitjar i sambandet. Kapasiteten vert med det redusert med 35 personbileiningar. Årsaka til fartøysbyttet er planlagt verkstadopphald for MF Utnefjord.
Gyldig til: 29.05.22 23.59
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Endra trasé i Haugesund
Haugesund sjukehus blir ikkje betent på grunn av langvarig stenging av Storasundgata. Omkøyring via Salhusvegen–Haraldsgata–Litlasundgata. Endringa gjeld frå 29. april 2022 og inntil vidare.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Haldeplassen Lyssand mellombels flytta
På grunn av anleggsarbeid blir haldeplass Lyssand flytta om lag 40 meter. Dette gjeld i begge retningar.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Endra trasé frå 19. april
19. april opnar Fyllingsveien igjen for gjennomkøyring, samstundes stenger omkøyringsveg Gabriel Tischendorfs gate. Dette fører til nokre endringar på traseen til linje 19. Traseen mellom Åsane terminal og Bergen sentrum blir ikkje endra.
Frå Melkeplassen:
Linja køyrer Melkeplassen ned Fyllingsveien til Carl Konows gate og vidare mot Puddefjordsbroen og Bergen sentrum. Linja vil ikkje køyre omkøyringsveg i Gabriel Tischendorfs gate.
Linje 19 vil ikkje betjene haldeplass Løvstakkskiftet før til oppstart av sommarruter 27. juni.
Nye haldeplassar er Carl Konows gate og Gyldenpris nord (erstattar haldeplass Gyldenprisveien).
Mot Melkeplassen:
Linja køyrer som i dag, over Puddefjordsbroen, gjennom Løvstakktunnelen og køyrer opp Øvre Fyllingsveien til Melkeplassen.
Her finn du den nye traseen til linje 19.
Gyldig til: 26.06.22 23.59
Sist oppdatert: 11.04.22 11.43
Bussen køyrer ikkje til Koløyhamn
Frå og med tysdag 19. april køyrer ikkje bussen ned til Koløyhamn. Det betyr at bussen ikkje betener haldeplassane Sjoareiset, Brustadbråtet, Lio, Myragrindo, Koløy og Koløhamn. Nærmeste haldeplass er Øvrebygda bedehus.
Årsaka er mangel på snumoglegheit på strekninga. Endringa gjeld inntil vidare.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Endra trasé via Tyssetunnelen
Vegen i Ytre Tysse er stengd på grunn av vegarbeid. Medan vegen er stengd må bussane køyre via Tyssetunnelen. Haldeplassar frå Ytre Tysse til og med Sætrevika vert ikkje betjent.
Vegen blir heilt stengd i samband med gravearbeid. Arbeidet vil vare fram til 3. juni 2022.

Gyldig til: 03.06.22 10.49
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Avgang kl. 06.48 frå Årsnes innstilt inntil vidare
Frå måndag 7. mars og inntil vidare blir avgang kl. 06.48 frå Årsnes kai til Odda busstasjon innstilt.
Årsaka er langvarig vegarbeid på Fv 500 ved Sunndal.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Endra trasé inntil vidare
På grunn av vegarbeid er innkøyring til Damsgårdstunnelen stengd frå Michael Krohns gate. Dette medfører at avgang kl. 15.15 og 15.40 frå Haukeland sjukehus til Straume terminal må køyre om Nygårdstunnelen og får ikkje betjent følgjande haldeplassar:
- Solheimsviken G
- Lien sør
- Michael Krohns gate
- Lotheveien

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 19.05.22 21.45
Haldeplass Gyldenprisveien flytta
På grunn av vegarbeid i Michael Krohns gate vil haldeplass Gyldenprisveien vere utilgjengeleg inntil vidare. Det er sett opp to alternative haldeplassar, for linje 10 og linje 20, som kan nyttast i mellomtida.
Endringa gjeld for linje 20 i retning Haukeland sjukehus, og linje 10 i retning Søndre Skogveien/Wergeland.
Linje 20 mot Haukeland:
Ny alternativ haldeplass for linje 20 er langs Michael Krohns gate, andre side av vegkrysset mellom Michael Krohns gate og Gyldenprisveien i retning Haukeland (Linje 403: Avg. 06:17 frå Kleppestø til Haukeland sjukehus må også nytte denne haldeplassen).
Linje 10 mot Søndre Skogveien/Wergeland:
Ny alternativ haldeplass for linje 10 er i Gyldenprisveien, på andre sida av vegen ved dagens haldeplass mot sentrum.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 28.01.22 09.28
Utgåtte avvik
Endra trasé pga. stengd veg
På grunn av vegarbeid mellom Ostereidet og Eknes tysdag 26. april, må linja køyre E39 mellom Ostereidet og Hindenes kryss. Bussane snur ved stoppet Eknes v/butikken. Det er uvisst kortid arbeidet er ferdig.
Haldeplassar som ikkje blir betjent (gjeld begge retningar): Ostereidetleitet–Linsdalen–Ostereidet–Osereidet ytre–Askvik aust–Askvik vest–Totland aust–Totland vest–Åsen.
Kart som visar omkøyringstrasé
Gyldig til: 26.04.22 23.59
Sist oppdatert: 26.04.22 23.59