Hopp til hovedinnald

Mindre forseinkingar som oppstår i busstrafikken informerer vi om gjennom sanntidsprognosar på ulike flatar. Dersom bussen er seint ute vil avgangstida endre seg i tråd med forventa avgangstid. Ved større hendingar i trafikken og endringar i tilbodet finn du også meldingar i reiseplanleggaren og i lista på sida skyss.no/avvik, samt i appen Skyss Reise. Vi informerer også på haldeplassar der vi har skilt og skjermar ved større avvik. Det same gjeld løysinga avgangsvisning.skyss.no.

Slik fungerer meldingar om trafikale avvik på dei ulike flatene våre: 

Skyss.no/avvik

Lista over hendingar og endringar er sortert kronologisk, og siste hending ut er øvst på lista over «aktive avvik». I tillegg kan du scrolle lenger ned for å sjå nyleg utgåtte meldingar som ikkje gjeld lenger. Klikkar du på ei overskrift vil du finne utfyllande informasjon, ofte inkludert eit kart over endringa.

Reiseplanleggar

Reiseplanleggaren gir deg informasjon på fleire måtar dersom det blir forseinkingar eller endringar som påverkar reisa di.

I Skyss Reise er det fire ulike måtar å finne avgangstider på (favoritt, planleggar, haldeplass, linje). To av desse finn du også igjen i reiseplanleggaren her på nettsida (planleggar og haldeplass).

I tillegg vil du i reiseplanleggaren kunne sjå forseinkingar gjennom sanntidsfunksjonen, og innstilte avgangar.

Søk i reiseplanleggar:

Når ein avgang er innstilt kjem ikkje avgangen opp som eit reiseforslag i reiseplanleggaren. 

Haldeplassfunksjon:

I haldeplassfunksjonen får du opp ein rutetabell. Dersom ein avgang er innstilt vil du sjå det slik i Skyss Reise-appen og i reiseplanleggar på skyss.no.

Reiseplanleggaren:

Reiseplanleggaren:

 


Informasjon i reiseplanleggar:

Klikkar du på den gule linja vil du finne meir utfyllande informasjon ved større avvik eller endringar.  Dette gjeld uansett om du brukar reiseplanleggaren på nettsida vår, eller Skyss Reise-appen.

Reiseplanleggaren:

Haldeplass:

 

Sanntidsinformasjon

Meir informasjon om sanntidsinformasjon finn du her.

Publisert:

Oppdatert: