Jobb i Skyss
I Skyss jobbar vi for å tilby framtidas reiseoppleving, der alle kjem seg enkelt frå der dei er til dit dei skal.

Ledige stillingar
Rådgjevar ruteplanlegging
Vil du vere med å planlegge Skyss sitt kollektivtilbod? Vi ser etter ein ny planleggar med arbeidsstad i Leikanger, Førde eller Bergen. Oppgåvene er mellom anna planlegging av rutetilbod på kort og lang sikt, dataanalyse, kvalitetssikring, operatørdialog og vidareutvikling av arbeidsprosessar. Les meir og søk her
Søknadsfrist 15. august 2022
Vil du søke jobb som førar av buss eller bybane, eller som mannskap på båt eller ferje? Ta direkte kontakt med trafikkselskapa. Her finn du oversikt over operatørar som har kontrakt med Skyss.