Hopp til hovedinnald

Som passasjer kan du

  • søke etter turar basert på kvar du skal og når du vil reise
  • bli kopla med ein sjåfør som køyrer same strekning
  • velje mellom enkeltturar eller faste pendlarturar
  • gå på og av ved dei faste møteplassane som er markerte på kartet i appen

Merk: Aldersgrensa for å vere passasjer er 16 år, og ein kan ikkje booke inn barn som passasjer. Du bekrefter alderen din i appen.

Som sjåfør kan du

  • tilby plass i bilen på ruter du køyrer
  • opprette faste pendlarturar som passasjer kan booke
  • få dekt delar av køyrekostnadane for kvar passasjer som sit på

Samkøyring i Øygarden og Askøy er eit samarbeid mellom Skyss og Nabogo.

Samkøyring er eit tilbod i Øygarden og Askøy. Alle turar må starte eller stoppe i desse områda.

Du blir henta og sett av på faste møtestader som er markerte på kartet i appen. Møtestadane er valde slik at det er trygt og enkelt å bruke tilbodet.

Frå 4. mai er det også faste samkøyringsruter mellom Rong og Straume.

Les meir: No kjem det faste samkøyringsturar i Øygarden

Med periodebillett frå Skyss er tilbodet heilt gratis. Du må ha periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar, eller ungdomsbillett. (Registrer ein periodebilletten sin i appen?)

Utan periodebillett er dei første 10 kilometerane gratis, deretter kostar det 1 kroner per kilometer.

Du betaler via Nabogo-appen.

Skulle noko gå gale, kontaktar du Nabogo support direkte:

Du finn også svar på vanlege spørsmål her.

Samkøyring i Øygarden og Askøy er eit samarbeid mellom Skyss og Nabogo.