Hopp til hovedinnald

Underhaldning om bord eller på haldeplassar/terminalar og utdeling av løpesetlar/reklameartiklar/mat og drikke.

Av omsyn til dei reisande, trafikkavviklinga, trafikksikkerheit og generell orden tillet vi normalt ikkje aktivitetar om bord i transportmidla våre eller på haldeplassar og terminalar. Det same gjeld utdeling av materiell, reklameartiklar, mat og drikke og liknande.  

Førespurnad om å filme på haldeplassar eller om bord på buss, båt eller bybane

Dersom du ønsker å filme om bord i eit transportmiddel til bruk i videoreportasje, reklamefilm eller liknande, må du kontakte Skyss på førehand for å lage ein avtale.

Dersom du får klarsignal, krev vi at du må 

  • gjere opptaka utanom morgon- og ettermiddagsrush
  • ha med eit så lite team som mogleg  
  • ikkje forstyrre trafikkavviklinga eller på- og avstiging 
  • sikre at deltakarane i filmteamet har gyldig billett  
  • innhente samtykke frå andre passasjerar dersom dei kjem med i opptaket. 

Har du spørsmål eller førespurnad, send inn dette skjemaet.
Huk av for «våre tenester» og «Anna» på skjemaet og skriv meldinga di.