Hopp til hovedinnald

Reisevilkåra gjeld som avtale mellom Vestland fylkeskommune v/Skyss (heretter kalla Skyss) og kvar enkelt reisande med buss, bane og båt.

Reisevilkåra er godkjende av Samferdselsdepartementet den 02.07.2026 i samsvar med yrkestransportlova § 33, og jernbanelova §§ 7 og 7a.

Skyss sine reisevilkår består av dette dokumentet og følgande vedlegg:

  1. Skyss sin reisegaranti
  2. Reglar for rullestolar, barnevogner, syklar og andre køyreinnrettingar
  3. Reglar for bestillingstransport

Vedlegga skal ikkje til godkjenning i Samferdselsdepartementet. Dei er tekne med for samanhengen sin skuld og er ein del av Skyss sine fullstendige reisevilkår.

Kapittel 1 Reisande

§ 1 Kven gjeld vilkåra for

Alle som ferdast med transportmiddel som vert operert på kontrakt for Skyss, og transportmiddel som vert operert av underleverandørar kor Skyss har marknadsansvaret, blir rekna som reisande. Oversikt over Skyss sine operatørkontraktar finst på skyss.no.

Vilkåra gjeld også for alle som oppheld seg på tilhøyrande terminalar, haldeplassar og kaier (heretter kalla stoppestader).

Operatørar som opererer på kontrakt for Skyss som har marknadsansvaret, har eigne reisevilkår.

§ 2 Rettane og pliktene til dei reisande

2a) Rettane til dei reisande

Reisande med gyldig billett har rett til å reise med Skyss sine transportmiddel i tråd med kunngjort rutetilbod og kapasitet. Blir det forseinkingar, gjeld reisegarantien, jf. vedlegg 1.

2b) Dei reisande pliktar å

  • betale for reisa i samsvar med vilkåra og prisane til Skyss
  • ha gyldig billett før dei stig på eit transportmiddel, eller kjøpe billett hos personalet ved påstiging. Billett som er kjøpt på ein mobiltelefon, gir rett til påstiging når nedteljinga i mobilapplikasjonen har starta.
  • sjølv kontrollere at dei har fått rett billett. Ein eventuell klage på billett eller vekslepengar må skje før transportmiddelet forlét stoppestaden.
  • vise fram gyldig legitimasjon eller andre dokument som viser at dei har rett til rabattert billett.
  • bruke billetten i samsvar med gjeldande reglement og vilkår.
  • oppbevare billetten under heile reisa og til den reisande har forlate stoppestaden.
  • vise fram billetten uoppmoda til personalet på transportmiddel der det berre er påstiging ved bemanna inngang.
  • følge reglane for framferd under reisa, jf. kapittel 3.

Ansvaret for gyldig billett fell bort ved tekniske feil utanfor den reisande sin kontroll.

Kapittel 2 Billettkontroll

§ 3 Kontroll og tilleggsavgift

3a) Kontroll

Personalet har rett til å kontrollere dei reisande sin billett. Billetten skal gjelde for strekninga og for tidspunktet for påstiging. Billettkontrollen kan utførast om bord og når dei reisande kjem ut av transportmiddelet, av både uniformert og sivilt personale. Sivilt personale skal legitimere seg uoppmoda.

3b) Tilleggsavgift

Ein reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett og dokumentasjon ved krav på rabatt, pliktar å betale tilleggsavgift.

Dersom betalinga skjer på staden, gjeld ei lågare avgift enn om den reisande vel å betale seinare med faktura. Lågare avgift gjeld for born under 18 år, uavhengig av om betalinga skjer på staden eller med faktura. Reisande som betaler på staden, får ei kvittering som gir rett til å fortsette reisa på vanlege vilkår. Reisande som ikkje betaler avgifta på staden, har ikkje rett til å reise vidare utan å kjøpe ein vanleg billett.

Reisande som blir bedne om å betale avgift, men som ikkje betaler på staden, pliktar å oppgi korrekt namn, adresse og fødselsdato og så vente på at identitetsopplysningane blir stadfesta, slik at Skyss seinare kan krevje inn avgifta ved faktura.

Manglande betaling av faktura vil bli følgt opp med purring og om nødvendig kravd inn ved inkasso. Dette gjeld òg for mindreårige. Mindreårige vil likevel ikkje vere ansvarlege for innkrevjingskostnadene i samband med inkasso, men føresette vil kunne bli orienterte om innkrevjinga ved manglande betaling.

3c) Misbruk og forfalsking av billettar

Dersom den reisande misbruker eller prøver å misbruke billettar, vil billettane bli sperra og inndratte av personalet. Den reisande får ei kvittering som skal visast fram i eventuelle tvistar eller klager. Forfalsking av billettar gir ei høgare tilleggsavgift. Forfalsking og anna straffbar framferd kan bli meld til politiet i samsvar med straffelova.

Tilleggsavgiftene er godkjende av Samferdselsdepartementet.

  • Normal tilleggsavgift er kr. 1 250,- eller kr. 1 050,- ved betaling på staden.
  • Tilleggsavgift for mindreårige er kr. 1 050,-, uansett oppgjersform.
  • Tilleggsavgift ved misbruk eller forfalsking av billett er kr. 2 200,-, og billetten blir inndratt.

Kapittel 3 Framferd

§ 4 På- og avstiging og ferdsel på stoppestader

Har transportmidla fastsette stoppestader skal på- og avstiging skje ved desse, av omsyn til sikkerheit og trafikkavvikling. Transportmidla kan unntaksvis stoppe utanom stoppestadane dersom det er i tråd med trafikkreglane og sjåføren vurderer at det er forsvarleg.

På Bybanen er på- eller avstiging ikkje tillate mens banen er i fart, eller dersom bana stoppar utanfor ein stoppestad, ved eit kryssingsspor, for å vente på signal eller liknande.

Det er forbode å ferdast i eller krysse bybanespora på stader som ikkje er berekna for publikum.

§ 5 Framferd

Dei reisande pliktar å ta omsyn til andre reisande og ikkje opptre slik at det oppstår farlege eller uønskte situasjonar.

Dei reisande må ikkje plassere seg slik at dei hindrar utsynet til føraren, og det er ikkje lov å uroe føraren når transportmiddelet er i bevegelse.

Dei reisande skal ikkje stå eller plassere gjenstandar slik at dei hindrar dørene i å opne og lukke seg.

Der setebelte og anna sikringsutstyr er tilgjengeleg, skal det nyttast i samsvar med vegtrafikklova.

Det er ikkje lov å bruke rullebrett, rulleskøyter, sykkel og liknande på stoppestadene eller transportmidla.

Reisande som ikkje retter seg etter påbod som blir gitt i form av oppslag eller beskjed frå personalet, kan visast bort.

§ 6 Røyking og rusmiddel

Røyking og inntak av alkoholhaldige drikkevarer eller andre rusmiddel er forbode på alle transportmiddel og stoppestader. Brot på denne regelen kan føre til bortvising.

§ 7 Uro

Personalet kan nekte å ta med reisande som er synleg påverka av rusmiddel eller som oppfører seg på ein måte som kan vere ubehageleg for andre reisande. Personar som opptrer usømmeleg eller som på anna vis sjenerer andre, kan visast bort frå transportmiddelet eller stoppestaden. Reisande som utviser straffbar åtferd, kan bli meld til politiet i samsvar med straffelova.

Kapittel 4 Kva som kan takast med

§ 8 Kva dei reisande kan ta med

Dei reisande transporterer gjenstandar og dyr på eige ansvar, og desse skal ikkje vere til sjenanse eller fare for andre. I tvilstilfelle er det personalet som avgjer om det er plass og kva dei reisande kan ta med.

8a) Bagasje

Reisande kan ta med lett handterleg bagasje dersom det ikkje skjer til ulempe for andre, hindrar på- og avstiging eller utgjer ei sikkerheitsrisiko.

8b) Dyr

Dyr skal sikrast av eigaren i band eller bur, er ikkje tillate i seta og skal ikkje hindre fri passasje. Reisande har ikkje krav på å ha med dyr. Det er personalet som avgjer om dyr kan takast med, med unnatak for førar- og tenestehundar.

8c) Rullestolar, barnevogner, syklar og andre køyreinnretningar

Reisande kan ta med rullestol og barnevogn på Skyss sine transportmiddel. Personalet vil ved behov og så langt det er praktisk mogleg hjelpe til når reisande med rullestol skal på og av. Rullestol og barnevogn skal plasserast i samsvar med instruks på skilt eller frå personalet. Barnevogner og rullestolar skal sikrast med brems. Der det er tryggingsutstyr om bord, skal det nyttast.

Reisande kan ta med sykkel og andre køyreinnretningar av tilsvarande storleik, men dei skal trillast om bord og vere sikra under reisa. Sykkel eller annan køyreinnretting som er samanleggbar, blir rekna som handbagasje.

Sjå nærare beskriving i vedlegg 2.

8d) Kva dei reisande ikkje kan ta med

Personalet kan nekte å frakte gjenstandar dersom det er tvil om innhaldet, dersom dei meiner at dei inneber ein tryggleiksrisiko eller er til ulempe for andre. Brannfarlege og eksplosive stoff, ladde våpen, skarpe, illeluktande eller store gjenstandar eller anna som tydeleg kan vere til fare eller sjenanse for andre reisande, kan ikkje takast med.

§ 9 Frakt av gods

Gjenstandar som ikkje blir transportert saman med ein reisande, og/eller som er svært plasskrevjande, blir rekna som gods. Frakt av gods må avtalast særskilt med operatørselskapet for transportmiddelet.

§ 10 Hittegods

Attgløymde ting skal leverast til personalet. Skyss oppbevarer hittegods, unntatt mat og liknande, i tre månader. Dersom eigaren ikkje har meldt seg og bevist eigarretten sin etter tre månader, skal verdigjenstandar leverast til politiet. Andre gjenstandar blir kasta eller gitt bort. Mobiltelefonar, pc-ar og andre gjenstandar som kan innehalde sensitive personopplysningar, blir destruerte.

Kapittel 5 Ansvar og erstatning

§ 11 Ansvarsreglar for den reisande

Skade som den reisande påfører transportmiddelet eller innreiinga, skal erstattast etter vanlege erstatningsreglar.

§ 12 Skyss sitt ansvar ved tap eller skade

Ansvar for tap eller skade på person eller gjenstandar er regulert av bilansvarslova av 3. februar 1961 (reiser med buss), jernbaneansvarslova av 10. juni 1977 nr. 73 (reiser med bybane) og sjølova 24. juni 1994 nr. 39 (reiser med båt).

Den reisande må plassere gjenstandar og dyr i samsvar med § 8. Skyss og operatøren er ikkje ansvarleg for tap av eller skade på gjenstandar og dyr, med mindre det kan påvisast aktløyse frå personalet si side.

Ved transport med motorvogner er Skyss ansvarleg for skade eller tap av rullestol, anna rørsleutstyr (t.d. rullator) eller andre hjelpemidlar, når skaden er forårsaka av operatøren. Dette følgjer av yrkestransportloven § 32 a, jf. forskrift om busspassasjerrettigheter av 25.02.2016.

Krav om erstatning for tap av eller skade på person eller gjenstandar skal sendast til Skyss kundesenter innan rimeleg tid. Erstatningskravet må dokumenterast. Det er berre det direkte tapet som vert dekt. Kunden har plikt til å avgrense sitt tap.

§ 13 Skyss sitt ansvar ved driftsavvik

Skyss skal så langt det er mogleg informere dei reisande om driftsavvik som innstillingar, forseinkingar og anna som hindrar drifta. Den reisande kan krevje å få erstatta dokumenterte utgifter etter Skyss sin reisegaranti, jf. vedlegg 1.

Skyss sitt ansvar gjeld ikkje dersom driftsavviket er annonsert på førehand eller årsaka til driftsavviket ligg utanfor Skyss sin kontroll.

Ved feilbillettering kan reisande få refusjon dersom feilen ikkje ligg hos den reisande. Den reisande må sende inn kravet innan ein månad etter hendinga.

Kapittel 6 Klager

§ 14 Klager

Eventuelle klager på Skyss, operatøren, personalet eller avviklinga av ruta må rettast til Skyss. Dette gjeld òg klager på tilleggstakst og inndratt billett i samsvar med § 3. Klagen må sendast skriftleg via kontaktskjema på skyss.no eller per post til adressa Skyss, Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.

§ 15 Anke til transportklagenemnda

Dersom dei reisande er misnøgd med svaret på klagen, kan dei anke avgjerda til transportklagenemnda.

Fristen for å anke til transportklagenemnda er eitt år frå klagen vart sendt inn. Transportklagenemnda kan ikkje treffe rettskraftig dom i saka, men vil komme med ein rådgivande uttale.

Les meir om anke til transportklagenemnda her.

Vedlegg 1

Reisegaranti

Reisegarantien gjeld for buss, bybane og hurtigbåt, og forpliktar oss til å gjere vårt beste for at dei reisande skal komme fram i rett tid. Dersom Skyss ikkje kan tilby alternativ transport og/eller dersom den reisande blir meir enn 20 minutt for sein, vil Skyss refundere dokumenterte utlegg innanfor gjeldande reglar og satsar, sjå detaljar her.

For å gjere eit krav gjeldande, må den reisande levere eit reisegarantiskjema eller ein skriftleg førespurnad seinast ein månad etter hendinga.

Skyss vil gi tilbakemelding om klagen vert tatt til følge, avvist eller er under vurdering, innan ein månad etter at vi har mottatt førespurnaden. Vi vil sende endeleg svar seinast innan tre månader.

Vedlegg 2

Reglar for rullestolar, barnevogner, syklar og andre køyreinnrettingar

Det er avgrensa plass om bord til rullestolar* og barnevogner. Transportmidla varierer i utforming og storleik, og Skyss kan ikkje garantere plass til barnevogner, rullestolar og syklar. Det kan til dømes vere vanskeleg å få plass til to rullestolar på same buss.

Plassen om bord er berekna for rullestolar og barnevogner som ikkje overstig maksimumsmåla 80 x 120 cm, og totalvekt over 300 kg. Det er personalet som avgjer om det er plass.

Sykkelen** kan vere maks 1750 mm lang og 700 mm brei. Det er same regler for elsyklar, elsparkesyklar og andre køyreinnrettingar.

*Ein rullestol er ei manuell eller elektrisk innretning med minst tre hjul eller belte som er spesielt utforma for personar med nedsett mobilitet.

**Ein sykkel/sparkesykkel er eit tohjula manuelt køyretøy med eller utan elektrisk hjelpemotor.

Gjeldande reglement for prisar og rabattordningar fastset kva den reisande må betale for. 

Vedlegg 3

Reglar for bestillingstransport

Bestillingstransport er eit tilbod der reisande kan bestille reise på førehand og som er lokalt tilpassa. Sjå skyss.no for detaljerte reglar for bestilling.