Hopp til hovedinnald

Skoleskyssordninga gir eleven rett til: 

  • Rett til fri skoleskyss mellom heim og skole til faste start- og sluttider, på ordinære skoledagar (ikkje laurdag, søndag eller skoleferiar).
  • Skoleskyss dekker ikkje skyss til og frå fritidsaktivitetar og liknande.

Desse kan få innvilga skoleskyss:

  • 1. klassingar som bur minst 2 km frå skolen
  • 2-10 klassingar som bur minst 4 km frå skolen
  • Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde eller er for gammal til å kjøpe ungdomsbillett, og har meir enn 6 km til skolen
  • Elevar som har for kort avstand, men der skulevegen blir definert som særleg farleg (søknad sendast til kommunen)
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skole og heim uavhengig av reiselengde

Om du meiner du har rett på gratis skoleskyss må du kontakte skolen, som søkjer om skoleskyss på vegne av elevane.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skolereisekort for buss kan søkje sjølv her.

Ikkje krav på skoleskyss?
Sjå korleis du kan kjøpe vanleg billett, i Hordaland  eller Sogn og Fjordane.