Hopp til hovedinnald

Elevar som er under 13 år får skoleskyssbilletten på eit personleg skolekort. Elevar som er over 13 år (i ungdomsskole eller videregåande) skole kan velje om dei vil ha skoleskyssbilletten på eit skolekort eller i den nye appen Skyss.

Elevar med rett på skoleskyss får ein skoleskyssbillett som kan brukast to gongar kvar dag: Éi reise frå heim til skole, og éi reise frå skole til heim. Billetten er aktiv frå 05.30 til 19.00 for grunnskolen, og til 22.00 for elevar i vidaregåande skole. Skal du reise andre stader må du kjøpe eigen billett til dette.

Skoleskyssbillett på skolekort

Elevane kan reise gratis til skolen første skoledag, kor dei då vil få utlevert skolekort på skolen. 

Dei nye skolekorta er like for heile Vestland og dei er personlege. Frå den dagen eleven får sitt nye personlege skolekort, ligg eleven sin skoleskyssbillett i skyen og er knytt til kortnummeret på kortet.  

Kortet viser følgjande:

  • Namn til elev
  • Elev-ID
  • Informasjon om gyldig reisestrekning (ligg i skyen, synleg for vektar i billettkontroll)
  • Informasjon om eleven sin reiserett
  • Kortnummer

Slik vil kortet sjå ut

Bilde av skolekort

Kva skjer med dei gamle skolekorta?
Dei gamle skolekorta vil ikkje lenger vere gyldige og skal leverast til skolen for makulering.

Skoleskyssbillett på mobil

Elevar som er over 13 år kan velge å ha skoleskyssbilletten i den nye appen Skyss.

 Last ned appen for Iphone i App StoreLast ned appen for Android i Google Play 

Kva må du som elev på ungdomsskolen gjere for å bruke skoleskyssbillett på mobil?

Meld frå til skolen om at du ønskjer skoleskyssbillett på mobil og oppgje telefonnummeret ditt.

  • Sørg for å ha lasta ned den nye appen Skyss på telefonen din, og ha oppretta profil.
  • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir til skolen.
  • Når skolen har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknad om skoleskyss er godkjent, vil du få ein SMS med ei lenke og ei hentekode. Du kan bruke anten lenka eller koden for å få billetten opp under “mine billetter” i appen.
  • Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.


Kva må du som elev i vidaregåande skole gjere for å ta i bruk skoleskyssbillett på mobil?

Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søkje om skoleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på skuleskyss.vlfk.no  og logge inn som ELEV.

Skolen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.

Elevar kan sjølv sjekke om dei bur innanfor / utanfor ungdomsbillettområdet her: skuleskyss.vlfk.no/kart

  • Kryss av for at du ønsker å få billetten på mobil i søknaden om skoleskyss og oppgi telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt.
  • Sørg for å ha lasta ned den nye appen Skyss på telefonen din og ha oppretta profil.
  • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir i søknaden.
  • Når søknad om skoleskyss er godkjent, vil du få ein SMS med ei lenke og ein hentekode. Du kan bruke anten lenka eller koden for å få billetten opp under «mine billetter» i appen.
  • Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.

Har du allereie søkt skoleskyss, men ønsker billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og velje å få skoleskyssbilletten på mobil.

Kva må skolen gjere for å tilby elevane skoleskyssbillett på mobil?

Brukarrettleiing til grunnskole

Brukarrettleiing til vidaregåande skole

 Korleis vil det sjå ut på eleven sin telefon?

 

 

Kva gjer eg ved billettkontroll?

Dersom du har skoleskyssbillett på skolekort, vil kontrollør sjekke skolekortet og sjå at skoleskyssbillett som er tilknytta kortet er gyldig. Dersom du har skoleskyssbillett på mobil, vil kontrollør sjekke denne i den nye appen Skyss på telefonen din.