Hopp til hovedinnald

 

Sonene gjeld når du skal reise med

  • Skyss sine bussar i Vestland
    • Merk: På flybussane i Førde og Sogndal gjeld eigne prisar og reglar. (lenke)
  • bybanen i Bergen 
  • båtruta Kleppestø–Bergen (sone A)
  • båtruta Knarvik–Frekhaug–Bergen (sone A)
  • båtruta Florø–Askrova–Stavang–Svanøy (sone H)
  • båtruta Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (sone H) 
  • tog mellom Bergen og Voss.

På dei fleste båtrutene i Vestland blir billettprisen bestemt av avstanden mellom kaiene. Du finn informasjon om prisar og rabattar på båt her.

Prissonene er geografiske område som blir brukte til å bestemme prisen på reisa di. Når du kjøper billett betaler du for antalet soner du reiser i, uavhengig av kor langt du reiser i kvar sone. 

Nyttig å vite:

  • Enkeltbillettar for éi sone er gyldige i 90 minutt. Varigheita aukar med 30 minutt ekstra for kvar sone du betaler for.
  • 24-timarsbilletten er gyldig i eitt døgn, i den eller dei sonene du kjøper billett for.
  • Periodebillettar er gyldige for eit uavgrensa antal reiser i den eller dei sonene du kjøper billett for. Du kan kjøpe periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar.
  • Alle billettypane er gyldige for reiser med buss, bybane, båt og tog innanfor den eller dei sonene du har kjøpt billett for.
  • Du betalar aldri for meir enn fire soner, uansett kor mange soner du reiser gjennom.

Tips: Har du periodebillett for éi sone, men treng å reise inn i ei anna, kan du kjøpe enkeltbillett for den sona du ikkje allereie har billett for.

Sonene i Vestland er delt inn med bokstavnamn frå A til J.

  • Sone A: Gjeld kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune.
  • Sone B: Områda rundt Bjørnafjorden.
  • Sone C: Sunnhordland.
  • Sone D: Odda, Eidfjord og Rosendal.
  • Sone E: Voss, Granvin og Ulvik.
  • Sone F: Samnanger, Kvam, Vaksdal og Modalen.
  • Sone G: Masfjorden, Gulen og sørsida av Høyanger kommune.
  • Sone H: Sunnfjord, Solund, Hyllestad, Høyanger (norsida), Fjaler, Askvoll, sørleg del av Kinn.
  • Sone I: Stad, Bremanger, nordleg del av Kinn, Gloppen og Stryn.
  • Sone J: Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster.

Sjå detaljert kart over sonene her

Finn ut kva sone du skal reise i

Finn sone i appen: I appen Skyss Billett kan du søke opp haldeplassane du skal reise frå og til, og sjå kva soner dei ligg i.

Finn sone i kartet: I dette kartet finn du haldeplassane dine og detaljert oversikt over sonene.

Sjå kart for detaljerte grenser mellom sonene 

Merk:  På dei fleste båtrutene i Vestland blir billettprisen bestemt av avstanden mellom kaiene. Du finn informasjon om prisar og rabattar på båt her.