Hopp til hovedinnald

Du kan bruke appen Skyss Billett når du skal reise med Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen, alle båtar i Hordaland, båtar i Sogn og Fjordane som er inkludert i sonesystemet og lokaltog mellom Bergen og Voss,

Last ned Skyss Billett-appen:

Last ned Ruter-appen for iPhone i App Store. Knapp   Last ned Ruter-appen for Android på Google Play. Knapp
 

Slik kjøper du billett i appen

Kjøp billett før du går om bord
Du må kjøpe billett i Skyss Billett-appen før du går om bord. Det er ei forseinking på 2 minutt ved kjøp av billettar i appen. Det vil seie at det vil gå 2 minutt frå du kjøper ein billett i appen, til billetten er aktiv. Du kan likevel gå om bord når billetten er kjøpt og teksten «Aktiv om 2:00 – Påstigning tillatt» viser og nedtellinga har starta.

Betalingsmåtar
Ved kjøp av billettar i appen kan du betale på følgande måtar

  • Mobilkonto 
  • Bankkort (VISA/Mastercard/Amex)
  • Vipps
  • Telefonrekning (gjeld ikkje for periodebillettar)

Du kan velje kva for standard betalingsmåte du vil ha, ved å gå til

  • Innstillingar
  • Forvalgt betalingsmåte

Mobilkonto
Mobilkonto er eit betalingsmiddel i billett-appen. Innskot på mobilkonto er minimum kr 200 og maksimum verdi er kr 5.000. For å kunne betale med mobilkonto, må saldo vere minimum tilsvarande kjøpesummen. Påfylling av mobilkonto kan gjerast på følgande måte

  • VISA eller Mastercard
  • Overføring frå nettbank. Send KID til 2412 for meir informasjon.

Skal du avslutte mobilkontoen, og ønsker resterande beløp refundert, kan du fylle ut skjema som ligg her.  Vi gjer merksam på at beløp under 50 kroner ikkje blir refundert. 

Ta kontakt med kundesenteret om du treng hjelp

Heile familien kan kjøpe billettar frå same mobilkonto
Det er mogeleg å knytte fleire brukarar til ein mobilkonto. Denne funksjonaliteten er utvikla spesielt med tanke på familiar. Tilknytte brukarar, til dømes barn, kan betale reisene sine ved å belaste hovudbrukaren, til dømes mor/far, sin mobilkonto. 

Bankkort
Du kan betale i appen med VISA eller Mastercard. Legg gjerne inn eit bankkort i appen med ein gong. Du kan betale billettar direkte med bankkortet, eller nytte bankkort til å fylle på mobilkonto.

Alle transaksjonar som involverer bruk av bankkort (VISA/Mastercard) blir behandla av Nets. Nets leverer betalings-, kort- og informasjonsløysingar i dei nordiske landa og tilbyr ei sikker elektronisk betalingsløysing. Nets sørgjer for at all kortinformasjon blir oppbevart sikkert og i samsvar med kortselskapa sine regelverk. Ingen opplysningar om betalingskortet blir lagra i applikasjonen eller hos Skyss.

Telefonrekning
Ved betaling via telefonrekning får du ein SMS med stadfesting på gjennomført betaling. Maks SMS-belasting er 200 kroner. Deretter blir billetten tilgjengeleg i appen. Det kan ta litt tid å få stadfesta betaling frå teleoperatøren, og billetten vert først tilgjengeleg i appen etter stadfesting.

NB: Det er ikkje alle teleoperatørar og abonnementsavtalar som støttar betaling via telefonrekning (gjeld t.d. Telenor Kontant og TDC).

Vipps
Har du valt Vipps som standard betalingsmåte, vil Vipps-appen opne seg når du skal betale. Du blir bedt om å logge på Vipps på vanleg måte. Skyss Billett-appen vil be om tilgang til Vipps, dette må du svare ja på.

Dette må du vite når du reiser med Skyss billett-app

Du er sjølv ansvarleg for å ha gyldig reisebevis. For deg som brukar Skyss Billett-app betyr dette følgande:

  • Du må ha kjøpt billett i appen før du går om bord.
  • Du må ha tilstrekkeleg batterikapasitet og internettilgang på telefonen så lenge reisa varer, slik at du kan vise fram gyldig billett ved kontroll.
  • Dersom du har kjøpt billett til andre med mobilen din, er det du som disponerer billettane. Din mobil må difor vere tilgjengeleg for reisefølgjet ditt ved kontroll, dette gjeld under heile reisa.

Ombordstiging
Du treng ikkje vise billett frå Skyss Billett-appen når du går om bord på transportmiddel i Hordaland, og kan difor nytte alle inngangar. Sjåfør, mannskap og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. Når du brukar Skyss Billett-appen i Sogn og Fjordane, viser du billetten frå appen til sjåføren/mannskapet når du går om bord.

Overgang
Enkeltbillett kjøpt med Skyss Billett-appen kan brukast til overgang innanfor dei sonene det er betalt for. Overgangstida for ei sone er 90 minutt frå kjøpstidspunktet.

Mobilnett
Bruk av Skyss Billett-appen krev bruk av mobildatanettverk (GPRS/Edge/3G/4G/5G). Manglande dekning vil føre til at du ikkje kan kjøpe billett i appen, og du kan heller ikkje vise fram gyldig billett ved kontroll. I slike tilfelle må du kjøpe billett på andre måtar.

Låne vekk billett
For å låne vekk billettar kjøpt i Skyss Billett-appen, må du fysisk låne vekk mobiltelefonen din.

Flytting av periodebillettar mellom telefonar
Dersom du har fått ny mobil eller av andre årsaker har installert billett-appen på nytt, kan du overføre dei gyldige billettane dine til den nye telefonen/appen. Dette gjeld 7-, 30- og 180-dagarsbillett og 30-dagars ungdomsbillett.

Du kan overføre billettar opp til tre gonger. Det gjer du ved å logge deg på appen på den nye telefonen med det gamle brukarnamnet og passordet ditt. 

Parkeringsbevis
Dersom du har 7-, 30 eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) i Skyss Billett-appen, kan du også ha parkeringsbevis i appen. 

Språk

Du kan velje mellom nynorsk, bokmål og engelsk som språk på appen Skyss Billett og Skyss Reise. Appen følger same språk som det du har valt som standard på din mobil. Om du har valt nynorsk som standard språk, vil Skyss appane vere på nynorsk.

Få oversikt over billettane dine

Ved å logge inn på Mobilbilett kan du enkelt få oversikt over alle billettane du har kjøpt i Skyss Billett-appen. Du kan også fylle på mobilkontoen din.

Logg inn mobilbillett