Hopp til hovedinnald

Reiserabatten er ei ny rabattordning som gir deg ein personleg rabatt basert på kor ofte du reiser. Den er perfekt for deg som reiser mindre enn sju enkeltreiser i veka eller ikkje veit heilt kor mykje du skal reise framover. Reiserabatten gjeld frå 1. februar 2024. 

Slik fungerer rabatten 

Kor mykje rabatt du får, kjem an på kor ofte du reiser. Med reiserabatt vil du opparbeide deg ein personleg rabatt basert på kor mange enkeltbillettar du har kjøpt dei siste 30 dagane. Jo oftare du reiser, jo billigare blir det. 

  • Kjøp ein enkeltbillett for «vaksen» for buss/bybane og enkelte båter i Skyss Billett-appen som vanleg.
  • Rabatten startar frå billettkjøp nummer to og vil gradvis auke jo fleire billettar du kjøper i løpet av 30 dagar. 
  • Dei første 30 dagane vil kvar reise ta deg eitt steg høgare på rabattstigen. Maks rabatt er 40 prosent, som betyr at prisen på enkeltbilletten blir 26,40 kroner. 
  • Etter dei første 30 dagane vil rabatten din flate ut. Den vil fortsette å ligge på same nivå dersom du har eit fast reisemønster. Rabatten blir alltid rekna ut frå den dagen du skal kjøpe billett og 30 dagar tilbake i tid.
  • Dersom du reiser meir enn vanleg, vil rabatten din gå opp. Om du reiser mindre enn vanleg, vil rabatten din gå ned. Rabatten går berre ned til null dersom du ikkje har kjøpt nokon enkeltbillettar i løpet av dei siste 30 dagane. 
  • I appen Skyss Billett finn du di personlege side, Min reiserabatt. Den held også teljinga på billettkjøpa dine, reknar ut prisen på den neste billetten din og kor mykje du har spart totalt.
     

Her er tre eksempel på kor mykje reiserabatt du kan oppnå, dersom du har eit fast reisemønster med reiser i ei sone:

Reiser per veke Rabatt Billettpris
1 dag (2 reiser) 17 % 36,52 kroner
2 dagar (4 reiser) 26 % 32,56 kroner
3 dagar (6 reiser) 35 % 28,60 kroner

 

Prisar for vaksen med reiserabatt i kroner
Billettkjøp Rabatt 1 sone 2 soner 3 soner  4-7 soner
1 0,00 % 44,00 67,00 116,00 164,00
2 2,50 % 42,90 65,33 113,10 159,90
3 5,00 % 41,80 63,65 110,20 155,80
4 7,00 % 40,92 62,31 107,88 152,52
5 9,00 % 40,04 60,97 105,56 149,24
6 11,00 % 39,16 59,63 103,24 145,96
7 13,00 % 38,28 58,29 100,92 142,68
8 15,00 % 37,40 56,95 98,60 139,40
9 17,00 % 36,52 55,61 96,28 136,12
10 19,00 % 35,64 54,27 93,96 132,84
11 20,00 % 35,20 53,60 92,80 131,20
12 21,00 % 34,76 52,93 91,64 129,56
13 22,00 % 34,32 52,26 90,48 127,92
14 23,00 % 33,88 51,59 89,32 126,28
15 24,00 % 33,44 50,92 88,16 124,64
16 25,00 % 33,00 50,25 87,00 123,00
17 26,00 % 32,56 49,58 85,84 121,36
18 27,00 % 32,12 48,91 84,68 119,72
19 28,00 % 31,68 48,24 83,52 118,08
20 29,00 % 31,24 47,57 82,36 116,44
21 30,00 % 30,80 46,90 81,20 114,80
22 31,00 % 30,36 46,23 80,04 113,16
23 32,00 % 29,92 45,56 78,88 111,52
24 33,00 % 29,48 44,89 77,72 109,88
25 34,00 % 29,04 44,22 76,56 108,24
26 35,00 % 28,60 43,55 75,40 106,60
27 36,00 % 28,16 42,88 74,24 104,96
28 37,00 % 27,72 42,21 73,08 103,32
29 38,00 % 27,28 41,54 71,92 101,68
30 39,00 % 26,84 40,87 70,76 100,04
31 40,00 % 26,40 40,20 69,60 98,40
32 40,00 % 26,40 40,20 69,60 98,40

Ved kjøp av 31 billettar, har du oppnådd maksimal rabatt. Kjøper du meir enn 31 billettar, blir prisen 26,40 for kvar billett etter dette. 

Tips: Vi gjer merksam på at om du planlegg å kjøpe 22 billettar eller meir i ein 30-dagarsperiode, vil det lønne seg å kjøpe 30-dagars periodebillett. 

Merk: Reiser du i gjennomsnitt meir enn 5-6 enkeltreiser per veke, vil det som oftast lønne seg med 30- eller 180-dagars periodebillett. 

Skjembilder av reiserabatt i SKyss Billett-appen.
Slik ser det ut i Skyss Reise-appen. Når kjem i grøn farge, får du reiserabatt, og du kan sjå kor mykje rabatten er no. Sjå heilt nede på denne sida for video av når ein kjøper ein billett med reiserabatt. Har du ikkje automatisk oppdatering av appen, må du oppdatere den.

Spørsmål og svar om reiserabatten

 

Reiserabatt er ein ny rabatt frå Skyss som blir innført 1. februar 2024. Når du kjøper enkeltbillettar for vaksen i appen Skyss Billett, får du rabatt frå billett nummer to viss du kjøper fleire billettar innanfor ein periode på 30 dagar. Jo fleire billettar du kjøper innanfor denne perioden, jo større blir rabatten på neste billett. Maksimal rabatt på 40 prosent får du ved kjøp av billett nummer 31 i løpet av 30 dagar. Den personlege rabatten din vil du alltid finne i appen Skyss Billett under Min reiserabatt.

Frå 1. februar 2024 vil rabatten bli tilgjengeleg i appen Skyss Billett, og du opparbeider deg rabatt på reiser du gjennomfører etter dette. Sjølv om du har reist med enkeltbillettar før 1. februar vil ikkje dei telle med. 

Hugs å oppdatere appen
Dersom du ikkje har skrudd på automatisk oppdatering må du manuelt oppdatere appen Skyss Billett. Dette gjer du ved å finne Skyss Billett-appen i App Store (iPhone) eller Google Play Store (Android).

Ingenting. Når du kjøper ein enkeltbillett for vaksen i Skyss Billett-appen får du automatisk rabatt. Din første billett vil ha fullpris. Ved kjøp nummer to innanfor 30 dagar, får du fram ein ny pris som har fargen grøn, som er den prisen du skal betala med rabatten. 

Men kanskje må du oppdatere appen
Dersom du ikkje har skrudd på automatisk oppdatering må du manuelt oppdatere appen Skyss Billett. Dette gjer du ved å finne Skyss Billett-appen i App Store (iPhone) eller Google Play Store (Android).

Dei som kjøper «vaksen» enkeltbillett i Skyss Billett-appen, og som reiser meir enn ein gong i løpet av ein periode på 30 dagar. Det gjeld Skyss sine  bussar, bybane og båtar som har soneprisar.

Reiserabatten gjeld for alle soner, og kjem automatisk for alle som kjøper vaksenbillett i appen. Du treng difor ikkje gjere noko spesielt for å ta den i bruk.   

 

Rabatten blir rekna løpande ut frå kor mange reiser du har gjennomført dei siste 30 dagane. Rabatten startar på billett nummer to og er då på 2,5 prosent. Deretter aukar rabatten etter kvart som du kjøper fleire billettar. Den aukar mest for dei 10 første billettane.

På billett nummer 11 får du 20 % rabatt, 
På billett nummer 21 får du 30 % rabatt.

Maksimal rabatt kan du få ved kjøp nummer 31, då blir rabatten 40 prosent og billettprisen 26,40 kroner for éi sone. Kjøpar du fleire billettar enn 31 i løpet av 30 dagar, vil alle billettane etter det koste 26,40 kroner.
Reiser du sjeldnare igjen, vil rabatten gå ned i same frekvens som den auka.

Din personlege rabatterte pris vil alltid bli vist i appen Skyss Billett når du skal kjøpe din neste billett. Du kan ikkje samle opp rabatten og bruka han til andre billettar eller spare til seinare.

Rabatten gjeld ikkje for andre billettypar enn enkeltbillett for «vaksen» i appen. Barn, honnør og student har andre rabattar allereie. Rabatten gjeld heller ikkje om du kjøper billett  på billettautomat, i nettbutikk eller om bord. Rabatten gjeld heller ikkje på båtane som ikkje har soneprisar. Les meir om båtprisar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Når du har kjøpt billett i Skyss Billett-appen, får du opp teksten «Spar meir på neste billett» som tek deg vidare til sida «Min reiserabatt». 
Du finn også denne sida i menystrukturen i appen under «Min reiserabatt».
Her ser du korleis du ligg an i talet på billettar, kva rabatt du får på neste billett, og kor mykje du har spart sidan du starta med reiserabatt.

På denne sida er det også ei lenke til meir informasjon på skyss.no.

Sidan reiserabatten stig om du reiser meir, og minkar om du reiser mindre, blir det individuelt kva som lønner seg for deg. På «Min reiserabatt» i appen Skyss Billett kan du følge med på kor mykje du har betalt og kor mykje det ville kosta uten reiserabatten dei siste 30 dagar. Då kan du samanlikne det du har betalt med ein periodebillett. 
Dei første 30 dagane du reiser med enkeltbillett, vil du opparbeide deg meir og meir rabatt. Viss du har eit fast reisemønster, vil du då sjå kva rabattnivå du vil ligge på med det talet på reiser du har i gjennomsnitt i løpet av 30 dagar. 

NB: Dei første 30 dagane du reiser med reiserabatten vil koste meir enn dei neste 30 dagane med like mange reiser. Det er fordi dei første 30 dagane opparbeider du deg rabatt. Billettane etter dette vil gi deg den opparbeidde rabatten for din neste billett. 


Døme 1: 
Du reiser 22 reiser i løpet av ein 30 dagars periode, då vil billettane koste deg 790 kroner. Dette er litt meir enn ein 30-dagars periodebillett. Men held du fram med det same reisemønsteret og kjøper i gjennomsnitt 22 enkeltbillettar kvar månad, vil det koste deg 669 kroner per månad, og det vil ikkje lønne seg å kjøpe 30-dagars periodebillett for deg. 

Døme 2: 
Reiser du i gjennomsnitt 28 enkeltreiser i løpet av 30 dagar, vil det lønne seg med 30-dagars periodebillett.

Du vil alltid få den billigaste prisen. Viss du kjøper 10 billettar før du har oppnådd 17 prosent reiserabatt i appen, vil du få grupperabatten på 17 prosent. Dersom du for eksempel har oppnådd 26 prosent rabatt i appen før du kjøper dei 10 billettane, vil du få reiserabatt på 26 prosent på alle dei 10 billettane.

Nei, reiserabatten rabatten har ingen samanheng med periodebillettar. Periodebillett er ein annan type rabatt som fungerer som før, med ein fast pris for 7, 30 eller 180 dagar. 

Nei, det er ikkje nødvendigvis slik at det alltid blir billigare. Det kjem an på av kor regelmessig du har reist dei siste 30 dagane. Det er alltid talet på reiser dei siste 30 dagane som avgjer kva rabatt du får. 

Døme:
Frå 1.-30. mars har du reist 20 gonger, det gir ein pris på neste billett på 31,20 kroner. 
Deretter har du ferie ei veke, og skal reise igjen den 6. april. Då har talet på reiser minka dei siste 30 dagane. Du har då reist 15 gonger frå 7. mars- 6. april. Du får då ein billettpris på 33,40 kroner, men prisen vil gå ned om du reiser oftarere igjen.

Ja, dersom billettane er enkeltbillett for vaksne, får du rabatt på alle billettane. Du får då same pris på alle billettane etter kva rabatt du har akkurat no. På sida «Min reiserabatt» kan du sjå at talet på billettar har auka tilsvarande det talet du kjøpte, og du gjer eit hopp på rabattstigen. 

Ja, familierabatten gjeld akkurat som før. Reiser du med inntil fire barn og får familierabatt, vil du få han i tillegg til reiserabatten.

Video av korleis det ser ut i appen

Her er ein video som viser korleis det ser ut i appen Skyss Billett når du får reiserabatt. Eksempelet viser kjøp av billett med 26 prosent rabatt og på slutten ser du kva informasjon du kan sjå på sida «Min reiserabatt».