Billettkontroll
Her kan du lese om billettkontroll og klage på eller utsette gebyr.
For å reise kollektivt må du ha billett. At nokre reisande ikkje kjøper billett, påfører fellesskapet eit tap på fleire titals millionar kvart år. Dette er pengar som kunne vore brukt til eit betre kollektivtilbod. Eit vektarselskap utfører billettkontrollar for Skyss for å sikre at alle har gyldig billett.
Dersom du ønsker å klage på eller utsette et gebyr, fyll ut skjemaet under. Men husk å lese informasjonen om billettkontroll først.
Informasjon om billettkontroll
Visste du at:
- Dersom du ikkje har billett, får du eit gebyr på kr 1150,- (kr 950,- ved betaling på staden).
- Reiser du med billett til rabattert pris, må du kunne vise gyldig dokumentasjon på at du har rett på rabatten.
- Det er straffbart å forfalske billettar. Forfalsking av billettar medfører gebyr på kr 1500,-.
Billettkontroll skal i størst mogleg grad bidra til å auke talet på passasjerar som betaler, førebygge feilsal, rettleie og generelt bidra til ei trygg reise.
Slik kjøper du billett til reiser med buss, bybane, båt og tog
Hugs gyldig dokumentasjon
Alle som reiser med billett til rabattert pris, må i ein billettkontroll kunne vise gyldig dokumentasjon på at dei har rett på rabatten. For eksempel må studentar kunne vise gyldig studentbevis for å kjøpe studentbillett.
Kva skjer om du gløymer dokumentasjon?
Vi skjønner at det er fort gjort å gløyme legitimasjon, studentbevis, honnørbevis eller annan dokumentasjon.
- Åtvaring: Første gong du blir stoppa i ein billettkontroll utan dokumentasjon får du ei åtvaring istadenfor gebyr. Åtvaringa blir registrert.
- Gebyr: Dersom du blir stoppa utan dokumentasjon fleire gonger, får du gebyr. Sidan du allereie har fått ei åtvaring, blir ikkje gebyret sletta sjølv om du viser gyldig dokumentasjon i etterkant.
Tips: Sjekk om du kan ha legitimasjon eller dokumentasjon digitalt på mobilen. Då har du det lett tilgjengeleg når du reiser.
Dette gjeld som gyldig dokumentasjon
Barn
Dersom det er tvil om alderen, kan billettkontrolløren (eige personale/førarar) krevje å få sjå gyldig legitimasjon med bilde som viser kor gamalt barnet er.
Honnør
For reisande som har fylt 67 år, er legitimasjon med bilde som viser alderen, rekna som gyldig dokumentasjon.
Honnørbillett for reisande under 67 år er gyldig ved framvising av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:
- Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og legitimasjon med bilde.
- Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) frå Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde og legitimasjon med bilde.
Det er Nav som utferdar honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.
Student
Når du kjøper studentbillett må du kunne dokumentere at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato, studiestad og at det gjeld dette semesteret. Følgande bevis er gyldige:
- studiekort/studentbevis på mobilen som stadfestar at du er student dette semesteret
- dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med bilde
Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort. (ANSA-kort blir ikkje godteke.) Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå studiestaden.
Gyldig dokumentasjon for lærlingar/lærekandidatar:
- personleg ID-kort frå bedrifta merka med «lærling» eller «lærekandidat»
- kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format)
- stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, med perioden for lærekontrakten, namn og fødselsdato
Studiebeviset for vårsemesteret gjeld til og med august, og studiebeviset for haustsemesteret gjeld ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for bruk av periodebillett med studentrabatt 31. august og 31. januar.
Militær
Når du kjøper militærbillett må du kunne vise ein av dei følgande:
- innkallingsbrev (gyldig berre på reise til oppmøte til førstegongsteneste og ny tilføring og repetisjonsøvingar i Heimevernet)
- studentbevis for krigsskulen
- Forsvarets blå identitetskort
Klager
Meiner du at du urettmessig har fått gebyr, kan du sende ei melding til oss ved å bruke kontaktskjemaet under. Hugs å ta med detaljar om dato for billettkontroll og nummeret som står på gebyret du har fått. Du må sende skriftleg klage innan tre veker frå gebyret er motteke.
For meir informasjon, sjå: