Hopp til hovedinnald

Slik fungerer det

Når kan du parkere gratis

Parkeringsordninga gjeld måndag til fredag frå kl. 06.00 – 18.00, utanom helge- og heilagdagar. Mellom kl. 18.00 - 06.00 er parkeringsplassane opne for alle.

Merk: På Knarvik kai, Storavatnet og Birkelandsskiftet gjeld eigne reglar, sjå informasjon lenger nede.

Her finn du parkeringane

Reglar for parkering

Maksimal samanhengande parkeringstid er 20 timar, og det er ingen plassgaranti. Dette gjeld parkering både med og utan parkeringsbevis.

Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis tilknytt bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis, eller bilen står parkert i meir enn 20 timar, kan du bli ilagt gebyr etter satsar oppgitt i Parkeringsforskrifta. I særskilte situasjonar kan køyretøyet ditt også bli fjerna.

Kven kan få parkeringsbevis

For å kunne parkere gratis må du ha ein gyldig periodebillett (7-, 30 eller 180-dagar) for vaksen, honnør, student eller militær innanfor eller til/frå sone A i appen Skyss eller appen Skyss Billett. I tillegg til gyldig billett må du ha registrert bilen slik at du har parkeringsbevis i appen.

Registrer bilen og få parkeringsbevis i appen Skyss

  • Gå til Profil → Parkering → Legg til Køyretøy. Her legg du inn registreringsnummeret.  
  • Registrer opptil to registeringsnummer. OBS! Berre ein bil kan stå parkert om gongen.  

Parkeringsbeviset blir automatisk aktivert ved fornying av periodebillett og varer til kl. 18.00 den dagen periodebilletten går ut.   

I appen Skyss Billett går du til Meny  → Parkering → og legg til køyretøy.

Parkeringsbevis for deg med Skysskort
Dersom du har periodebillett på Skysskort, kan du få utdelt parkeringsbevis på kundesenteret vårt. Parkeringsbevis er ikkje tilgjengeleg i nettbutikken. 

Her finn du parkering

Du finn bilparkering for kollektivreisande med parkeringsbevis på følgande stader:  

Birkelandsskiftet har om lag  280 parkeringsplassar. 
Det er 12 ladeplassar for elbil på parkeringsplassen.

Reglar for parkering

Parkering med Skyss periodebillett: Du kan parkere gratis mellom klokka 06.00 og 18.00 måndag til fredag. 

Parkering utan Skyss periodebillett: Du kan du parkere mot avgift (ved bruk av betalingsautomat eller ved skiltgjenkjenning via Apcoa Flow-appen eller Apcoa web). Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis knytt til bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis, kan du bli ilagd gebyr etter satsar oppgjevne i parkeringsforskrifta. I særskilde situasjonar kan køyretøyet ditt òg bli fjerna.

Her finn du parkeringa:
Birkelandsskiftet

 

På Kleppestø kai kan ein parkere mot avgift. Har du periodekort frå Skyss, får du reduksjon i prisen. 

Sjå informasjon på Askøy kommune sine nettsider.

På Knarvik kai er det 147 parkeringsplassar, der 6 av desse er HC-plassar. Heilt nede på kaia er det seks plassar for korte stopp når du skal sleppe av eller hente reisande.

Det er ingen plassgaranti på buss og båt. 

Reglar for parkering

Parkering med Skyss periodebillett: Du kan parkere gratis mellom klokka 05.00 og 18.00 måndag til fredag. 

Parkering utan Skyss periodebillett: Du kan du parkere mot avgift (ved bruk av betalingsautomat eller ved skiltgjenkjenning via Apcoa Flow-appen eller Apcoa web). Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis knytt til bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis, kan du bli ilagd gebyr etter satsar oppgjevne i parkeringsforskrifta. I særskilde situasjonar kan køyretøyet ditt òg bli fjerna.

Her finn du parkeringa:
Knarvik kai

 

Nesttun har om lag 180 parkeringsplassar. Parkeringa ved Skjoldsskiftet har om lag 59 plassar. 

Her finn du parkeringa:
Nesttun

Det er om lag 88 parkeringsplassar fordelt på ulike stader på Skjold.  Parkeringa på Skjold (nær Skjold kirke) har ca. 29 plassar og Skjoldsskiftet har ca. 59 plassar. 

Her finn du parkeringane:

Skogsskiftet har om lag 54 parkeringsplassar.

Her finn du parkeringa:
Skogsskiftet

Steinsvikvegen i nærheten av Lagunen har om lag 150 parkeringsplassar. 

Her finn du parkeringa:
Lagunen

Storavatnet har om lag 130 plassar.

Reglar for parkering

Parkering med Skyss periodebillett: Du kan parkere gratis mellom klokka 06.00 og 18.00 måndag til fredag. 

Parkering utan Skyss periodebillett: Du kan du parkere mot avgift ved bruk av betalingsautomat. Merk at betalingsautomat er flyttet til ny  lokasjon ved bussterminal. Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis knytt til bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis, kan du bli ilagd gebyr etter satsar oppgjevne i parkeringsforskrifta. I særskilde situasjonar kan køyretøyet ditt òg bli fjerna.

Her finn du parkeringane:StoravatnetStoravatnet inntil vidare



Ved Straume terminal er det omlag 140 parkeringsplasser.

Her finn du parkeringa:
Straume

Bildet viser plassering av Straume terminal.

 

Vågsbotn har 51 parkeringsplassar og 1 HC-parkering.

Her finn du parkeringa:
Vågsbotn

Åsane har om lag 200 parkeringsplassar. 

Her finn du parkeringa:
Åsane


Apcoa Parking utfører parkeringskontrollar på vegner av Skyss.