Hopp til hovedinnald

Følgjande Skyss-billettar kan også brukast på reiser med tog:

  • Enkeltbillett og 24-timersbillett for sone A kan brukast på reiser mellom Bergen og Arna/Trengereid (Vossebanen og Arnalokalen).

  • 7-, 30- og 180-dagarsbillettar for sonene A, E og F kan brukast på heile strekninga mellom Bergen og Voss (Vossebanen og Arnalokalen). 

  • 30-dagers ungdomsbillett kan brukast på alle strekningar mellom Bergen og Vieren (Vossebanen og Arnalokalen).

Hugs at du må kunne vise kvittering for gyldig billett til konduktør.

NB: Ver obs på at du ikkje kan bruke Skyss-billettar på reiser med regiontog mellom Bergen og Oslo. 

Med billett for sone A kan du reise med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid (Vossebanen og Arnalokalen).

Dette gjeld for følgjande billettypar:

  • Enkeltbillett
  • 24-timersbillett
  • 7-, 30- og 180-dagarsbillettar
Prisar for sone A Vaksen Barn Honnør Student
Enkeltbillett 39* 20* 20* 39*
24-timarsbillett 100 50 50 100
7-dagarsbillett 230 115 115 140
30-dagarsbillett 735 370 370 440
180-dagarsbillett 3675 1840 1840 2205

* tillegg i pris ved kontant betaling om bord 

Du som er mellom 16 og 20 år kan også reise med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid med Ungdomsbilletten.

Skyss sine 7-, 30 og 180-dagarsbillettar til buss, Bybanen og Askøybåten, kan også brukast på reiser med tog mellom Bergen og Voss.

Nokre priseksempel:

30-dagarsbillett

Sone

Vaksen

Barn

Honnør

Student

Arna - Vaksdal A og F 1100  550 550 660
Arna - Voss A, F og E 1835 990 920 1100
Bergen - Arna A 735 370 370 440
Bergen - Bulken A, F og E 1835 990 920 1100
Bergen - Dale A og F 1100 550 550 660
Bergen - Vaksdal A og F 1100 550 550 660
Bergen - Voss A, F og E 1835 1990 920 1100
Dale - Voss F og E 1100 550 550 660
Stanghelle - Voss F og E 1100 550 550 660

 

Våre enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan berre brukast på reiser med tog mellom Bergen og Arna/Trengereid og ikkje mellom Bergen og Voss, eller mellom Trengereid og Voss.

Om du skal reise på enkeltbillett mellom Bergen og stasjonar på strekninga Trengereid-Voss, må du kjøpe desse i Vy-appen eller på hos Vy. 

Då kan du reise med lokaltog på alle strekningar mellom Bergen og Vieren.

Les meir om ungdomsbilletten her

Når du reiser med Skyss-billettar på tog, gjeld same rabattreglane som på buss, Bybanen og Askøybåten, med nokre unntak.

  • Gruppereiser: For gruppereiser må du ta kontakt med Vy. Sjå vy.no for meir informasjon.
  • Følgjeperson: Det gjeld eigne reglar for følgjeperson utanfor sone A. Sjå vy.no for meir informasjon.