Hopp til hovedinnald

Er du mellom 16 og 20 år? Så flaks! Da kan du komme deg enkelt rundt med ungdomsbilletten, vår beste periodebillett! Med ungdomsbilletten er du fri til å reise så mykje du vil, rundt i heile Vestland fylke.

Du kan reise med buss eller bybane, tog eller båt. Det er det du som vel. Du treng ikkje reise heilt til Voss, Sogndal eller Bergen. Men du kan. Og det kostar berre 380 kroner i månaden. Velkommen om bord! 

Kven kan reise med ungdomsbillett?

Du kan bruke ungdomsbilletten frå dagen du fyller 16 år, og ut året du er 20 år. Dersom du er elev i vidaregåande skule, men ikkje er fylt 16 år, kan du likevel kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. I ein kontroll må du kunne dokumentere gjennom inntaksbeviset at du er elev i den vidaregåande skolen.

Ungdomsbilletten er ein upersonleg billett og kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Du som skal bruke ungdomsbilletten må uansett tilfredsstille krav til alder. Hugs gyldig legitimasjon.

Du kan bruke ungdomsbilletten på mange ulike transportmiddel. Sjå oversikta lenger nede.

Slik kjøper du 30-dagars ungdomsbillett

Du kan kjøpe 30-dagars ungdomsbillett i appen Skyss Billett, i nettbutikken og på kundesenteret vårt. Når du kjøper ungdomsbillett i nettbutikken treng du eit Skysskort, og kan sjølv velje oppstartsdato.

Ungdomsbillett på Skysskortet
Dersom du reiser med ungdomsbillett på Skysskort, hugs å ta vare på kvittering (påført gyldig til-dato). Denne må du kunne vise på reiser med tog, ekspressbuss og ekspressbåt.

Her kan du bruke ungdomsbilletten:

30-dagars ungdomsbillett gjeld i heile Vestland på alle bussreiser med Skyss, i tillegg til Bybanen.

Andre bussar:

  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
  • Trygt heim-ruter 
  • Flybuss i Førde og Sogndal
  • NB: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen

 Båt:

  • Alle båtruter i Vestland med følgande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger- Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund - Herand - Utne - Kinsarvik - Lofthus - Ulvik - Eidfjord)
  • Ekspressbåtrutene til Norled mellom Sogn og Bergen, og mellom Nordfjord og Bergen. Du kan reservere plass om bord ved reise med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje: 

  • Alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband i Vestland brukar AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du bruke ungdomsbilletten.

Ekspressbuss:

Ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen). 

NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller Flåmsbana.  

Merk: Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss-, båt- og ferjeruter i Vestland.

Reservere plass på ekspressbuss

Ver obs på at du som reiser med ungdomsbilletten ikkje har plassgaranti på ekspressbussane. På fleire av ekspressrutene kan du reservere plass for eit tillegg i prisen.

Reservere plass på ekspressbåt

På ekspressbåtane mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen kan du som reiser med ungdomsbillett reservere plass. Det gjer du på norled.no

Billettkontroll

For deg som reiser med 30-dagars ungdomsbillett gjeld gyldig identitetskort (med namn, fødselsdato og bilde), bankkort med bilde eller pass som gyldig legitimasjon.

Les meir om billettkontroll