I nettbutikken vil du alltid ha oversikt over kjøpte billettar, både dei som er gyldige no og tidlegare kjøp.
Nettbutikken
Du kan kjøpe billettar på nettet i fred og ro.
Logg inn i nettbutikken her
Slik fungerer nettbutikken
I nettbutikken kan du kjøpe alle typar billettar for Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen, alle båtar i Hordaland, båtar i Sogn og Fjordane som er inkludert i sonesystemet og lokaltog mellom Bergen og Voss. Du kan også kjøpe kombinasjonsbillettar for båt/buss for Hordaland.
Du bestemmer sjølv kva tidspunkt billetten skal gjelde frå.
Kjøp enkeltbillett og 24-timarsbillett: Når du kjøper enkeltbillett og 24-timarsbillett, kan du få billetten på ulike måtar. Du kan velje mellom å knytte billetten til Skysskortet ditt, sende den på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir.
Kjøp periodebillett: For å kjøpe periodebillett (7-, 30- og 180-dagar) og ungdomsbillett i nettbutikken, treng du eit Skysskort. Du legg til Skysskortet i nettbutikken og Skysskortet fungerer som reisebeviset ditt.
Kjøp billett til andre: I nettbutikken kan du også kjøpe enkeltbillett eller 24-timarsbillett til andre personar, til for eksempel barn eller familiemedlemmer. Du kan velje mellom å knytte billetten til eit Skysskort (dersom vedkommande har det), sende billetten på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir.
Skysskort som reisebevis
Skysskortet fungerer som reisebevis. Du kan bruke Skysskortet på reiser med Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen, alle båtar i Hordaland, båtar i Sogn og Fjordane som er inkludert i sonesystemet og lokaltog mellom Bergen og Voss.
Kringom verdikort eller Kringom periodekort kan ikkje brukast i nettbutikken.
Slik får du Skysskort
Har du allereie Skysskort, kan du enkelt registrere det i nettbutikken.
Bestill Skysskort
Treng du fleire Skysskort, legg du inn ei bestilling for kvart kort.
Brukar du Skysskortet på den "gamle" måten? Denne løysinga er i ferd med å bli fasa ut
Parkeringsbevis:
Du kan ikkje skaffe deg parkeringsbevis til innfartsparkeringane i nettbutikken.
Slik skaffar du deg parkeringsbevis
Spørsmål og svar om nettbutikken
Kvar finn eg nettbutikken?
Du finn nettbutikken på billett.skyss.no
På skyss.no finn du informasjon om billettar og prisar
Korleis får eg tilgang til nettbutikken?
Du registrerer deg første gong du brukar nettbutikken. Du kan også logge inn i nettbutikken med Facebook eller Google-godkjenning.
Kva billettar kan eg kjøpe i nettbutikken?
I nettbutikken er det mogleg å kjøpe enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar (7-, 30- og 180-dagar) for Bybanen i Bergen, alle båtar i Hordaland, båtar i Sogn og Fjordane som er inkludert i sonesystemet og lokaltog mellom Bergen og Voss. Du kan også kjøpe kombinasjonsbillettar for båt/buss for Hordaland.
Ved kjøp av periodebillettar må du bruke Skysskort som reisebevis.
Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar vel du kvar du ønsker å ha billetten tilgjengeleg:
- På eit Skysskort
- På SMS
- På e-post
- På utskrift
Får eg rabatt når eg kjøper i nettbutikken?
Det er ingen spesiell rabatt knytt til bruk av nettbutikken, men du får tilgang til alle typar rabattar og reduserte prisar for ulike kategoriar av reisande (som honnør, student, osb.).
Hugs at du alltid må ha med legitimasjon som viser at du har krav på billett med rabattert pris.
Korleis betalar eg?
Når du har valt billett og kva type reisebevis du vil bruke, kjem du til betaling. I nettbutikken kan du betale med bankkort eller Vipps. Du registrerer bankkortet ditt ved første kjøp, så går det raskare neste gong.
Kan eg betale med Vipps?
Ja, du kan betale billettane med Vipps.
Kor langt fram i tid kan eg kjøpe billett?
Du kan kjøpe billett til reiser som startar inntil 30 dagar fram i tid. Når du kjøper billett, seier du nøyaktig frå kva dato og klokkeslett billetten skal vere gyldig.
Kan eg kjøpe Ungdomsbillett i nettbutikken?
Ja, du kan kjøpe Ungdomsbillett i nettbutikken. Men legg merke til at ved reiser på andre transportmiddel enn Skyss sine (t.d. ekspressbussar) må du hugse å ha med kvittering for kjøpt billett. Kvittering kan du skrive ut eller sende til deg sjølv på e-post frå nettbutikken.
Kan eg sjekke billetten frå nettbutikken hos sjåføren?
Nettbutikken er ein sjølvbeteningskanal på lik linje med appen Skyss Billett. Sjåføren har ikkje høve til å lese av eller korrigere billettar kjøpt i desse kanalane. Har du spørsmål før du går om bord, må du sjå om du finn svaret på skyss.no, eller ta kontakt med kundesenteret vårt. Vi hjelper deg gjerne.
Kan eg kjøpe billett til andre enn meg sjølv i nettbutikken?
Ja, du kan kjøpe billett til andre ved å lage underbrukarar. Då kan du knyte eit anna Skysskort til t.d. barn/andre familiemedlemmer. Når du kjøper billett, vel du dette Skysskortet under «Levering». Du kan også kjøpe enkeltbillett og sende billetten/gi billettkoden til den som skal reise. Merk at det er ei avgrensing på eitt Skysskort per brukar/underbrukar.
Eg vil bruke mitt gamle Skysskort i nettbutikken. Kva gjer eg?
Då registrerer du Skysskortet ditt i nettbutikken (sjå kortnummeret som står på sjølve kortet), og du kan starte å kjøpe billettar som du knytter til kortet.
Har du reisepengar att på Skysskortet frå tidlegare kjøp, kan du i ein overgangsfase framleis bruke reisepengar til å kjøpe billett om bord på båtar i Hordaland. Du kan også få reisepengar refundert ved å kontakte Skyss kundesenter.
Kor mange billettar kan eg kjøpe?
Du kan kjøpe så mange billettar du vil, men det er avgrensa kor mange stader du kan sende kvar billett.
Kva skal eg gjere når eg går om bord i buss, Bybanen eller båt?
Sjølve billetten ligg i nettbutikken, og det er det du har valt som reisebevis (Skysskort, QR-kode, billettkode) som er ditt bevis på kjøpt billett. Hugs å ta med legitimasjon dersom du har krav på rabattert pris (student, honnør, osb.). I Hordaland treng du ikkje vise billett til sjåfør/mannskap eller lese av kortet på kortlesar, medan du på reiser med buss eller båt i Sogn og Fjordane viser fram valt reisebevis til sjåføren ved ombordstiging.
Kva gjer eg dersom eg blir stoppa i billettkontroll?
Då viser du fram reisebeviset ditt (Skysskort, QR-kode, SMS eller e-post). Kontrolløren vil ha kontakt med nettbutikken og kan sjekke at du har gyldig billett.
Kva skal eg vise til sjåføren når eg reiser med ekspressbuss?
Kjøper du billett i nettbutikken og skal reise med andre busselskap enn Skyss, må du ha med kvittering. Den kan du skrive ut eller sende til deg sjølv frå nettbutikken. Her finn du informasjon om kva Skyss-billettar som er gyldige på ekspressbuss
Kan eg få tak i parkeringsbevis i nettbutikken?
Du har rett på parkeringsbevis dersom du har kjøpt periodebillett for sone A i nettbutikken. Parkeringsbevis kan du få på kundesenteret vårt på Bergen busstasjon.
Når kan eg bruke kode som billettbevis?
I nettbutikken kan du velje å bruke ein kode som billettbevis for enkeltbillett og 24-timarsbillett. Det vel du når du kjøper billetten. Når du kjøper periodebillettar i nettbutikken, må du bruke Skysskort som billettbevis.
Kva om eg mistar Skysskortet?
Dersom du mistar Skysskortet, logg deg raskast mogleg inn i nettbutikken og slett Skysskortet frå profilen din. Sjølve billetten som eventuelt er kjøpt, vil framleis vere i nettbutikken, registrert på din profil.
Bestill nytt Skysskort, og registrer dette i nettbutikken når det kjem i posten. Har du ein billett du vil bruke i tida før kortet kjem, kan du ta med kvittering frå nettbutikken og vise denne i ein eventuell billettkontroll.
Eg treng fleire Skysskort, kva gjer eg?
Når du får Skysskortet, registrerer du det i nettbutikken. Etter at kortet er registrert kan du bruke det som reisebevis.
Er det mogleg å kjøpe tur-returbillett i nettbutikken?
Nei, per i dag er det ikkje mogleg å kjøpe det i nettbutikken.
Er nettbutikken på engelsk også?
Ja, det er eit flagg der ein kan velje språk (bokmål/nynorsk/engelsk).