Slik kjøper du 7-, 30- eller 180-dagarsbillett
7-, 30- eller 180-dagarsbillett
Med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett kan du reise så mykje du vil innanfor eit bestemt tal soner med Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter.
Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett for kategoriane vaksen, barn, honnør og student.
Lurer du på kva periodebillett som lønner seg for deg? Vi har rekna på det!
Om periodebilletten
Reiser du i Hordaland, treng du ikkje vise fram billetten du har kjøpt på førehand, når du går om bord. Sjåfør/mannskap og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.
Reiser du i Sogn og Fjordane viser du den førehandskjøpte billetten din til sjåføren når du går om bord.
Periodebilletten for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter gjeld på følgande båtruter:
- Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
- Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
- Eidesvik-Espevær
- Florabassenget:
- Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
- Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest)
- Kaupanger kai - Frønningen
Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett i appen Skyss Billett, i nettbutikken og på kundesenteret.
For å kjøpe periodebillett i nettbutikken eller på kundesenteret, må du ha Skysskort.
7- og 30- eller 180-dagarsbillett kjøpt med i appen Skyss Billett vert aktivert ved kjøp.
Parkeringsbevis
Dersom du har 7-, 30- eller 180-dagarsbillett, kan du parkere gratis på utvalde parkeringsplassar i Bergen og omegn.
Parkering for kollektivreisande
Periodebillett på tog, ferje og ekspressbuss
Periodebillettar (7-, 30 og 180-dagar) for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter kan også brukast på:- Reiser med tog mellom Bergen og Voss (gjeld sonene A, E og F).
-
Reisande med 7-, 30- eller 180-dagars periodebillett for sone A kan bruke denne også på bussreiser med Osterøyferja. Dei som reiser med enkeltbillett eller 24-timarsbillett på bussen, må kjøpe enkeltbillett til ferja av ferjemannskapet.
- Ekspressbussar i Vestland, med nokre vilkår
NB: Dersom du reiser med billett frå nettbutikken, treng du å ha med både Skysskortet og kvittering for framvising.
Familierabatt
Hugs at du som reiser med periodebillett for vaksen, student eller honnør, kan få familierabatt.
Kombinasjonsbillettar buss/båt
Kombinasjonsbillett for buss/båt i Hordaland:
Ved kjøp av periodebillett for kombinasjonsreiser med buss og båt, kan du få rabatt basert på reisestrekning. Du kan kjøpe kombinasjonsbillettar i nettbutikken, om bord på båtane og på kundesenteret vårt. Rabatten er ikkje tilgjengeleg i appen Skyss Billett.