Hopp til hovedinnald

 

  • Kjøp billett. Du kan velje mellom:
    • Enkeltbillett til reiser i sone A. Billetten er gyldig i 90 minutt frå kjøpstidspunktet.
    • 24-timarsbillett til reiser i sone A. Billetten er gyldig i 24 timar frå kjøpstidspunktet.
  • Betal med bankkort (Visa, Mastercard eller Maestro),  smarttelefon eller smartklokke.
  • Billetten er knytt til bankkortet du har betalt med. Meir informasjon finn du under Slik fungerer bankkort som billett.
  • Du kan også få tilsendt billetten på SMS ved å legge inn telefonnummer etter fullført kjøp.
  • Du kan kjøpe billettar til fleire i same kjøp. 
  • Du kan også få opplese innhald på skjermen ved bruk av knappar. Denne funksjonen er tilpassa blinde og svaksynte. 

Alle bankkort har fleire unike ID-nummer som berre kan bli henta når kortet blir brukt i ein kortterminal. ID-nummer blir brukt til å identifisere bankkortet, då risikoen for misbruk er svært låg. Det unike ID-nummeret (PAR) er det same som gjer det mogleg å bruke tenester som Apple Pay, Google Pay og liknande, der det fysiske bankkortet er erstatta med ID-nummer.

Når du betaler ein billett med bankkort, blir ID-nummeret kopla til billetten. Dette gjer det mogleg å sjå kva billettar som er kjøpte med eit bestemt bankkort i ein kontrollsituasjon, eller ved nye kjøp.

ID-nummeret som blir lagra i billettsystemet, er ikkje mogleg å spore tilbake til ein person, og er berre synleg for autorisert personell. Det blir altså ikkje lagra personleg informasjon i samband med billettkjøpet.

Med bankkortet som reisebevis, slepp du å passe på kvitteringar eller Skysskort. Billetten din er knytt til bankkortet du har betalt med. Du får ikkje lenger papirbillett eller kvittering på billettautomaten. Du kan sjekke billetten eller ta ut kvitteringar på følgande måtar:

  • Tæppe bankkortet på billettautomaten: Tæpp bankkortet, smarttelefonen eller smartklokka du betalte med, på billettautomaten.
  • Få billett tilsendt som SMS: Når du kjøper billett på billettautomat, kan du be om å få billetten sendt som SMS til telefonen din. Du legg inn telefonnummeret på billettautomaten og får billetten sendt til nummeret du har registrert. 
  • Sjekk billetten på skyss.no: Legg inn kortinformasjon her for å få opp ei oversikt over alle billettar du har kjøpt på billettautomat (gjeld billettar kjøpt på nye billettautomatar). Dersom du har ein gyldig billett, vil du sjå kor lenge han er gyldig. Du kan enkelt skrive ut kvittering ved behov.

Billettar frå billettautomatane gjeld for reiser i sone A, og gjeld i kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune. Sjå sonekart her.

Billettane kan brukast på alle Skyss-bussar, Bybanen og på Askøybåten og Nordhordlandsbåten. Du kan i tillegg bruke billetten på tog mellom Bergen og Arna/Trengereid (Arnalokalen  og Vossebanen). Dersom du skal bruke billetten på tog må du vise fram kvittering frå skyss.no/kvittering eller billett på SMS. 

Periodebillettar kjøper du i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no. Viss du skal reise ut av sone A, må du kjøpe billett på andre måtar.

Skysskortet kan ikkje brukast på billettautomatane. Du kan bruke Skysskortet ditt når du kjøper billett i nettbutikken.

Du kan lese meir om kjøp av andre billettar her

Kvittering

Treng du kvittering? Slik hentar du ut kvittering.

Parkeringsbevis

Du kan ikkje hente ut parkeringsbevis på billettautomatane. Dersom du har Skysskort og tidlegare har henta ut parkeringsbevis frå billettautomat, kan du få utdelt parkeringsbevis på kundesenteret vårt. Du kan også kjøpe periodebillett i appen Skyss Billett, der du kan registrere parkeringsbevis direkte i appen.

 
Videoen over viser korleis bankkortet ditt fungerer som billett.