Hopp til hovedinnald

Slik fungerer det

Billetten får du som ein SMS på mobiltelefonen din.

SMS-billetten er gyldig frå du får den som SMS (tekstmelding) og varer i 90 minutt. Det vil stå på billetten kor lenge den er gyldig.

SMS-billetten er berre gyldig på den telefonen den er kjøpt med og vil ikkje vere gyldig dersom den blir vidaresendt.  

Nokre mobilabonnement har avgrensingar på tenester som belastar mobilrekninga. Det gjeld til dømes enkelte abonnement for barn og utanlandske nummer. Desse kan ikkje bruke SMS-billett. 

Slik kjøper du SMS-billett for ei sone:

Send tekstmelding til telefonnummer 2412 og skriv kva billett du vil ha:

  • Vaksen
  • Student
  • Honnør
  • Barn

Det fungerer også om du heller vil skrive Voksen. Det spelar inga rolle om du brukar små eller store bokstavar. 

Slik kjøper du billett for fleire soner:

Reise i 2 soner Reise i 3 soner Reise i 4 soner
Gyldig i 120 minutt
Send kodeord:
Gyldig i 150 minutt
Send kodeord:
Gyldig i 180 minutt
Send kodeord:

Vaksen2S

Vaksen3S

Vaksen4S

Student2S

Student3S

Student4S

Barn2S

Barn3S

Barn4S

Honnør2S

Honnør3S

Honnør4S

Send kodeord til 2412, og du får billetten som ein SMS (tekstmelding). 
Kodeorda for billettar i fleire soner må vere utan mellomrom. Om du ikkje skriv korrekt kode, vil du få feilmelding. 

Slik kjøper du fleire billettar samtidig

Du kan kjøpe fleire billettar samtidig, så lenge det er same billettype. Dette gjer du ved å legge til talet for kor mange billettar du ønsker. Det må vere mellomrom mellom billettypen og talet billettar.

Eksempel:

  • Dersom du skal ha to vaksenbillettar for ei sone, send kodeord Vaksen 2
  • Dersom du skal ha to vaksenbillettar for to soner, send kodeord Vaksen2s 2

Send kodeord til 2412, og du får billettane som ein SMS (tekstmelding). 
Om du ikkje skriv korrekt kode, vil du få feilmelding. 

Her kan du bruke SMS-billetten

  • Skyss sine bussar
  • Bybanen i Bergen
  • Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
  • Eidesvik-Espevær 
  • Florabassenget (gjeld passasjerar):
    • Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
    • Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) 
  • Kaupanger kai - Frønningen (gjeld passasjerar)

Les meir om prisar

Les meir om enkeltbillett