Hopp til hovedinnald

Du kan kjøpe enkeltbillett for kategoriane vaksen, barn, honnør og militær.

Enkeltbilletten for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter gjeld på følgande båtruter:

  • Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
  • Eidesvik-Espevær (gjeld frå og med 1. juli)
  • Florabassenget (gjeld frå og med 1. juli):
    • Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
    • Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) 
  • Kaupanger kai - Frønningen (gjeld frå og med 1. juli)

Om enkeltbilletten

Enkeltbillettar for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter er gyldige i 90 minutt innanfor ei sone, og gyldigheita blir utvida med 30 minutt ekstra for kvar sone du betalar for. 

Billetten er gyldig så lenge du går på transportmiddel i rute før billetten går ut, men om du må bytte transportmiddel undervegs, må du kjøpe ny billett dersom den er gått ut før du går på det nye transportmiddelet.

Dersom du kryssar sonegrenser, blir billetten dyrare avhengig av kor mange sonegrenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett er fire soner.

Reiser du i Hordaland, treng du ikkje vise fram billetten du har kjøpt på førehand, når du går om bord. Sjåfør/mannskap og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. 

Reiser du i Sogn og Fjordane viser du den førehandskjøpte billetten din til sjåføren når du går om bord.

Slik kjøper du enkeltbillett til buss, Bybanen og nokre båtruter

Kjøp i appen Skyss Billett

Du kan kjøpe enkeltbillett for ei eller fleire soner med mobilen din ved å bruke appen Skyss Billett.

Meir om Skyss Billett

Kjøp i nettbutikken

Du kan kjøpe enkeltbillett i nettbutikken. Når du kjøper enkeltbillett, kan du få billetten på ulike måtar. Du kan velje mellom å knytte billetten til eit Skysskort, få den tilsendt på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir. 

Meir om nettbutikken

Kjøp med SMS

Du kan kjøpe enkeltbillett til buss, Bybanen og nokre båtruter og få billetten som SMS på mobiltelefonen din. SMS-billetten er gyldig frå du får den som SMS (tekstmelding) og varar i 90 minutt.

Meir om SMS-billett

Kjøp på billettautomat

Du kan kjøpe enkeltbillett for ei eller fleire soner i Hordaland på billettautomat, som du finn langs Bybanen i Bergen. Du kan betale med bankkort, myntar (ikkje setlar) og Skysskort (reisepengar). Enkeltbillett kjøpt på billettautomat blir aktivert ved kjøpstidspunktet.  

Meir om billettautomat

Kjøp om bord

Hos sjåfør på bussen

Du kan kjøpe enkeltbillett med kontantar og bankkort hos sjåfør. Du får ein papirlapp som billett og kvittering. Når du kjøper enkeltbillett hos sjåføren, må du oppgi kva endehaldeplass du skal til. 

Hos mannskap på Askøybåten og Nordhordlandsbåten

Du kan kjøpe enkeltbillett med kontantar, bankkort eller Skysskortet (reisepengar) hos mannskapet om bord. Du får ein papirlapp som billett og kvittering.

Hos mannskap på båtrutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai-Frønningen:

Du kan kjøpe enkeltbillett med kontantar eller bankkort hos mannskapet om bord. Du får ein papirlapp som billett og kvittering.

På Bybanen

Du kan ikkje kjøpe billett om bord på Bybanen.

Kontanttillegg

I sone A må du betale eit kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. 

Enkeltbillett på tog

Enkeltbillettar for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter kan også brukast på:

Informasjon om enkeltbillett for båt i Hordaland finn du her

Informasjon om enkeltbillett for båt i Sogn og Fjordane finn du her

Familierabatt

Hugs at du som reiser med enkeltbillett for vaksen, honnør eller militær på Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter kan få familierabatt.