Hopp til hovedinnald

På bussen

Du kan kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett med bankkort og kontantar hos sjåføren. Du får ein papirlapp som billett og kvittering. 

Betalinga med bankkort skjer kontaktlaust, ved at du legg kortet ditt på bankterminalen. I nokre tilfelle må du sette inn kortet og taste PIN-koden. Du kan også betale med smarttelefon eller smartklokke, så lenge det er eitt av betalingskorta oppgitt under, som er registrert.

Desse korta kan du bruke: 
  • Visa: debet– og kreditkort 
  • Mastercard: debet– og kreditkort 
  • Maestro: debet– og kreditkort 

Kontanttillegg: Vi oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand. I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord.  Kontanttillegg for vaksen, student og militær er 16 kroner, og for barn og honnør 8 kroner.

På Bybanen

Du kan ikkje kjøpe billett om bord på Bybanen.

På båtane i Hordaland

Med unntak av periodebillettar, kan du kjøpe alle typar billettar om bord på båtane. Du kan betale med kontantar eller bankkort. 

På båtane i Sogn og Fjordane

På båtane som er inkluderte i sonesystemet, kan du  kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett om bord på båtane. Du kan betale med kontantar eller bankkort. 

Her finn du informasjon om kjøp av billettar om bord dei andre båtane i Sogn og Fjordane.