Hopp til hovedinnald

I vidaregåande skolar i Hordaland nyttar elevane som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett til skoleskyssen. Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med dagen før du fyller 21 år, og du kan reise så mykje du vil i heile Vestland.

Dersom du er elev i den vidaregåande skole, men ikkje er fylt 16 år, kan du likevel kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Du må da kunne dokumentere at du er VGS-elev.

Les meir om 30-dagars ungdomsbillett her.

Vidaregåande skoleelevar kan ha rett på gratis skoleskyss dersom eitt av følgjande kriterium er oppfylt:

  • Eleven bur utanfor ungdomsbillett-området (utanfor felt merka grønt i kartet) og har lengre enn seks kilometer skoleveg.
  • Eleven er fylt 21 år og har lengre enn seks kilometer skoleveg (målt langs kortaste farbare veg).
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skole og heim uavhengig av reiselengde.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skolereisekort for buss, kan søke sjølv her.
Dersom du skal søke om skoleskyss på medisinsk grunnlag, manglar kollektivtilbod, eller bor innanfor ungdomsbillettområde men er over 21 år må du kontakte skolen som registrerer søknad for deg.

Detaljert informasjon om skoleskyss for vidaregåande elevar i Vestland finn du i fylkeskommunen sitt reglement for skoleskyss.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skolereisekort for buss, kan søke sjølv her.

Dersom du skal søke om skoleskyss på medisinsk grunnlag, manglar kollektivtilbod, eller bor innanfor ungdomsbillettområde, men er over 21 år, må du kontakte skolen som registrerer søknad for deg.

På dette kartet til Skyss kan skolar, elevar og føresette kontrollmåle avstanden mellom heimen og skolen dersom dei er usikre på om ein elev har krav på skoleskyss.

Elevar med rett til gratis skoleskyss kan få innfridd tilrettelagt skyss dersom eit eller fleire av følgjande vilkår er oppfylt:

  • behov for skyss grunna varig funksjonshemming / sjukdom.
  • manglande kollektivtilbod på strekning der eleven har rett til skoleskyss.

Tilrettelagt skyssordning kan gjelde heile eller deler av skolevegen.

For tilrettelagt skyss på medisinsk grunnlag må skyssbehovet vere dokumentert legeerklæring. Erklæringa må innehalde følgjande opplysningar

  • diagnose med grunngjeving for kvifor eleven treng skyss
  • kva slags type skyss eleven treng (buss, forsytarskyss/privatskyss, drosje/tilrettelagt skyss),
  • tidsrom for når eleven treng skyss.

Skyss tilrår at ein nyttar skjemaet ”Legeerklæring” som du finn her.

All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen.

Føresette kan søke om å få vere ansvarleg for skyssen sjølv. Godkjent privat skyss blir godtgjort etter gjeldande Helfo satsar.

Detaljert informasjon om tilrettelagt skoleskyss i Hordaland finn du i fylkeskommunen sine reglement for skoleskyss.

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på her, kan du ta direkte kontakt med skolen din. Du kan også kontakte Skyss via epost: skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70.