Hopp til hovedinnald

Skoleskyssordninga gir eleven rett til: 

  • Rett til fri skoleskyss mellom heim og skole til faste start- og sluttider, på ordinære skoledagar (ikkje laurdag, søndag eller skoleferiar).

  • Skoleskyss dekker ikkje skyss til og frå fritidsaktivitetar og liknande.

  • Elevar i grunnskolen som har lengre enn fire kilometer avstand mellom heim og skole. Førsteklassingar har rett på fri skoleskyss dersom skolevegen er lengre enn to kilometer kvar vei.
  • Elevar som har mindre enn fire (to for førsteklassingar) kilometer lang skoleveg, men som har ein spesielt trafikkfarleg eller vanskeleg skoleveg. Søknaden sendast til kommunen eleven bur i.
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skole og heim uavhengig av reiselengde. 

Dersom du meiner du har rett på gratis skoleskyss må du kontakte skolen, som søker om skoleskyss på vegne av elevane.

Detaljert informasjon om skoleskyss for grunnskoleelevar i Vestland finn du i fylkeskommunen sitt reglement for grunnskolen

Dersom du meiner du har rett på gratis skoleskyss må du kontakte skolen, som søker om skoleskyss på vegne av elevane.

På dette kartet til Skyss kan skolar, elevar og føresette kontrollmåle avstanden mellom heimen og skolen dersom dei er usikre på om ein elev har krav på skoleskyss.

Elevar med rett til gratis skoleskyss kan få innfridd tilrettelagt skyss dersom eit eller fleire av følgjande vilkår er oppfylt:

  • behov for skyss grunna varig funksjonshemming / sjukdom.
  • manglande kollektivtilbod på strekning der eleven har rett til skoleskyss anten på grunn av avstand eller særleg trafikkfarleg skoleveg.

Tilrettelagt skyssordning kan gjelde heile eller deler av skolevegen.

For tilrettelagt skyss på medisinsk grunnlag må skyssbehovet vere dokumentert legeerklæring. Erklæringa må innehalde følgjande opplysningar

  • diagnose med grunngjeving for kvifor eleven treng skyss
  • kva slags type skyss eleven treng (buss, forsytarskyss/privatskyss, drosje/tilrettelagt skyss),
  • tidsrom for når eleven treng skyss.

Skyss tilrår at ein nyttar skjemaet ”Legeerklæring” som du finn her.

All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen.

Føresette kan søke om å få vere ansvarleg for skyssen sjølv. Godkjent privat skyss blir godtgjort etter gjeldande Helfo satsar.

Detaljert informasjon om tilrettelagt skoleskyss i Hordaland finn du i fylkeskommunen sine reglement for skoleskyss.

 

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på her på nettsida, kan du ta direkte kontakt med skolen din. Du kan og kontakte Skyss via epost: skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70.

Dersom du leitar etter informasjon om kulturbilletten finn du informasjon her