Hopp til hovedinnald

INNLEIING

Fylkeskommunen er i følgje opplæringslova ansvarleg for skoleskyss for elevar i grunnskolen og har vedtaksmynde i slike saker. Dette gjeld ikkje skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg under 2/4 km. I slike saker har kommunen vedtaksmynde. I Vestland fylkeskommune er Skyss ansvarleg for skoleskyss og fattar vedtak for Vestland fylkeskommune.

Vedtaksmynde er fordelt slik mellom Vestland fylkeskommune ved Skyss og kommunane:

Kommunen fattar vedtak i saker vedkommande:
• Særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, ved avstand under 2/4 km
• Annan skoleskyss etter kommunalt vedtak

Vestland fylkeskommune ved Skyss fattar vedtak i saker vedkommande:
• Ordinær skoleskyss (grunna avstand mellom heim og skole)
• Skyss på medisinsk grunnlag
• Særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, ved avstand over 2/4 km. Til dømes sidevegskyss når avstand mellom heim og haldeplass er under avstandsgrensa, men ein søkjer om sidevegskyss grunna særleg farleg skoleveg til haldeplass/oppsamlingsplass.

Som skoleskyss blir rekna den daglege skyssen mellom heim og skole til skolen sine ordinære start- og sluttider.

Skolen søkjer om skoleskyss på vegne av elevane i søknadssystemet Skyss elev. Fristen for å søkje er 1. mars. Dersom skolen får nye elevar etter fristen som treng skyss, må skolen søkje om skyss omgåande.

Skyss må ha tilstrekkeleg tid til å planlegge og organisere skyssen. Dette inneber at søkjarar må akseptere at det kan ta noko tid før skysstilbodet blir sett i gang etter at søknad er meldt inn. I samband med skolestart i august må ein rekne med inntil 14 dagar handsamingstid på nye søknader og endringar i eksisterande søknader.

Skoleskyss som blir utført av Skyss skal primært bli gjennomført som del av den ordinære kollektivtrafikken.

1. KVA GIR RETT PÅ GRATIS SKOLESKYSS?

1.1 Avstand mellom heim og skole

Opplæringslova § 7-1

Elevar i 2. – 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Kommentar
Avstandsgrensa på 2 km og 4 km er absolutt. Det er ikkje rom for å utøve skjønn med omsyn til avstanden. Ved oppmåling av avstand nyttar Skyss digitale geografiske kart.
Kartgrunnlaget og vegdata kjem frå Kartverket (Skyss) og Fylkesatlas (Kringom). Private oppmålingar med til dømes bil og GPS blir ikkje vektlagt i klagesaker.

Avstand mellom heim og skole vert målt langs kortaste gangbare veg rekna frå dør til dør. Dersom det er fleire inngangsdører eleven kan bruke på skolen, skal det målast til døra lengst vekke, uavhengig av om eleven faktisk brukar denne døra.

Med gangbar veg meiner vi vegar som ikkje er skilta forbode for gåande. I tillegg til offentleg veg, blir også gangvegar, stiar og private vegar som er open for allmenn ferdsel rekna som gangbar veg. Det avgjerande er om vegen er open for gåande.

1.2 Særleg farleg skuleveg

Opplæringslova § 7-1

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Opplæringslova § 13-4

Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.

Kommentar
Dersom avstanden heim – skole er under 2 km/4 km, skal søknad sendast til skolen/heimkommunen.

Dersom avstanden heim – skole er over 2 km/4 km, skal søknad sendast til Skyss. Det er eige søknadsskjema på www.skyss.no/reise/skoleskyss

For at vilkåret om «særleg farleg eller vanskeleg skoleveg» skal vere oppfylt, må skulevegen innebere ein risiko som klart overstig det som er «normalrisikoen» ved å ferdast i trafikken for barn. Det er skilje mellom farleg skoleveg og særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Sjølv om ein skoleveg kan bli definert som farleg, og det kan vere risikabelt at barn skal gå på denne, betyr ikkje det at vilkåret i opplæringslova § 7-1 om «særleg farleg eller vanskeleg skoleveg» er oppfylt. Det er i unntakstilfelle, der risikoen er markant høgare enn normalt, at ansvaret for skyssen ligg hos fylkeskommunen.

I tillegg til tilhøve ved vegen skal tilhøve ved den einskilde elev, slik som t.d. alder, utvikling, syn og hørsel, bli teken med i vurderinga av om vegen vert rekna for å vere «særleg farleg eller vanskeleg».

Skoleelevar sine trafikkferdigheiter er heilt avhengig av relevant trening og opplæring. Føresette har hovudansvaret for trafikkopplæringa av eigne barn. I tilfelle der det blir innvilga skyss for ein avgrensa periode, er det viktig at føresette i denne perioden trener mykje med barna slik at dei blir i stand til å ferdast i trafikken på eigenhand når skyssen fell bort.

1.3 Skyss med båt

Opplæringslova § 7-1

Når det er nødvendig, har elevar rett på gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Kommentar
Gangavstanden til haldeplass/oppsamlingsplass på 1 km for 1. årstrinn og 2 km for 2.-10. årstrinn gjeld også ved båttransport.

Søknad om privat skyss med båt skal skolen/kommunen sende til Skyss, som fattar vedtak i saka. Skyss har avgjerdsmynde i saker vedkomande privat båttransport.

1.4 Skyss for elevar med varig funksjonshemming

Opplæringslova § 7-3

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heim og opplæringsstaden.

Kommentar
Det må vere funksjonshemminga eller sjukdommen som gjer at eleven har behov for skoleskyss. Omgrepet «funksjonshemming» vil kunne omfatte både varige fysiske og psykiske funksjonsvanskar.

Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog.
Erklæringa må innehalde diagnose og ei skildring av eleven sin evne til å handtere reisa mellom heim og skule.

Erklæringa må innehalde:
• Grunngjeving for kvifor eleven treng skyss
• Kva slags type skyss eleven treng (buss, privat skyss (utført med eige transportmiddel), drosje/tilrettelagt skyss)
• Tidsrom for når eleven treng skyss (veker, månader, år)

I særskilte tilfelle kan Skyss be om vurdering utover dette, til dømes av PP-tenesta. Mangelfull erklæring frå lege/behandlande psykolog kan resultere i lengre saksbehandlingstid – og i enkelte tilfelle avslag på søknaden.

Den fylkeskommunale legenemnda beståande av spesialistar innan allmennmedisin vil kunne vurdere legeerklæringa, og vurdere eleven sitt transportbehov.

Alle elevar skal i utgangspunktet nytte kollektivtransport i samband med skoleskyss, og behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat skyss utført med eige transportmiddel må vere dokumentert gjennom legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog.

Kommunen har ansvaret for følgjeperson, praktisk og økonomisk (jf. opplæringslova § 7-4 og § 13-4).

1.5 Skyss for elevar med mellombels skade/sjukdom

Opplæringslova § 7-3

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heim og opplæringsstaden.

Kommentar
Mellombels skoleskyss nyttast når eleven har ein skade eller ein sjukdom, og det er naudsynt med transport mellom heim og skole i ein kortare periode (maksimalt 8 veker).

Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog. Erklæringa må innehalde diagnose og ei skildring av eleven sin evne til å handtere reisa mellom heim og skole.

Erklæringa må innehalde:
• Grunngjeving for kvifor eleven treng skyss
• Kva slags type skyss eleven har behov for (buss, privat skyss (utført med eige transportmiddel), drosje/tilrettelagt skyss)
• Tidsrom for når eleven treng skyss (opptil 8 veker)

Alle elevar skal i utgangspunktet nytte kollektivtransport i samband med skoleskyss, og behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat skyss utført med eige transportmiddel må vere dokumentert gjennom legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog.

Kommunen har ansvaret for følgjeperson, praktisk og økonomisk (jf. opplæringslova § 7-4 og § 13-4).

Dersom eleven går på ein annan skole enn nærskolen, vil kommunen vere ansvarleg for skyssen også ved mellombels skade/sjukdom.

1.6 Vaksenopplæring

Opplæringslova § 4A-7

Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur fire km eller meir frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring etter kapittel 4A i opplæringslova.

Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring etter kapittel 4A.

Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg skyss etter første og andre ledd ikkje er forsvarleg. Når det er nødvendig, gjeld tilsyn etter § 7-1 fjerde ledd tilsvarande.

Elles gjeld § 13-4 tilsvarande for dei pliktene som følgjer av denne paragrafen.

Kommentar
Vaksenopplæringselevar vil ha rett til skyss mellom bustad og arbeidstreningsstad dersom arbeidstreninga er ein del av enkeltvedtaket om rett til vaksenopplæring. Skyss mellom arbeidstreningsstad og skole er å rekne som skyss mellom ulike undervisningsstadar og vert såleis ein kostnad for kommunen.

Kommunen dekker dei totale skyssutgiftene til behandlings- eller aktivitetstilbod. Kommunen betaler refusjon etter gjeldande persontakst for vaksne på den aktuelle strekninga.

For vaksenopplæringselevar med eit opplærings- og aktivitetstilbod på same stad skal skyssutgiftene delast likt mellom fylkeskommunen og kommunen.

I særskilte tilfelle kan Skyss godkjenne tilrettelagt skyss til/frå skolen.

Vilkår for å kunne søkje om tilrettelagt skyss for vaksenopplæringselevar er:

• Det må liggje føre kommunalt vedtak om at eleven har behov for spesialundervisning på grunnskolen sitt område. Vedtaket må innehalde tal undervisningstimar, oversikt over fag, dagar og opplæringsstad.

• Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog, dersom eleven sin funksjonshemming er slik at eleven ikkje kan reise med ordinær kollektivtrafikk, men må ha tilrettelagt skoleskyss.

2 ELEVEN SIN HEIM

2.1 Adresse

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar har rett til skyss til og frå sin heim dersom vilkåra for skyss elles er oppfylt. Eleven sin heim er i utgangspunktet den adressa eleven står oppført med i folkeregisteret. Ved delt bustad kan begge bustadane vere eleven sin heim. Asylmottak, fosterheim og avlastingsheim kan også bli rekna som eleven sin heim.

2.2 Delt bustad

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som har delt bustad vil vere folkeregistrert på ei adresse sjølv om dei deler tida mellom to heimar. For å ha rett til gratis skoleskyss, må eleven sitt opphald vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, ikkje improvisert enkeltbesøk. Det er ikkje eit krav om at eleven bur like mykje i kvar heim, men det avgjerande er at eleven faktisk bur to stadar.

Elevar med to heimar vil kunne ha rett til skyss til og frå begge heimane, sjølv om den eine heimen ligg i ein annan kommune eller i eit anna fylke enn skolen eleven går på.

Der eleven har delt bustad og dagleg skyss til ein av heimane ikkje vil vere forsvarleg, må foreldra enten sjølv ordne skyss, revurdere barnet sin busituasjon eller innlosjere barnet.

Kommentar
For å ha rett til skyss frå begge bustader må vilkåra for skyssrett i opplæringslova vere oppfylt (§ 7-1 eller § 7-3) for begge adressene. Det må ligge føre ein signert avtale av begge føresette der fordelinga av samværet er beskrive. Mellombels endringar frå den faste planen gjev ikkje rett på skyss.

Ved delt bustad kan begge føresette sine adresser vere utgangspunkt for kva som er eleven sin nærskole i samband med skoleskyss. Nærskolen må likevel vere i den kommunen der eleven er folkeregistrert og som har opplæringsansvaret for eleven.

Skyss er ansvarleg for å organisere eit forsvarleg skysstilbod. Vurdering av om eleven har rett til skyss, kva som er akseptabel reisetid og kva som er forsvarleg skyss vil bli gjort sjølvstendig og konkret for begge heimane. Dersom ein av dei føresette bur slik til at dagleg skyss ikkje kan bli organisert innanfor akseptabel reisetid og kan reknast som samfunnsøkonomisk forsvarleg, vil eleven ikkje ha rett til gratis skyss til og frå denne heimen.

2.3 Barn i asylmottak

Opplæringslova § 2-1

Elevar som bur i asylmottak har rett til fri skoleskyss etter opplæringslova §§ 7-1, 7-3 og 7-4 når eleven mottek grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1. Asylmottaket blir rekna som eleven sin heim.

2.4 Fosterheim

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar i fosterheim har rett til gratis skoleskyss mellom fosterheimen og skolen dersom opplæringslova §§ 7-1 eller 7-3 er oppfylt. Fosterheimen blir rekna som eleven sin heim. Dersom fosterheimen ligg i ein annan kommune enn skolen, er omsorgskommunen ansvarleg for å dekke persontaksten. Omsorgskommunen er den kommune som har fatta vedtak om at eleven skal i fosterheim.

Kommentar
Når eleven bur i fosterheim blir eleven sin nærskole definert til å vere den skolen som ligg nærmast fosterheimen.

2.5 Avlastingsheim

Rundskriv Udir-2-2019

Avlastingsheimen vert rekna for eleven sin heim dei dagane eleven er i avlasting. Dersom avlastingsheimen ligg i ein annan kommune, er heimkommunen ansvarleg for å dekke persontaksten.

Kommentar
Det er berre avlastning godkjent av kommunen etter enkeltvedtak, som gir rett på fri skoleskyss når vilkåra for dette er oppfylt. Kopi av enkeltvedtaket om avlastning må ligge ved søknaden om skyss til/frå avlastningsheimen.

2.6 Mellombels bustad utanfor heimen/fleire bustader i løpet av året

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som i ein særskilt situasjon mellombels må bu utanfor heimen, har rett til å fortsette på den skolen eleven går på. Dette betyr at born som i særskilte situasjonar mellombels bur utanfor heimen vil ha rett til skyss dersom vilkåra for skyss er innfridde. Dette gjeld også om mellombels bustad er i ein annan kommune/fylke. Retten til skyss vil ikkje gjelde private ordningar som ikkje kjem av offentleg vedtak.

Uforsvarleg lang reisetid kan likevel føre til at eleven må byte skole ved mellombels flytting.

I tilfelle der eleven bur mellombels utanfor heimen må det bli tatt omsyn til at eleven er i ein vanskeleg livssituasjon. Involverte instansar bør av omsyn til eleven vere fleksible og ha evne til å ta raske avgjersler.

Kommentar
Døme på mellombels bustad kan vere mellombels opphald på krisesenter, barnevernsinstitusjon, helseinstitusjon eller opphald i mellombels avlastings-/fosterheim.

Bustad utanfor heimen som skuldast andre meir «frivillige tilhøve» som t.d. oppussing/utleige av heimen, gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Utgifter til skoleskyss grunna mellombels bustad utanfor heimen grunna brann, vannskade eller liknande vert ikkje dekt av opplæringslova sine føresegner.

Ved barnevernssaker (vedtak om at eleven skal bu på korttidsinstitusjon eller i midlertidig fosterheim) har det statlege eller kommunale barnevernet som har fatta vedtaket ansvar for meirkostnader ved skyss fram til barnet har fått ein meir permanent bustad.

Elevar som har fleire faste bustader i løpet av skoleåret (til dømes dersom heimen driv turistbedrift med sesongdrift, stølsdrift), har rett på skyss dersom vilkåra for å få skyss elles er oppfylt. Har bustaden funksjon som ferie- eller fritidsbustad, har elevar ikkje rett på skyss.

3. ELEVEN SIN SKOLE

3.1 Nærskole

Opplæringslova § 8-1, Rundskriv Udir-2-2019, Utdanningsdirektoratet si tolkingsuttale §§ 7-1, 8-1 og 13-4

Retten til fri skoleskyss jf. opplæringslova §13-4 gjeld til den skolen eleven soknar til. Kommunen avgjer kva skole eleven soknar til, som i utgangpunktet er den skolen som ligg nærmast heimen. Det er høve til å søkje kommunen om å gå på ein annan skole enn nærskolen. I desse tilfella skal søknad om skyss handsamast av kommunen. Dersom kommunen innvilgar søknad om å gå på ein annan skole enn nærskolen og dette utløyser rett til skyss, vil det vere kommunen som er ansvarleg for å organisere skyssen.
For elevar kor undervisninga i eigen målform (nynorsk/bokmål) er samla på ein annan skole enn i sin skolekrins, jf. §2-5 fjerde ledd, blir denne rekna som eleven sin nærskole.

3.2 Skyss til friskolar (private grunnskolar)

Friskolelova §3-7, Opplæringslova §2-12, Merknadar til Ot prp nr 46 (1997-98) til § 7-1

Elevar ved friskolar som mottek statstøtte har rett til skyss etter reglande i 0pplæringslova § 7-1 første og andre ledd samt §7-3 og §7-4. Private skolar utan statsstøtte er ikkje omfatta av retten til skoleskyss.

Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i friskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa der eleven har heimeadresse.

Kommentar
Reglane gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.

Transport over kommunegrensa vert ikkje godkjent og sett i gang før Skyss har fått tilbakemelding om korleis resten av reisa vert organisert og finansiert.

Ved delt bustad har eleven rett til skoleskyss frå begge føresette si adresse etter reglane i kap. 1.1, men berre innanfor kommunegrensa der eleven bur. For å ha rett til skyss frå eit eller begge bustader må vilkåra for skyssrett i opplæringslova vere oppfylt (§ 7-1 eller § 7-3.) Skyssretten vil då gjelde innafor kvar av bustadkommunane.

Eks: Elev X bur i kommune A når ho er hos mor og går på skole der, men bur i kommune B når ho er hos far. Eleven vil då ha skyssrett innanfor kommune A når ho bur hos mor, og kommune B når ho bur hos far, men ikkje i kommune A når ho bur hos far i kommune B.

3.3 Undervisning utanfor skolen sitt område

Merknadar frå Ot prp nr. 46 1997-98 til §§ 7-1 og 13-4

Skoleeigar har det økonomiske og administrative ansvaret dersom undervisninga er lagt utanfor skolen sitt geografiske område.

Kommentar:
Regelen om skyss mellom ulike undervisningsstader i skoletida gjeld både funksjonsfriske og funksjonshemma/sjuke elevar som treng skyss til eit undervisnings-/aktivitetstilbod utanfor skolen.

Døme på dette er:
• køyring til symjeopplæring; skole-symjehall
• gymnastikk/idrettsdag; skole-gymnastikkundervisning
• utplassering i arbeidslivet, arbeidsveke
• ekskursjonar/utflukter
• anna skyss i skoletida, t.d. mellom skole og folkebibliotek
• skyss mellom undervisningsstader i skoletida, også til morsmålundervisning
• Spesialpedagogiske tiltak som vert lagt utanfor skolen, t.d. ridetimar, symjing i varmtvannsbasseng og tilrettelagt undervisning.

3.5 Skyss til statleg spesialskole

Skyss er ansvarleg for skyss av elevar som får deltidsopplæring på statleg spesialskole. Heiltidstilbodet er kommunalt ansvar.

Kommunane er ansvarleg for skyss til undervisning på kommunale spesialskolar/kompetansesenter.

4. TILRETTELAGT SKYSS

4.1 Generelle reglar

I særskilte tilfelle kan Skyss godkjenne tilrettelagt skyss til/frå skolen.

Vilkår for å kunne søkje om tilrettelagt skyss er:
• Manglande offentleg rutetilbod
• Strekninga mellom heim og offentleg skyssmiddel er over 1 km/2 km (sidevegsskyss) eller vegen kan definerast som særleg farleg eller vanskeleg etter opplæringslova § 7-4
• Behov for skyss på medisinsk grunnlag (grunna mellombels eller varig funksjonshemming/sjukdom)

Det er Skyss som skal innvilge og organisere tilrettelagt skyss. Det kan gjelde heile eller deler av skolevegen.

Kommentar
Tilrettelagt skyss inneber at det blir organisert eit tilrettelagt skysstilbod til eleven, t.d. med drosje. Skoleskyss utført med drosje erstattar rutegåande transport, og er ikkje ei bestillingsdrosje der hentetider kan endrast etter behov – dette gjeld også skyss på medisinsk grunnlag.

Føresetnader for tilrettelagt skoleskyss:
• Transportøren som utfører tilrettelagt skoleskyss på vegne av Skyss kan sette føringar for hente- og leveringstider
• Skyssretten gjeld berre mellom heim og skole
• Elevar må rekne med å bli henta/levert på ein oppsamlingsplass der dette er mogleg

For elevar som har fått innvilga tilrettelagt skyss kan føresette søkje om å utføre dette som eigentransport mot refusjon (sjå kap. 4.3 for nærmare informasjon om privat skyss).

4.2 Eleven sine rettar og plikter i samband med tilrettelagt skyss

Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider. Elevar som har innvilga skyss på medisinsk grunnlag kan få skoleskyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast.

Elev/føresette/skule gjer avtale med transportøren om faste hente- og bringetider med utgangspunkt i dei ordinære start- og sluttidene. Elevar har ikkje rett til å bli henta til uregelmessige tider. Dette gjeld til dømes skoleavslutningar, eksamen og liknande.

Eleven må vere klar til avtalt tid. Grunna køyreplan og samkøyring kan transportør køyre vidare dersom eleven ikkje er klar til avtalt tid.

Transportøren kan legge opp køyreruta slik at eleven kan kome til skolen inntil 15 minutt før starttid og bli henta på skulen inntil 15 minutt etter siste time. Det kan bli gjort unnatak frå dette dersom det er dokumenterte medisinske årsaker som krev ekstra tilrettelegging.

All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen. Dette medfører at eleven kan få ekstra køyretid som følgje av slik samordning. Det kan også oppstå forseinkingar på inntil 15 minutt grunna trafikale forhold.

Transport mellom skole og medisinsk behandling er ikkje å rekne som skoleskyss. Dette er helseføretaka sitt ansvarsområde.

Henting utanom fastsette hentetider i samband med akutt sjukdom fell utanfor retten til skoleskyss etter opplæringslova. Kommunen/føresette er ansvarleg for slik skyss.

4.3 Privat skyss (avtale om skoleskyss utført med eige transportmiddel)

For elevar som har fått innvilga tilrettelagt skyss kan føresette søkje om å utføre dette som eigentransport etter refusjon. Dersom ein slik søknad blir godkjent, blir køyringa godtgjort etter gjeldande refusjonssatsar. I dei tilfella der privat skyss blir godtkjent skal det sendast inn refusjonskrav frå skyssutøvar ein gang pr. halvår. Refusjonsskjema og informasjon om satsar for refusjon finn ein på www.skyss.no/reise/skoleskyss 

Skyss refunderer berre førehandsgodkjent privat køyring. Søknader som vert sendt inn etter skolestart blir godtgjort frå den datoen søknaden er sendt inn, dersom søknaden blir godkjent. Det er viktig at skolane overheld informasjonsplikta til dei føresette om rettane til skoleskyss.

Skyssutøvar som utfører privat skyss og køyrer eins ærend får dekka reise tur og retur.

Skoleskyss som er innvilga av kommunen fell utanfor denne ordninga.

5. SKYSSTANDARD OG REISETID

5.1 Organisering av skysstilbodet

Skyss skal organisere eit skyssopplegg som er rasjonelt og økonomisk forsvarleg. All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld og den tilrettelagte skyssen.

Retten til skyss gjeld til skolen sine ordinære start- og sluttider, og gjeld ikkje t.d. ved fritak frå enkelttimar, heildagsprøvar, tentamen, eksamen, skoleavslutning mv.

Kommunen skal kunne vise elevane til skysstilbodet fylkeskommunen alt har sett i gang dersom det oppfyller retten til elevane. Om kommunen ønskjer ei betre tilpassing av skoleskyssen enn skyss etter eleven sine rettar i følgje opplæringslova, vert kommune sjølv ansvarleg for meirkostnader ved dette.

5.2 Akseptabel gangavstand til transportmiddel

Merknader frå Ot prp. nr. 46 1997/1998 til § 7-1, Rundskriv Udir-2-2019

Skyssretten er knytt til strekninga mellom heim og skole. Eleven må rekne med å måtte ta seg fram ein rimeleg distanse til ein oppsamlingsplass.

Elevar som får skyss på grunn av funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom vil normalt ha krav på skyss frå sjølve heimen.

Kommentar
Skyss legg til grunn ein gangavstand på inntil 1 km (1. årstrinn) og inntil 2 km (2.-10. årstrinn) til haldeplass/oppsamlingsplass. Elevar som har lengre gangavstand enn dette til haldeplass/oppsamlingsplass kan søkje om tilrettelagt skyss på denne strekninga (sidevegsskyss).

Elevar som har under 1 km/2 km til oppsamlingsplassen kan òg søkje om tilrettelagt skyss dersom vegen vert definert som særleg farleg eller vanskeleg etter opplæringslova § 7-4. Det er ein føresetnad at vilkåra om avstand i opplæringslova § 7-1 er oppfylt (sjå kap.1.1 i reglementet).

Kilometergrensene for sidevegskyss er rettleiande og i vurderinga av søknaden blir desse momenta vektlagt:
• avstand
• samla reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel)
• framkomst på veg (til dømes skilnad mellom vinter- og sommarføre)
• kostnad ved tilrettelagt skyss

5.3 Akseptabel reisetid

Opplæringslova § 7-1, Merknader frå Ot.prp. nr. 46 (1997-98) til § 7-1

Reise- og ventetid skal vere forsvarleg både med omsyn til den enkelte elev og ei rasjonell organisering av skyssen. I vurderinga blir gangtid, ventetid og tid med transportmiddel sett i samanheng. I tillegg blir eleven sin alder vektlagt.

Kommentar
Det er ikkje sett maksimale reisetider for skoleskyss i lovverket og elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen.

Skyss skal etterstreve å organisere ei samla reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel) ein veg innanfor følgjande rettleiande rammer:

• Omlag 45 min for 1.-4. årstrinn
• Omlag 60 min for 5.-7. årstrinn
• Omlag 75 min for 8.-10. årstrinn

I vurdering av forsvarleg reisetid blir det i tillegg til samla reisetid lagt vekt på følgjande moment:

• Kvar eleven må vente (på skolen, ute, i venterom)
• Kor stor del av reisetida som er på transportmiddel
• Rasjonell og samfunnsøkonomisk organisering av skyssen

Reisetidene nemnt ovanfor er rettleiande. Elevar med lang avstand mellom heim og skole må rekne med lengre samla reisetid. F.eks. ved samanslåing av skolar som fører til lengre eiseavstandar, når eleven ikkje går på sin nærskole eller ved «delt bustad» der ein av dei føresette flyttar ut av krinsen til nærskolen. Ved delt bustad er det viktig å merke seg at vurderingane knytt til forsvarleg reisetid, vil kunne avgrense rett til skyss frå begge bustadane.

Elevane har rett til tilsyn når det vert ventetid før undervisning tek til og etter at undervisning er slutt (sjå punkt 7.5).

Ekstraordinært kostbare skyssordningar og skyssordningar med ikkje akseptable reisetider kan medføre at dagleg skyss ikkje blir forsvarleg.

6. SKYSS TIL SKOLEFRITIDSORDNING OG LEKSEHJELP

6.1 Generelle reglar

Opplæringslova § 7-3

Elevar som har plass i skolefritidsordninga, jf. opplæringslova § 13-7, og som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skoleferiane.

Kommentar
Det er berre elevar med skyss på medisinsk grunnlag som har rett på skyss i samband med SFO.

Fylkeskommunen sitt skyssansvar er avgrensa til skoleruta (190 skoledagar årleg), og gjeld ikkje på skolefrie dagar.

6.2 Elevar med spesialpedagogisk undervisning i skolefritidsordninga

Elevar som etter kommunalt einskildvedtak får spesialpedagogisk opplæring med heimel i opplæringslova § 5-1, og opplæringa er lagt til SFO, har rett til skyss dei dagane dei har slik undervisning på SFO.

Kommentar
Skolen/kommunen må sende inn dokumentasjon for undervisningsopplegget. Kva dagar det vert gjeve undervisning, samt vedtak om at eleven får undervisning i SFO. For å ha skyssrett skal SFO-tilbodet vere gratis.

6.3 Leksehjelp

Leksehjelp er rekna som eit frivillig tilbod etter opplæringslova, og gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Dette gjeld også for elevar med behov for skoleskyss på medisinsk grunnlag.

7. KOMMUNANE SITT ANSVAR

7.1 Plikt til samordning

Opplæringslova § 13-4

Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan departementet gi pålegg.

Kommentar
Regelen fører inn ein plikt for kommunen til å samarbeide om skyss, mellom anna skal kommunen ta med skyssorganiseringa i vurderingane sine når ein fastset start- og sluttider og skoleruta.

Skoleskyssen skal samordnast mellom grunnskolar eller mellom vidaregåande skolar og grunnskolar, og skyssen blir sett opp etter kommunen si skolerute.

Skolen sine start- og sluttider skal meldast til Skyss innan 1. mars. Endringar som vert gjennomført etter 1. mars kan få konsekvensar for skoleskyssen.

Kravet til samordning av skyssen tilseier at Vestland fylkeskommune ved Skyss og Kringom bør vere uttalepart i saker som gjeld endra skolestruktur (nedlegging av skolar, endring av inntaksområde og liknande).

7.2 Informasjonsplikt

Kommunen og fylkeskommunen har plikt til å informere elevane om deira skyssrettar.

Kommentar
Fylkeskommunen vil informere kommunane/skolane, som vidare må informere elev/føresette om gjeldande regelverk og retter.

7.3 Økonomisk ansvar

Opplæringslova § 13-4, Rundskriv Udir-2-2019

Kommunane har økonomisk ansvar for:

• Skoleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skoleveg når avstanden heim – skole er under 2/4 km
• Nødvendig tilsyn og reisefølgje
• Persontakst for all skoleskyss etter §13-4 i opplæringslova, etter pris for persontakst på den aktuelle strekninga
• Anna skoleskyss etter kommunalt vedtak

Dersom Skyss må etablere nye ruter for å skysse elevar kommunen er ansvarleg for, vil det ikkje vere tilstrekkeleg med refusjon etter persontakst.

Kommentar
Dersom avstanden til skolen er under minstegrensa (jf. punkt 2), men eleven likevel blir innvilga skyss av kommunen (skoleskyss etter kommunalt vedtak), må kommunen dekkje heile kostnaden.

Bestilling av skolekort gjeld for eitt skoleår i tidlegare Hordaland og for heile grunnskoleperioden i tidlegare Sogn og Fjordane. Kommunen blir fakturert også for dei dagane elevane ikkje nyttar skyssen.

For elevar som blir teke inn på ein annan skole enn nærskolen, eller som dei soknar til, er kommunen ansvarleg for skyssen og skal dekkje meirkostnadene ved ei slik avgjerd. Kommunen kan søkje om refusjon for dei kostnadene som fylkeskommunen ville hatt dersom eleven gjekk på nærskolen, med fråtrekk av persontakst.

7.4 Innlosjering

Opplæringslova § 7-1

Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. I vurderinga skal det særleg bli lagt vekt på tilhøve som gjeld den einskilde elev, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.

Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjert.

7.5 Reisefølgje og tilsyn

Opplæringslova § 13-4 og § 7-4

Elevar har rett til reisefølgje dersom dette er nødvendig for at eleven skal kunne gjere seg nytte av det skysstilbodet dei har rett til.

Elevar har også rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før og etter undervisninga. Kommunen si plikt til tilsyn kan i enkelte tilfelle gjelde i samband med bytte av transportmiddel undervegs.

Kommunen har avgjerdsmynde og ansvaret for å organisere og finansiere slikt reisefølgje.

Kommentar
Tilsyn i samband med skoleskyssen er oftast aktuelt for elevar med skyss på medisinsk grunnlag. Søknad om reisefølgje og tilsyn må sendast til kommunen.

Elevar som treng hjelp til klargjering før eller etter skyss (på- og avkleding, hjelp i trapper, oppgangar eller gardsplass) må få dette av føresette eller tilsette ved institusjon/eleven sin bustad/skole. Elevar som kan ha trong for medisinering undervegs i transporten, må ha med følgje.

Transport av reisefølgje gjeld på same strekning som eleven. Dersom skolen/kommunen ønskjer ekstra transport utover dette må det avtalast særskilt med transportør, og skolen/kommunen vil vere ansvarleg for meirkostnadene. Reglane om reisefølgje og tilsyn gjeld også for elevar i friskolar med til dømes lang/ vanskeleg reiseveg og som må byte transportmiddel.


7.6 Psykososialt miljø

Opplæringslova § 9a-1 og § 9a-3

Skolen har ansvar for eit godt psykososialt miljø på skolevegen og under skoleskyssen.

7.7 Trafikkopplæring

God trafikkopplæring bør skje i samspel mellom skole og heim, og føresette har hovudansvaret for trafikkopplæring av eigne barn. Skolane har som oppgåve å gjennomføre trafikkopplæring gjennom skoletida, og skolar som har elevar som reiser dagleg med buss bør øve på trygg bussatferd.

7.8 Bussopplæring for 1. årstrinn

Kommunar som ønskjer å organisere bussopplæring for 1. årstrinn kan søkje fylkeskommunen ved Skyss om å få dekka utgiftene til dette.

Kommunen må då stille med ein følgjeperson som skal lære borna sikker bussatferd heilt frå starten den første skoleveka om hausten, dvs. 5 skoledagar. I tillegg kan det nyttast ein dag til planlegging.

Ordninga må organiserast av kommunen.

8. INNMELDING OG REGLAR FOR BRUK AV SKOLEKORT

8.1 Generelle reglar

Alle elevar som blir innvilga gratis skoleskyss, og som nyttar offentleg transport, får tildelt eit skolekort for buss (evt. andre transportmiddel som båt, ferje). Skolekorta er tilpassa skoleruta og gjeld med følgjande avgrensingar:

• Korta kan nyttast til 2 reiser pr. skoledag med ev. omstiging
• Korta skal ikkje nyttast i helgar og feriar
• Korta gjeld for maksimalt 190 skoledagar

Kommentar
Elevar med skolekort som sluttar, eller av andre grunnar går ut av skyssordninga midt i skoleåret, må levere inn skolekortet til skolen. Det er svært viktig at skolen melder frå til Skyss om elevar som går ut av skyssordninga. Dette for at kortet skal bli sperra for vidare bruk og søknaden avslutta.

Når ein elev med skolekort endrar adresse eller byter skole, må skolen sende melding til Skyss.

8.2 Tap av skolekort

Ved tap eller feil på kort gjeld følgjande:
• Melding om tapte eller øydelagde kort skal meldast via skolen til Skyss
• Eleven vil få utlevert nytt kort på skolen
• Kort som er meldt tapt blir sperra og kan ikkje brukast seinare

8.3 Misbruk

Ved misbruk eller ugyldig skolekort må ein betale tilleggstakst, jf. Transportvedtekter § 4 Tilleggstakst og kontroll av reisebevis.

Kommentar
Skolekorta kan ikkje nyttast til andre føremål enn skoleskyss mellom heim og skole. Skolekorta kan ikkje nyttast ved reise til dømes til fritidsaktivitetar etter skoletid, i helgar eller ferier.

Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss for meir informasjon om transportvedtekter.

9. VEDTAK OG KLAGERETT

Forvaltningslova § 28 og opplæringslova § 15-2

Vedtak om grunnskoleskyss er eit einskildvedtak etter forvaltningslova. Vedtaket om fri skoleskyss kan påklagast av part eller dei med rettsleg klageinteresse. Frist for å klage er tre veker rekna frå den dagen eleven får melding om vedtaket.

Ei eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune ved Skyss, som vil handsame saka på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthald og ikkje gjort om av Skyss, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen i Vestland som fattar endeleg vedtak.

Klageretten gjeld vedtak om retten til skoleskyss og organiseringa av skoleskyssen.

Elever og føresette har plikt til å gi skolen og fylkeskommunen den informasjon som er naudsynt for at det kan bli fatta vedtak om skoleskyss. Dersom eit vedtak er gjort på openbart feil grunnlag, kan fylkeskommunen gjere om vedtaket, jf. forvaltningslova sine føresegner.