Hopp til hovedinnald

Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk. Vi står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke, og vi vidareutviklar mobilitetstenester. Vi er stolte av å vere ein av landets leiande mobilitetsaktørar. Skyss går i tet med å ta i bruk ny teknologi for meir berekraftig mobilitet.

Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring, leiing, rådgiving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse, og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.

Ledige stillingar i Skyss

Rådgjevar / kontraktsforvaltar

Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Vi har ledig fast stilling som kontraktsforvaltar, i eit team som jobbar med å følge opp Skyss sine transportkontraktar. Her vil du få ansvar for å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt og å byggje vidare på eit godt samarbeid med operatørselskapa våre. Du vil også bidra i anskaffingsprosessar. Vi  ser etter deg som har masterutdanning innan økonomi, juss eller andre relevante fagområde. Du må også ha gode evner til relasjonsbygging, vere god i munnleg og skriftleg formidling, og du bør ha god kompetanse når det gjeld digitalisering.

Les meir og søk på stillinga her (webcruiter.no)

Søknadsfrist 25.11.2026