Hopp til hovedinnald

Skyss skal vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Til dagleg jobbar vi med å

  • planlegge og vidareutvikle linjenett og rutetilbod
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, båt og ferjer ved hjelp av anbodskonkurransar
  • planlegge skoleruter og koordinere skoleskyss
  • informere om og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar
  • gi kundeservice
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester

Skyss er ein del av Vestland fylkeskommune si avdeling for mobilitet og kollektiv, og har kontor i Bergen, Leikanger og Førde. Transporttenestene våre blir utførte av trafikkselskap som har kontraktar med Skyss. 

Bybanen AS er eit heileigd fylkeskommunalt selskap og har ansvar for drift og forvaltning av infrastrukturen og vognmateriellet til bybanen. Skyss og Bybanen AS har ein eigen avtale om leveransen av passasjertransport. For meir informasjon om Bybanen AS, sjå nettsida deira, bybanen.no.

Tet Digital AS er eit offentleg eigd teknologiselskap som driv digital tenesteutvikling i kollektivsektoren i Noreg. Vestland fylkeskommune ved Skyss eig Tet saman med Ruter AS og Agder kollektivtrafikk (AKT). Det er venta at fleire fylke vil gå inn på eigarsida til Tet.

Styringsdokument

Regional transportplan for Vestland 2022-2033 vart vedtatt av fylkestinget i desember 2021. Planen har mål om at «Vestland skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling».

Strategi for berekraftig mobilitet i Vestland 2022-2033 (pdf) er ein del av den regionale transportplanen.

Strategien skal understøtte dei overordna måla for Vestland fylkeskommune og sikre ei berekraftig utvikling for regionen. Strategi for berekraftig mobilitet viser korleis Skyss skal nå målet om å utvikle eit velfungerande og berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn.

Styring

Skyss sitt øvste styre er fylkestinget i Vestland, som vedtar overordna strategiar og budsjett og fattar vedtak i prinsipielle og budsjettmessige enkeltsaker.

Du finn politiske saker for Vestland fylkesting via kalenderen for politisk sakshandsaming (elementscloud.no).

Avdelingar i Skyss

  • Avdeling tilbod har ansvar for systematisk forvalting og utvikling av mobilitetstilbodet, slik at dei reisande sine behov vert møtt best mogleg.
  • Avdeling teknologi legg til rette for heilskapleg og framtidsretta digital utvikling i organisasjonen, og har ansvar for dataforvaltning og -analyse, IT-arkitektur, personvern og for koordinering og støtte i digitaliseringsprosessar i Skyss.
  • Avdeling kontrakt har ansvar for anskaffing gjennom anbodskonkurransar, og for strategisk beredskap.
  • Avdeling operasjon har ansvar for den heilskaplege kundeopplevinga i det levande tilbodet, inkludert reiseinformasjon, teknisk forvaltning av sjølveigde system, kontraktsoppfølging, avvikshandtering, operativt beredskap og kundeservice.
  • Avdeling marknad skal lytte til kundane våre og sikre at Skyss kommuniserer om tilbodet vårt på ein måte som gjer det attraktivt og tilgjengeleg
  • Avdeling stab har ansvar for annan kommunikasjon internt og eksternt, og dessutan for økonomi, administrasjon, strategi- og organisasjonsutvikling.

Leiargruppa i Skyss

imagezqtp6.png

Målfrid Vik Sønstabø

direktør

Vigdis Robak Bjørgo

konstituert leiar for
avdeling stab

imagehnvr8.png

Gudrun Einbu

leiar for avdeling tilbod

Karl Inge Nygård_s.jpg

Karl Inge Nygård

leiar for avdeling kontrakt

 

Kjetil Kristiansen

konstituert leiar for avdeling operasjon

imagek9hfw.png

Kari Steinsland

konstituert leiar for avdeling marknad

imagek9hfw.png

Hallvard Natvik

konstituert leiar for 
avdeling teknologi

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå: