Hopp til hovedinnald

Appen Skyss, reiseplanleggaren på skyss.no, gratistenesta vår for avgangvisning, (avgangsvisning.skyss.no) og digitale haldeplasskilt viser avgangstider i sanntid.

I appen Skyss

Her kan du sjå sanntid i ulike visningar.

Under Reise → Finn reise ser du estimert sanntid dersom bussen ikkje er heilt i rute. Då blir ny tid vist, og ordinær rutetid er strokne over. Du ser òg nøyaktig kvar bussen er på kartet.

Under Reise → Sjå avgangar ser du ein grøn, gul eller raud sirkel som blinkar. Grøn betyr at bussen er i rute, gul betyr inntil 3 minutt forseinka, og raud betyr innstilt.

Du finn sanntid for Hordaland og Nordfjord. Dette kjem for Sunnfjord og Sogn sommaren 2026.

Les meir om appen Skyss Reise

Digitale skilt på haldeplass

På utvalde haldeplassar har vi digitale skilt som også viser sanntid. Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid i klokkeslettform (tt:mm). Alle haldeplasskilt er monterte med ein høgtalar, der dei som ønsker det, kan få lest opp informasjonen som står på skjermen.

Sanntidsskilt viser berekna tid for når bussen køyrer frå haldeplassen. 

Nyttig informasjon
Ved større hendingar som påverkar kollektivtrafikken, informerer vi om avvik i blant anna appen Skyss, reiseplanleggaren og på digitale haldeplasskilt. Meir informasjon om korleis du oppdaterer deg ved avvik i kollektivtrafikken finn du her.