Hopp til hovedinnald

24-timarsbilletten for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter gjeld på følgande båtruter:

  • Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
  • Eidesvik-Espevær (gjeld frå og med 1. juli)
  • Florabassenget (gjeld frå og med 1. juli):
    • Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
    • Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) 
  • Kaupanger kai - Frønningen (gjeld frå og med 1. juli)

Om 24-timarsbilletten

Du kan kjøpe 24-timarsbillett for kategoriane vaksen, barn og honnør.

24-timarsbilletten er ein upersonleg billett og kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Personen som brukar 24-timarsbilletten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar.

Du kan kjøpe 24-timarsbillett for ei eller fleire soner. Billetten gjeld frå første gong han vert kjøpt/aktivert.

24-timarsbillett for Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter kan også brukast på reiser med tog mellom Bergen og Arna/Trengereid i sone A.

Slik kjøper du 24-timarsbillett

Du kan kjøpe 24-timarsbillett på følgjande måtar:

Familierabatt

Hugs at du som reiser med 24-timarsbillett for vaksen eller honnør på Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter, kan få familierabatt.