Hopp til hovedinnald

Arabic translation 
Ukrainian translation
Russian translation
English translation

Frå 1. februar gjeld følgande: 

  • Asylsøkarar med gyldig asylsøkarbevis kan reise gratis med kollektivtransport i Vestland fylke. Dette gjeld på Skyss sine transportmiddel buss, bybane og båt, med nokre unntak. 
  • Ordninga gjeld ikkje på følgande båtruter: 
    • Turitsbåtrute Hardanger: Norheimsund – Eidfjord
    • Turistbåtrute Flåm 
  • Ordninga gjeld ikkje for ekspressbussar.
  • Ordninga gjeld ikkje for bilar på båt eller ferje.
  • Ordninga gjeld frå 1. februar og inntil vidare.

Ordninga om gratis reise for ukrainske flyktningar blir endra

Ordninga frå 2022 med gratis kollektivtrafikk for ukrainske flykningar i Vestland fell vekk og blir erstatta med ny ordning. Det vil seie at berre ukrainske flyktningar med gyldig asylsøkarbevis kan reise gratis frå 1. februar. 

Домовленість щодо безплатного проїзду для українських біженців буде змінено.

Домовленість, що діяла з 2022 року, щодо безплатного проїзду для українських біженців у муніципалітеті Вестланд скасовується і буде замінена на нову домовленість. Це означає, що з 1 лютого тільки біженці, що мають дійсне посвідчення шукача притулку мають безплатний проїзд.

The scheme for free travel for Ukrainian refugees will be changed

The 2022 scheme involving free public transport for Ukrainian refugees in Vestland County is ending and will be replaced with a new scheme. This means that only Ukrainian refugees with a valid asylum seeker card can travel for free from 1 February.

Informasjon til passasjerar

Gyldig asylsøkarbevis fungerer som reisebevis på Skyss sine transportmiddel frå 1. februar 2023. Beviset inneheld mellom anna namn, fornamn, dato for utstedelse og kva dato beviset er gyldig til. Ved billettering eller kontroll blir utløpsdato på kortet sjekka.

Både nytt og gamalt kort blir godteke som reisebevis, så lenge asylsøkarbeviset er gyldig. 

Publisert:

Oppdatert: