Militærrabatt
Vernepliktig militært personell som tenestegjer i forsvaret kan kjøpe militærbillett.
Når du skal reise med Skyss sine bussar, bybanen og båtruter med sonepris, får du militærrabatt på alle billettar.
Du får
- 50 prosent rabatt på enkeltbillettar for alle soner.
- 40 prosent rabatt på 24-timarsbillettar og periodebillettar for 7 og 30 dagar
Enkeltbillett for militær i sone A kan du også bruke på reiser med tog mellom Bergen og Arna/Trengereid (Vossebanen og Arnalokalen).
På desse båtrutene gjeld sonepris: Kleppestø–Strandkaiterminalen, Knarvik–Frekhaug–Strandkaiterminalen og båtrutene i Florabassenget.
Her finn du informasjon om militærrabatt på båtrutene som ikkje har sonepris
Kven kan kjøpe millitærbillett?
Med militært personell som tenestegjer i forsvaret meiner vi:
- soldatar i førstegongsteneste
- oppmøte til, og heimreise ved dimittering frå, førstegongsteneste
- reise til og frå sesjon
- militære lærlingar i første og andre utdanningsår
- oppmøte/heimreise til ny tilføring i Heimevernet eller oppmøte/heimreise til repetisjonsteneste
- elevar og studentar ved Forsvarets høgskule
Billettkontroll
Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris
Innkallingsbrev (gyldig berre på reise til oppmøte til førstegongsteneste og ny tilføring og repetisjonsøvingar i Heimevernet), studentbevis for krigsskulen eller Forsvarets blå identitetskort er einaste godkjente moderasjonsbevis.