Hopp til hovedinnald

Vi tek deg dit du skal – heile semesteret

Semesteret er ei reise. No ventar nye, spennande destinasjonar på deg. Som student får du alltid 40 prosent rabatt på alle enkeltbillettar og periodebillettar på buss og bybane. Du får også rabatt når du skal reise med båt.
 
Så uansett kvar du skal i studietida, kan du reise med oss. Velkommen om bord til eit nytt semester! 

Du som er student får:

Billettane til Skyss sine bussar, Bybanen og nokre båtruter, kan du også bruke på tog mellom Bergen og Voss, og Bergen og Arna/Trengereid. Sjå detaljar om bruk av Skyss-billettar på tog her.

Studentrabatten gjeld for personar til og med 29 år, og blir gitt til:

  • student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
  • lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4.
  • vaksen framandspråkleg som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet.

På båtar i Sogn og Fjordane gjeld eigne reglar og rabattar for student.

Under 21 år? 

Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 380 kroner i månaden. 

Når du reiser på studentbillett, må du på førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør alltid kunne vise bevis på at du studerer/går i lære det aktuelle semesteret. Følgande vert rekna som gyldig bevis:

  • Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
  • Dokumentasjon frå skule som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
  • Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

For lærlingar/lærekandidatar er gyldig dokumentasjon anten:

  • Personleg ID-kort frå bedrifta, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”.
  • Kopi av lærekontrakt.
  • Stadfesting frå bedrift om at du er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato.

Personar som ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at dei har krav på studentrabatten, må betale gjeldande gebyr.

Billettkontroll

Er du under 21 år? 

Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 380 kroner i månaden.