Hopp til hovedinnald

Bruk reiseplanleggaren
Oppdaterte avgangstider finn du i reiseplanleggaren vår på nettsida og i appen Skyss Reise. Vi anbefaler at du reknar god tid når du skal reise. Sjekk gjerne den planlagde avgangen din før avreise.

Forseinkingar og endringar
Når det skjer noko som påverkar reisa di, kan du forvente å finne oppdatert informasjon frå oss fleire stader.

For meir informasjon, sjå https://www.skyss.no/nyttig/informasjon-om-avvik/

Alle som reiser med oss må ha gyldig billett. Dersom du har kjøpt ein billett til rabattert pris, må du også kunne vise fram dokumentasjon på at du har rett på rabatten.

Når du reiser i bergensområdet (sone A)
Innanfor bergensområdet treng du ikkje vise fram billetten ved ombordstiging, og du kan gå inn både framme og bak i bussen. På bybanen i Bergen kan du ikkje vise fram billett til førar, men du viser den fram i billettkontroll. Dersom du skal reise med ein buss eller båt som køyrer ut av bergensområdet, må du vise fram billetten når du går om bord.

Når du reiser utanfor bergensområdet
Utanfor bergensområdet skal du alltid vise fram billetten når du går om bord, både på buss og båt. 

Dersom du reiser med buss utanfor bergensområdet og har barnevogn, bagasaje, sykkel eller av andre grunnar må bruke bakdøra, skal du gå fram til sjåføren for å vise billetten din etterpå. For passasjerar med rullestol, rullator eller andre som treng det, vil sjåføren komme bak i bussen for å sjekke billetten.

Uansett kvar du reiser i Vestland, kan sjåførar, båtmannskap og kontrollørar be om å få sjå billetten din, når som helst.

Tog, ekspressbuss og ekspressbåt
Når du reiser med Skyss-billettar på tog, ekspressbuss eller ekspressbåt, gjeld eigne reglar.

Reisande som allereie er om bord, kan ikkje bli bedne om å gå av for å gi plass til andre. Det betyr at vi dessverre ikkje kan garantere sitte- eller ståplass til alle reisande. Dette gjeld også for deg som reiser med rullestol, barnevogn, sykkel eller dersom du har med deg meir bagasje enn handbagasje.

Reise med rullestol, barnevogn, sykkel eller bagasje
Transportmidla våre varierer i utforming og storleik. Det er avgrensa plass om bord til rullestolar, barnevogner, syklar og bagasje. Inne i bussane er det eit eige område for dette, kalla fleksområdet.

Ved fleire reisande på same busshaldeplass skal sjåføren ved for lite plass i fleksområdet, prioritere i denne rekkefølga:

  • Reisande i rullestol
  • Reisande med barnevogn
  • Reisande med sykkel/sparkesykkel eller bagasje

Ved behov for å frigjere plass i fleksområdet, kan sjåføren be andre reisande om å flytte seg og eventuell bagasje til ein annan plass i bussen.

Her finn du meir informasjon om bagasje

Reisegaranti når det ikkje er plass
Reisegarantien gjeld for buss, bybane og båt, og forpliktar oss til å gjere vårt beste for at dei reisande skal komme fram i rett tid. Dersom vi ikkje kan tilby alternativ transport og/eller dersom du blir meir enn 20 minutt for sein, vil vi tilbakebetale dokumenterte utlegg innanfor gjeldande reglar og satsar.

Reisegarantien gjeld også ved forseinkingar som skuldast fråkøyring på grunn av plassmangel. Merk at fråkøyring fordi det ikkje er plass til barnevogn, sykkel/sparkesykkel og bagasje utover handbagasje, ikkje gir rett til refusjon.

Les meir om reisegarantien og korleis du går fram

Her finn du informasjon for reiser med

Sanntidsinformasjon
Sanntid betyr oppdatert informasjon om kva tid bussen er forventa å køyre frå haldeplassen din. På avgangar med sanntidsinformasjon er dette markert med oransje farge i appen Skyss Reise og reiseplanleggaren. Du finn også sanntidsinformasjon på digitale haldeplasskilt på utvalde haldeplassar. 

Meir informasjon om sanntidsinformasjon finn du her.

Sjekk kor full bussen er før han kjem
Mens du ventar på bussen, kan du i nokre område sjekke kor mykje plass det er om bord. Dette kan du gjere både i reiseplanleggaren, på sanntidsskilt og på skjermar på haldeplassar. Meir informasjon om løysinga finn du her.

Passeringstider på haldeplassar
Rutetider som er oppgitt i rutetabell og reiseplanleggar er planlagde passeringstider for buss på haldeplassane. Passeringstidene kan avvike noko frå det som er oppgitt. Bussen følger trafikken, og den kan dermed vere litt tidlegare eller litt seinare enn oppgitt rutetid. Vi anbefaler at du alltid er ute i god tid.

Røykfrie haldeplassar
Alle våre haldeplassar og terminalar i Hordaland er røykfrie. 

Gje tydeleg teikn
Hugs å gje tydeleg teikn til bussjåføren når du står på haldeplassen. Då oppfattar bussjåføren at du ønskjer å vere med bussen. Dersom du skal kjøpe billett om bord med kontantar, er det lurt å ha pengane klare.

Tryggleik
Vi prioriterer tryggleik høgt og ber deg derfor ta omsyn til følgande råd på våre transportmiddel:

Mat og drikke  
Nokre bussar i Bergensområdet er skilta med forbod mot mat og drikke om bord.

Lading
På nokre bussar er det straumuttak under vindauga for å lade mobiltelefon.

Gruppereiser
Dersom ei gruppe på 15 personar eller fleire reiser saman med buss, må det meldast frå til busselskapet minst 24 timar før reisa tek til.

Behov for assistanse på Bergen busstasjon
Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring vektar rett før du kjem til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14

Hittegods
Dersom du har mista noko på bussen, tek vi vare på det. Sjå informasjon om hittegods her.

Praktisk informasjon

  • Det er berekna kort tid på haldeplassane, så du bør gå av og på raskt. Du må sjølv opne dørene med eigne knappar på innsida og på utsida.
  • Døropnarar er merka slik:
    • Svart knapp merka < > Brukast når dørene skal ha normal lukketid.
    • Blå knapp. Forleng tida dørene er opne. Dermed kan reisande med til dømes rullestol, barnevogn eller mykje bagasje få noko lengre tid til avstiging.
    • Grøn knapp merka ”STOP”. Når du trykker på denne, vil dørene opne automatisk på neste haldeplass.
  • Når dørene kan opnast, lyser det eit grønt lys over døra. Før dørene går igjen, kjem det eit skarpt lydsignal, og lyset over døra blir raudt.
  • Det er ikkje avfallskorger inne i vognene, så vi anbefaler deg å bruke avfallskorgene på haldeplass.
  • Alle vogner og haldeplassar er videoovervaka.

Tryggleik langs bybanetraseen
Vis omsyn når du ferdast langs bybanetraseen. Alle gåande, syklande og køyrande har vikeplikt for bybanen. 

Les meir om trafikktryggleik langs bybanen

Korrespondanse og reisesøk
Det er ikkje korrespondanse mellom bybanen og buss. Vi anbefaler derfor å rekne god tid ved overgang. I reiseplanleggaren, under menyvalet "Fleire val", kan du blant anna justere overgangstid. 

Forseinkingar og endringar
Når det skjer noko som påverkar reisa di, kan du forvente å finne oppdatert informasjon blant anna på skyss.no/avvik.  

Merk at bybanen ikkje har sanntidsprognosar som viser når avgangen er forseinka eller for tidleg. Avgangstidene i Skyss Reise App og reiseplanleggaren vil difor ikkje vere oppdaterte når dette skjer.

Innstilte avgangar på bybanen vil bli fjerna frå reisesøk.

Lystavler og høgtalarar
Inne i bybanen vil namnet på neste haldeplass vise på ei lystavle i taket og annonserast av ei stemme over høgtalar.

På kvar haldeplass er det lystavler som automatisk viser noverande og neste avgang.

Bagasje, barnevogn og sykkel
Bruk ei av dei midtre dørene dersom du har barnevogn, sykkel eller mykje bagasje.

Tilgjengelegheit
Bybanen er universelt utforma. Det betyr at så mange som mogleg skal kunne reise med bybanen uavhengig av funksjonsevne.

Mat og drikke  
Det er forbod mot mat og drikke om bord i bybanen.

Hittegods
Dersom du har mista noko på bussen, sjå informasjon om hittegods her.

Barn
Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følge av ein person over 16 år.

SMS-varsling for båt
I tillegg til å finne informasjon om avvik på skyss.no/avvik og ved søk i reiseplanleggaren, kan du i mange tilfelle få varsel på SMS dersom båten er forseinka eller innstilt.

Vegtrafikklova gjeld om bord
Vegtrafikklova og dei føresegner som elles gjeld for køyring med motorvogn gjeld på bildekket og ved ombord- og ilandkøyring. Bilførar har difor vanleg ansvar for køyringa om bord på linje med køyring på landeveg.

Ferjemannskapet dirigerer og assisterer
Mannskapet har ansvar for ombordkøyring, plassering av bilane på ferjedekk, og ilandkøyring. Vi ber om at du rettar deg etter signala dei gir.

Behov for assistanse
Ikkje alle fartøy er like godt tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du treng hjelp eller har behov for at det blir teke spesielle omsyn, gi beskjed til mannskapet ved å ringe til ferja i god tid før ankomstDu finn telefonnummeret i rutetabellen for sambandet her.

Skru av bilalarmen
Alarmen på bilen din kan løyse seg ut på grunn av beveglsar på dekk under overfarten. Lyden frå alarmen kan skade høyrselen til mannskap og passasjerar, og kan i tillegg skremme barn og dyr. Vi ber alle som reiser med bil på ferje om å slå av alarmen, og om nødvendig bevegelsessensoren på bilen, før de køyrer om bord.

Barn
Barn som reiser åleine: Ta kontakt med mannskap for nærare instruksar.

SMS-varsling for ferje
I tillegg til å finne informasjon om avvik på skyss.no/avvik og ved søk i reiseplanleggaren, kan du i mange tilfelle få varsel på SMS dersom ferja er forseinka eller innstilt.

I Bergen kan du bruke bysyklar og elsparkesyklar for å komme deg rundt. På kartet i appen Skyss Reise finn du oversikt over sykkelstativ der du kan leige syklar frå Bergen Bysykkel. Her finn du også oversikt over tilgjengelege elsparkesyklar.

Skal du ha med deg noko, eller reise med barn eller dyr?

Vi vil at alle skal kunne reise med oss, også du som reiser med barn. Her finn du praktisk informasjon og gode råd for reiser med barn og barnevogn.

Du kan ha med barnevogn gratis dersom det er ledig plass. Sjåføren eller mannskapet avgjer om det er plass.

Sikring av barnevogn:

  • Barnevogna skal alltid ha tilsyn av ein vaksen person.
  • Bruk bremsa på vogna.
  • Der det er sikringsutstyr tilgjengeleg, for eksempel stropper, brukar du det til å feste barnevogna.

Treng du meir tid i dørene?
På bybanen og dei fleste bussar finn du ein eigen knapp for å varsle sjåføren dersom det er behov for meir tid til å kome på eller av. Knappen er blå eller kvit og symbolet kan vere ein rullestol eller barnevogn. Du finn knappen ved bakre inngangsdør på bussane, og i området som er tilpassa rullestol og barnevogn (sjå bilde under).

Bildet viser blå knapp med rullestol-symbol inne i bussen på motsatt side av den bakre inngangen. Knappen kan benyttes for å signalisere for sjåføren at man trenger lengere tid.

Blå knapp i midten av bussen med rullestolsymbol.

Bildet viser knapp med barnevogn-symbol på utsiden av bussen ved siden av bakre inngang. Knappen kan benyttes for å signalisere for sjåføren at man trenger lengere tid.

Knapp ved siden av bakre inngang med barnevognsymbol.

Les meir om prioritering av plass om bord

 

Det er forskrifta om bruk av bilbelte som fastset reglane for sikring av barn på buss. På sidene til Statens vegvesen og Trygg trafikk finn du informasjon om reglane og praktiske råd om korleis du sikrar barn trygt når du skal reise med buss.

Under har vi samla informasjon om kva utstyr vi har om bord i bussane våre.

Vi har setebelte i alle bussane våre, med nokre få unntak.

Les meir om setebelte

Skyss stiller krav om barnesete i dei aller fleste bussane i fylket. Unntaket er i hovudsak såkalla bybussar, som har trappefri inngang både framme og bak, og minibussar.

I det fleste bussane som har barnesete er dette integrerte barnesete, som passar barn frå 1 til 3-4 år.

Ver merksam på at bussar i Sogn og Sunnfjord som har barnesete, har lause barnesete tilpassa barn frå 1 til 3-4 år, som festast med trepunktsbelte.

Dersom du skal vere heilt sikker på at bussen du skal reise med har barnesete som passar barnet ditt, kan du ta kontakt med kundeservice, så sjekkar vi for deg.

Ingen av bussane våre har barnesete tilpassa barn under 1 år. Det er mogleg å ta med eigen babystol tilpassa barnet som skal reise, og feste babystolen med trepunktsbelte eller ISOFIX i bussen.

Utanfor bergensområdet har dei aller fleste bussane trepunktsbelte. Nokre har også ISOFIX. I bergensområdet manglar dessverre dei fleste bussane både trepunktsbelte og ISOFIX.

Dersom du skal vere heilt sikker på at bussen du skal reise med har trepunktsbelte eller ISOFIX tilpassa babystolen din, kan du ta kontakt med kundeservice, så sjekkar vi for deg.

Vi gjer merksam på at det er avgrensa tal barnesete og ISOFIX i bussane som har dette.

  • På haldeplassen

    • Dersom de skal reise med ei gruppe barn, anbefaler vi at de er fleire vaksne.
    • Pass på barna. Ikkje la dei springe eller leike på haldeplassen/terminalen.
    • Bruk refleks eller refleksvest, spesielt i mørket. Då blir det lettare å sjå både barn og vaksne. Les meir om refleks.

    På- og avstiging 

    • Hjelp barna trygt på og av bussen, bybanen eller båten.
    • Vent alltid til bussen eller bybanen har køyrt før de kryssar vegen.

    Under reisa

    • Pass på at barna held seg unna dørene medan bussen eller bybanen køyrer.
    • Dersom det er mogleg, bør alle barna ha sitteplass og bruke setebelte der dette er montert. Med få unntak har alle våre bussar setebelte.
    • Gi beskjed til barna i god tid før de skal av, slik at dei er klare når de kjem fram.

Det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende aleine på reise. 

Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følge av ein person over 16 år.

Med familierabatt kan du som er over 18 år ta med deg opptil fire barn gratis. Rabatten gjeld kvar dag heile året.

Hugs at:

  • Du må vere over 18 år og ha gyldig billett for vaksen, honnør, student eller militær.
  • Barna må vere mellom 6 og 18 år.
  • Barn under 6 år reiser gratis. 

Familierabatten gjeld på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter. Ver merksam på at rabatten ikkje gjeld på flybussane i Førde og Sogndal. 

Familierabatt på tog
Rabatten gjeld på tog mellom Bergen-Arna-Trengereid dersom du har enkeltbillett eller 24-timarsbillett for sone A, og på tog mellom Bergen-Voss dersom du har periodebillett (7, 30 eller 180 dagar) for sonene A, E og F.

 

 

Vi vil at alle skal kunne reise med oss, også du som reiser med rullestol, og vi jobbar kontinuerleg for å sikre universell utforming av kollektivtilbodet. Her finn du praktisk informasjon om korleis du kan reise med rullestol på våre transportmiddel.

Generelle retningslinjer for rullestol

For at alle skal reise trygt, gjeld desse krava for rullestol på alle våre transportmiddel:

  • Maks lengde: 120 cm
  • Maks breidde: 80 cm
  • Maks totalvekt inkludert brukar: 300 kilo   

Sikring av rullestol:

  • Sett alltid på bremsa
  • Bruk sikringsutstyr der det finst om bord
  • Der det er sikringsutstyr tilgjengeleg, for eksempel stropper, brukar du det til å feste rullestolen.
  • Følg instruksjonane på skilt eller frå sjåfør eller mannskap

Sjåfør eller mannskap hjelper deg så langt det er praktisk mogleg når du skal av og på.

Reise med rullestol på bybanen

Alle bybanevogner har inngangar utan trapper eller ramper. Du kan trille rett frå plattforma og inn på bybanen.

På bybanen har vi blå knappar på dørene, som du kan trykke på for å forlenge tida dørene er opne.

Reise med rullestol på buss

Mopedrullestolar og scootarar er for store og/eller for tunge og kan ikkje sikrast på bussane, og desse er difor ikkje lov å ta med. Alle andre typar rullestolar skal du i utgangspunktet kunne reise med.

I byområda
Her bruker vi stort sett bussar med lågt golv. Ved bakdøra har vi ramper som kan leggast ut, slik at du kan køyre om bord.

Utanfor byområde
Her bruker vi ei blanding av bussar med lågt golv, og bussar med trapper ved både fram- og bakdøra. Bussane med trapper ved begge dørene har rullestolheis ved bakdøra, og sjåføren hjelper deg om bord. På bussar med lågt golv er det ramper ved bakdøra som kan leggast ut, slik at du kan køyre om bord.

Kvar kan det vere vanskeleg å reise med rullestol på buss?
I Sogn, Sunnfjord og Sunnhordland har vi nokre bussar som ikkje er tilrettelagde for rullestol. Skal du reise her må du sjekke på førehand.

Slik gjer du:

  • Kontakt kundeservice og fortel oss kor og når du skal reise.
  • Vi sjekkar om reisa let seg gjennomføre og gir deg tilbakemelding.

Frå juli 2026 vil alle bussar i desse områda vere tilrettelagde for rullestol.

Prioritering av plass om bord
Det kan av og til oppstå problem med plassen om bord. Det kan til dømes vere vanskeleg å få plass til rullestol og barnevogn samtidig. Vi beklagar at dette kan føre til praktiske utfordringar for deg som brukar rullestol. Dersom du blir forseinka på reisa di fordi vi ikkje har plass til rullestolen din, gjeld reisegarantien.

Reise med rullestol på båt

Tilrettelegging for rullestol varierer mellom ulike båtar, ruter og kaier, men på dei aller fleste båtruter skal det vere mogleg å reise med rullestol. 

Dersom du er usikker kan du ta kontakt med kundeservice, så hjelper vi deg med å planlegge reisa.

Personar med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, kan ha med seg ein følgeperson som reiser gratis på Skyss sine transportmiddel. Følgepersonen treng derfor ikkje eigen billett.

Når du bruker Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, bybanen og båt. På reiser med tog utanfor sone A gjeld eigne reglar.

Du kan ta med deg kjæledyr på reise med oss dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande. Kjæledyr skal sikrast i band eller bur, sitte på fanget eller på golvet, og dei skal ikkje hindre fri passasje under transporten. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli vist bort.

Kjæledyr reiser gratis.

Om du reiser med kjæledyr og har overgang til tog eller ekspressbuss, må du vere merksam på at dei har eigne reglar.

Med sykkel meiner vi sykkel, elsykkel, sparkesykkel og elsparkesykkel, vidare omtalt berre som sykkel. For at alle skal reise trygt, gjeld desse krava for sykkel på alle våre transportmiddel:

  • Maks lengde: 175 cm
  • Maks breidde: 70 cm

Sykkel på buss og bybane:

  • Det må vere eigna og ledig plass.
  • Sykkelen skal ikkje vere til hinder eller sjenanse for andre, eller sperre dører, midtgangar eller naudutgangar.
  • Der det er sikringsutstyr tilgjengeleg, for eksempel stroppar, brukar du det til å feste sykkelen.

Les meir om prioritering av plass om bord.

Sykkel på båt 
På nokre båtruter skal syklar plasserast ute på dekk. Følg rettleiinga frå mannskapet om kvar sykkelen skal stå. Mannskapet plasserer syklar slik at lasting og lossing skjer trygt og effektivt, og tek omsyn til plass og tryggleik om bord.

Pris for sykkel

  • Buss og bybane: same pris som barn
  • Alle båtar: gratis

Sykkelparkering
På fleire terminalar er det lagt til rette for sykkelparkering.

 

Du kan ta med deg bagasje gratis på buss, bybane og båt. Med bagasje meiner vi enkle og handterlege ting som ryggsekk, koffert, bag, ski og akebrett.

Sikring av bagasje

  • Det må vere eigna og ledig plass, og bagasjen må kunne plasserast på ein sikker måte.
  • Bagasjen skal ikkje vere til hinder eller sjenanse for andre, eller sperre dører, midtgangar eller naudutgangar.
  • Har du med ski eller skiutstyr, bør du feste dei saman og vi anbefaler at du pakkar dei inn i skipose.

Sjåføren eller mannskapet avgjer om det er plass.

Handbagasje som du kan ha på fanget ditt, er alltid mogleg å ta med.

Bagasjeplass på buss
Dei fleste bussane våre har ikkje bagasjerom under bussen. Desse bussane har trappefri inngang både framme og bak, som ivaretar reisande som har behov for trappefri tilkomst. Inne i bussane er det eit avgrensa område kalla fleksområde, for rullestolar, barnevogner, syklar og bagasje. Der sikringsutstyr er tilgjengeleg, brukar du det til å feste bagasjen. 

Her kan du lese meir om korleis vi prioriterer kven som skal få bruke plassen i fleksområdet, når det ikkje er plass til alle. 

Anna informasjon om kollektivtilbodet

Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring vektar rett før du kjem til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14    

Du finn parkering for bil og sykkel på utvalde stader i Bergen og omegn. Dette gjer det enklare å kombinere kollektivreising med bil og sykkel.

Her finn du meir informasjon om bilparkering og informasjon om sykkelparkering.

Du kan ha rett på refusjon for utgifter dersom du blir forseinka og det er meir enn 20 minutt til neste avgang etter rutetabellen. Merk at reisegarantien ikkje gjeld dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast tilhøve utanfor vår/transportøren sin kontroll.

Informasjon om reisegarantien finn du her.

Transportvedtektene gjeld som avtale mellom Vestland fylkeskommune v/ Skyss og kvar enkelt reisande.

Transportvedtekter

Eu-forordning om busspassasjerrettigheiter

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kundeservice her.