Trafikktryggleik langs bybanetraseen
Vis omsyn når du ferdast langs bybanetraseen. Alle gåande, syklande og køyrande har vikeplikt for Bybanen.
Ei tom bybanevogn som køyrer i 30 km/t vil ha ei bremselengd på om lag 15 meter ved full nedbremsing. I 50 km/t er bremselengda ved slik farebrems om lag 36 meter. Med passasjerar om bord blir bremselengda lengre.
Informasjon til fotgjengarar:
- Kryss berre sporet på anviste stader.
- Gangkryssingane over sporet kjennast att ved at dei er utført i grått.
- Ved grøn mann kan du trygt krysse sporet.
- Har du ikkje grønt lys, har du alltid vikeplikt for Bybanen – også i anviste gangkryssingar.
- All ferdsel i Bybanens trasé er forbode! Dette er for din eigen tryggleik.
- Ferdsel i traséen kan føre til melding til politiet.
- Ferdsel i tunnelane er knytt med livsfare! Her held Bybanen høg fart.
Informasjon til syklistar:
- Kryss berre sporet på anviste stadar.
- Alle kryss i traséen kan kjennast att ved at dei er utført i raudt.
- Gangkryssingane over sporet kjennast att ved at dei er utført i grått.
- Ved kryssing av traséen: Kryss på tvers av sporet, det vil seie mest mogleg vinkelrett på spor. Slik unngår du å få hjulet ned i skinnegangen. Hugs at skinnene er glatte.
- All ferdsel i Bybanens trasé er forbode. Det kan være freistande å sykle i bybanetraséen, men forbodet er for din eigen tryggleik. Ferdsel i traseen kan føre til melding til politiet.
Informasjon til bilistar:
- Følg trafikklys ved kryssing av bybanetraséen.
- Der det ikkje er trafikklys i krysset, eller dersom desse skulle vere ute av drift, har bilistar alltid vikeplikt for Bybanen, i begge retningar, det vil seie både frå høgre og venstre side.
- Køyr ikkje ut i kryss/planovergang som er markert med raudt, før du er heilt sikker på at du kan kome gjennom krysset. Stopp aldri i det raude feltet i vegen der sporet kryssar.
- All køyring i Bybanen sin trasé er forbode. Køyring og parkering i traséen vil føre til melding til politiet.