Hopp til hovedinnald

Belte i buss redder liv

Bruk av belte i buss holder deg på plass i setet, slik at du ikke er til fare for deg selv eller andre hvis det skulle skje en ulykke

Spørsmål og svar om belte i buss  

Kvifor er det ikkje setebelte i alle bussar?
Det finst tre bussklassar i Noreg og EU-området. Ifølgje nasjonale køyretøyforskrifter skal bussar av klasse 2 og 3 ha setebelte. Skyss nyttar ein kombinasjon av bussklasse 1 og 2 i bussdrifta i Vestland. I nye busskontraktar stiller Skyss krav til operatørselskapa om at det skal vere setebelte i alle nye bussar, inkludert i bussar av klasse 1, og vi har no  setebelte på alle bussane i Vestland med nokre få unnatak, som er der det framleis blir nytta eldre bussar i nye kontraktar eller når reservemateriell blir nytta. Dette gjeld nokre få bybussar i Odda og på Stord. Dette er klasse 1-bussar der det ikkje er fysisk mogleg å ettermontere setebelte.

Kvifor må eg som sit nytte setebelte, medan dei som står ikkje er sikra?
Det er Vegdirektoratet som har ansvar for køyretøyforskriftene, og spørsmål om desse må rettast dit.

Klasse 2-bussane har både ståplassar og påbod om setebelte for dei som sit. Ifølge Vegdirektoratet er dette eit kompromiss mellom omsynet til trafikktryggleik og effektiv avvikling av kollektivtransporten. Alle kan sjå at det er eit paradoks at nokon skal sitje trygt med belte, medan andre står usikra. Men alternativa er at ingen er sikra, noko som jo ikkje er tryggare, eller at det ikkje er lov med ståplassar. Dersom alle reisande skal ha sitjeplass med setebelte, vil det gjøre kollektivsystemet i byområda både mykje dyrare å drive og betydeleg mindre effektivt, fordi på- og avstiging vil ta mykje lengre tid enn det gjer i dag. Eit effektivt kollektivsystem gir fleire kollektivreisande og bidrar til å redusere talet på bilar på vegane, noko som i seg sjølv med på å auke trafikktryggleiken for alle.

Kvifor køyrer bussar utan setebelte og med ståplassar på motorveg?
Alle bussar har lov å køyre på alle vegar. Det at vi har ulike bussar i ulike ruteområde, er definisjonar som Skyss sjølv har gjort. Bybussar (klasse 1) har ei fartsavgrensing på 70 km/t.

Klasse 1 og 2-bussane representerer eit kompromiss mellom omsynet til trafikktryggleik og omsynet til en effektiv avvikling av kollektivtrafikken. Kollektivtrafikk der ein berre nyttar bussar som tilsvarer langdistanse-bussane vil ikkje vere praktisk mogleg.

Kva gjer eg dersom setebeltet i bussen er øydelagt?
Setebelta skal haldast ved like av busselskapa. Dersom du likevel opplever at setebeltet ikkje fungerer, ber vi deg om å gjere bussjåføren merksam på dette. Alternativt kan du melde frå til Skyss med melding om busslinje, tidspunkt og haldeplass.

Kvifor har nokre bussar tre-punktsselar, medan andre har to-punktselar?
I kontraktane Skyss har operatørane, har vi definert setebeltekrav i tråd med Bus nordic-standard. Det vil seie at det i kontraktane våre med operatør er stilt krav om setebelte i bussane, men operatør står fritt til å velje om det skal vere 3-punkts-eller 2-punktsselar.

Kva gjer eg dersom setebeltet er for kort til meg?
Det er Statens vegvesen som gjennomfører kontrollar, og dei har retningslinjer om ikkje å gi gebyr til reisande som ikkje får på seg setebeltet.

Skyss-bussar følgjer nasjonal køyretøyforskrift, der lengda på setebelta ikkje er definert. Skyss har tilslutta seg ein nordisk busstandard (Bus Nordic), som avgrensar handlingsrommet for å stille særeigne krav. Setebelta er ekstra lange i alle nye Skyss-bussar i kontraktsområda Nordhordland, Bergen sør (Fana, Ytrebygda og Os) og i Vest (Askøy, Sotra og Øygarden), sidan desse kontraktskrava kom før Bus Nordic-standarden vart innført.

Det finst ikkje løysingar for setebelteforlenging som enkelt kan nyttast i buss.

Kvifor er det ikkje setebelte på Bybanen?
Det er ikkje setebelte i trikk, tog eller bybane nokon stad i verda. Ytterlegare spørsmål om dette må rettast til Jernbanetilsynet, som har ansvaret for regelverket knytt til Bybanen. 

Les meir hos Statens vegvesen