Skoleskyss

NB! Smitteverntiltak for skoleskyssen

Det er Skyss som har ansvar for skoleskyssen i Vestland og elevar som har rett på dette får innvilga gratis skoleskyss.

Desse kan få innvilga skoleskyss:

  • 1. klassingar som bur minst 2 km frå skolen
  • 2-10 klassingar som bur minst 4 km frå skolen
  • Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde eller er for gammal til å kjøpe ungdomsbillett, og har meir enn 6 km til skolen
  • Elevar som har for kort avstand, men der skolevegen blir definert som særleg farleg (søknad sendast til kommunen)
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skole og heim uavhengig av reiselengde

Om du meiner du har rett på gratis skoleskyss må du kontakte skolen, som søkjer om skoleskyss på vegne av elevane.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skolereisekort for buss kan søke sjølv her

Ikkje krav på skoleskyss? Gå inn på nettbutikken for meir informasjon og kjøp av billettar