Hopp til hovedinnald

Den 20. juni 2022 blei Kringom til Skyss.

Nettsida kringom.no er lagt ned, men her på skyss.no vil du finne alt du treng å vite når du skal reise kollektivt i Vestland.

Praktisk informasjon

Kringom.no

Nettsida kringom.no er lagt ned. No finn du all informasjon om å reise kollektivt i Vestland på skyss.no. 

Bussane i Sogn og Fjordane

Det er framleis Kringom-fargar og -namn på bussane i Sogn og Fjordane. Dette blir først endra når bussane blir bytta ut ved oppstart av nye busskontraktar.

Bussane med Kringom-profil er likevel å rekne som Skyss-bussar, og blir omtalte som det. Dette gjeld mellom anna på skyss.no, i reiseplanleggaren og i appane Skyss Billett og Skyss Reise.   

Dei fleste reisekorta frå Kringom blei ugyldige frå 20. juni 2022. 

Kringom periodekort

Buss: Kringom periodekort kan ikkje lenger brukast på bussar i Sogn og Fjordane. Her finn du informasjon om periodebillett for buss i Vestland.

Båt: Du kan framleis bruke Kringom periodekort på dei fleste båtane i Sogn og Fjordane. Sjå informasjon om billettar og prisar for båt her.

Kringom verdikort

Buss: Kringom verdikort skal ikkje lenger vere i bruk på bussar i Sogn og Fjordane. Dersom du framleis har igjen pengar på verdikortet, kan du bruke desse når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett om bord på bussen. Du får ikkje lenger 17 prosent rabatt og kan heller ikkje fylle på kortet.

Du kan også søke om refusjon, der du får refundert attståande verdi i tillegg til pant på kortet. Dersom du søker om refusjon etter 30. september 2022, vil det blir trekt 10 prosent (maks 100 kr) av attståande verdi i administrasjonsgebyr. 

Båt: Du kan framleis bruke Kringom verdikort for å betale for personreiser på dei fleste båtane i Sogn og Fjordane. Sjå informasjon om billettar og prisar for båt her.

Kringom periodekort Kombi

Kringom periodekort Kombi er ikkje lenger i bruk.

Kringom ungdomskort

Kringom ungdomskort er ikkje lenger i bruk. No kjøper du Skyss ungdomsbillett i appen Skyss Billett eller i nettbutikken her på skyss.no

Du finn meir informasjon om Skyss ungdomsbillett her

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet av buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Skyss skal vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og vi skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. 

Vil du vite meir om Skyss? 

Her finn du informasjon om mellom anna kven vi er, korleis vi er organiserte, strategiar, rapportar, informasjon til pressa og nyheiter. 

Lurer du på noko? Har du ris eller ros? Ta kontakt på den måten som passar deg best.

Kontakt Skyss

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.