Hopp til hovedinnald

Dette gjeld båtrutene:

  • Gulen – Ytre Solund
  • Hardbakke – Nåra – Mjømna
  • Hardbakke – Kolgrov – Utvær
  • Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
  • Nord-Solund
  • Kystvegekspressen Måløy – Smørhamn – Florø
  • Måløy – Silda /Måløy – Hennøystranda
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide

Slik kjøper du billett på båtane
Du kjøper enkeltbillett og periodebillett om bord. Du kan betale med kontantar, bankkort og Kringom verdikort. Du får ein papirlapp som billett og kvittering. 

Dersom du skal ta med bil på båtreiser i Florabassenget, finn du prisar og informasjon om bilbestilling på Fjord1.no.

Kringom periodekort båt
Med 30-dagars Kringom periodekort for båt i Sogn og Fjordane kan du reise så mykje du vil på ei bestemt strekning. Du kan kjøpe 30-dagars periodekort båt i kategoriane vaksen eller barn.

Bestilling og kjøp av 30-dagars Kringom periodekort båtKringom verdikort
Kringom Verdikort fungerer som eit reisekort du fyller pengar på. Du kan bruke kortet som betaling på båtreiser i Sogn og Fjordane.

Du kjøper verdikort direkte hos billettøren på båten.Merk: Du kan ikkje kjøpe billettar til reiser med båt i Sogn og Fjordane i appen Skyss Billett eller i nettbutikken. Unntaket er båtrutene i Florabassenget og Kaupanger kai-Frønningen. Desse båtrutene er prisa på same måte som Skyss sine bussar.