Ferje
Dei fleste av våre ferjesamband følger AutoPASS-regulativet. Du betalar berre for køyretøyet, passasjerar reiser gratis. Nokre få samband følger Riksregulativet.
For å finne pris brukar du ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no.
Denne har informasjon om alle ferjesamband, og lar deg enkelt finne pris avhengig av kva type køyretøy og kva type billett (avtaleform) du har.
Slik brukar du ferjepriskalkulatoren:
- Vel samband i nedtrekksmenyen med ferjesamband.
- Vel type køyretøy - anten konvensjonell (bensin/diesel/hybrid) eller nullutslepp(elektrisk/hydrogen).
- Vel type billett - fullpris, AutoPASS-brikke utan forskotsavtale, forskotsavtale for privat eller forskotsavtale for bedrift.
- Klikk på søk og du vil få opp prisane på valde samband.
- Finn takstgruppa for køyretøyet ditt i oversikta (MC/moped eller lengd på køyretøyet).
Dersom ferjesambandet har fleire ulike strekningar, vil du få opp dei ulike strekningane og detaljar etter at du har valt samband.
Er du busspassasjer på Osterøyferja, vil ferja vere inkludert om du har 7-, 30- eller 180-dagars Skyss periodebillett.
Ungdomsbillett på ferje
Om ferjeprisane
Dei fleste av våre ferjesamband følgjer AutoPASS-regulativet. Du betalar berre for køyretøyet, passasjerar reiser gratis.
Nokre fylkeskommunale samband følgjer Riksregulativet for ferjetakst. Dette er:
- Kaupanger-Frønningen (gjeld berre for bil på bilførande båtar)
- Vik-Ortnevik (gjeld berre for bil på bilførande båtar)
- Ortnevik-Måren-Nordeide (gjeld berre for bil på bilførande båtar)
- Florabassenget (gjeld bil på bilførande båtar)
På samband med Riksregulativet for ferjetakst er det betaling både for køyretøy og person.
For å få rabatt på køyretøy på desse sambanda må du ha AutoPASS-ferjekort.
Regulativa er forvalta av Statens vegvesen på vegne av Samferdselsdepartementet. Takstane vert vanlegvis oppdaterte ved årsskiftet.
Her er regulativa:
- AutoPASS-regulativ for ferjetakstar som gjeld frå 1. januar 2023
- Ferjetakstar frå 1. januar 2023 (AutoPASS-regulativ)
- Ferjetakstar frå 1. januar 2023 for nullutsleppskøyretøy (AutoPASS-regulativ)
Riksregulativ for ferjetakstar gjeldende frå 1. januar 2023
Ferjetakstar fra 1. januar 2023 - Riksregulativet
Ferjetakster fra 1. januar 2023 for nullutsleppskøyretøy - Riksregulativet