Hopp til hovedinnald

På båt vert vaksen rekna som reisande frå fylte 16 år og til fylte 67 år.

Vaksen reisande betalar ordinær pris. Dersom du ikkje høyrer til ei rabattert gruppe, betalar du vaksenpris.

På båt vert barn rekna som reisande frå 4 til og med 15 år.

Barn får om lag 50 % rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn under 4 år reiser gratis. 

På lengre strekningar på båt er det sett ein makspris for barn som reiser saman med vaksen på enkeltreiser. Makspris per barn går fram av pristabellen, og gjeld for inntil fire barn per vaksen. 

Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følgje av ein person over 16 år.

BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. Ved tvil om alder på barn, kan det krevjast gyldig legitimasjon.

OM HONNØRRABATT
Honnørreisande på båt i Hordaland får om lag 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar og periodebillettar.

Honnørrabatten gjeld:

  • personar over 67 år
  • blinde/døvblinde
  • personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir
  • personar, uavhengig av nasjonalitet og bustadland, som har ei varig lovfesta trygdeyting basert på minst 50 prosent uføretrygd frå ei offentleg trygdeordning i eit anna EØS-land, tilsvarande norsk folketrygd
  • uføre flyktningar med supplerande stønad

Ektefelle / registrert partnar som reiser saman med honnørreisande på enkeltbillett, betaler same pris som honnør.

BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.

På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må honnørreisande kunne vise gyldig legitimasjon. Honnørreisande under 67 år må i tillegg vise honnørkort frå NAV. Blinde skal i tillegg til legitimasjon vise bevis frå Blindeforbundet, medan døvblinde viser eige tilleggsbevis.

For deg mellom 16 til og med 20 år anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett til 380 kr.

Med ungdomsbillett kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, tog, ferje og båt heile Vestland. 

Les meir om ungdomsbilletten

OM STUDENTRABATT
Studentar får 40 prosent rabatt på enkeltbillettar og periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar på reiser med båt i Hordaland. 

BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten. Informasjon om gyldig bevis for studentar finn du her.

OM MILITÆRRABATT
På båt i Hordaland vert militær rekna som vernepliktig mannskap. Militær får 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar. Det blir ikkje gitt militærrabatt på periodebillettar.

BILLETTKONTROLL
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar til rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll også vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. Informasjon om gyldig bevis for militærreisande finn du her.

På lengre strekningar med båt er det sett ein maksimal pris for barn (frå 4 år t.o.m. 15 år) som reiser saman med vaksen på enkeltreiser.

Maksimal pris per barn går fram av pristabellen og gjeld for inntil fire barn per vaksen. 

På båt får ti eller fleire som reiser saman, 25 prosent rabatt på ordinær vaksenpris. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande. 

Det er gratis å ta med sykkel/sparkesykkel/ståhjuling på alle Skyss sine båtar i Hordaland, dersom det er ledig plass.

 

Dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande, kan dyret takast med. Dyr skal sikrast i band eller bur under transporten og må ikkje hindre fri passasje. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under transporten.

Dyr/hundar reiser gratis på:

  • Skyss sine bussar i Vestland
  • Bybanen i Bergen
  • Alle båtar i Hordaland
  • Båtrutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai – Frønningen (gjeld frå 1. juli 2022)

På andre båtar i Sogn og Fjordane kan hundar takast med til barnetakst.

Om du reiser med hund og har overgang til tog eller ekspressbuss, må du vere obs på at dei har eigne reglar.

På buss, Bybanen og båt:
Følgjeperson til person med nedsett funksjonsevne som har følgjekort, reiser gratis på Skyss sine transportmiddel. Følgjepersonen treng ikkje eigen billett (gjeld både enkeltbillett og periodebillett).

På tog:
Når du brukar Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, Bybanen og båt.

På reiser med tog utanfor sone A, gjeld eigne reglar. Sjå Vy.no for meir informasjon.

BILLETTKONTROLL:
For å reise kollektivt må du ha gyldig billett. Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. For følgjeperson gjeld gyldig følgjebevis. Det er personen med nedsett funksjonsevne som har beviset.

 

Prisar for båtsamband i Hordaland finn du her

Prisar for båtsamband i Sogn og Fjordane finn du her