Hopp til hovedinnald

Skal du reise med ekspressbåtane Bergen-Sogn, eller Bergen-Nordfjord, finn du informasjon om rabattar og billettar her.

  • Gulen – Ytre Solund
  • Hardbakke – Nåra – Mjømna
  • Hardbakke – Kolgrov – Utvær
  • Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
  • Nord-Solund
  • Florabassenget (gjeld til og med 30. juni)
  • Kystvegekspressen Måløy – Smørhamn – Florø
  • Måløy – Silda /Måløy – Hennøystranda
  • Vik-Ortnevik (gjeld frå og med 1. juli)
  • Ortnevik-Måren-Nordeide (gjeld frå og med 1. juli)

Merk: Frå og med 1. juli blir rutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai-Frønningen prisa på same måte som Skyss sine bussar. Her finn du informasjon om prisar og billettkjøp på desse sambanda.

På båt i Sogn og Fjordane vert reisande rekna som vaksne frå fylte 16 år og til fylte 67 år.

Vaksen reisande betaler ordinær pris. Dersom du ikkje høyrer til ei rabattert gruppe, betaler du vaksenpris.

På båt vert reisande rekna som barn frå 4 til og med 15 år.

Barn får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn under 4 år reiser gratis. 

Honnørreisande på båt i Sogn og Fjordane får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar.

Rabatten gjeld

  • personar over 67 år
  • personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land
  • blinde/døvblinde
  • uføre flyktningar med supplerande stønad

Ektefelle eller registrert partner som reiser saman med person med honnør enkeltbillett, betaler same pris som honnør.

Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten. Honnørreisande under 67 år må i tillegg vise honnørkort frå NAV. Blinde skal i tillegg til legitimasjon vise bevis frå blindeforbund, medan døvblinde viser eige tilleggsbevis.

Studentreisande på båt i Sogn og Fjordane får rundt 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar.

Studentrabatten på båt i Sogn og Fjordane gjeld

  • elevar i grunn- og vidaregåande skule
  • heiltidsstudentar ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet i Noreg eller utlandet, frå fylte 19 år til og med månaden dei fyller 30 år
  • vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som deltek i introduksjonsprogrammet
  • lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4

Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten. Gyldig bevis er 

  • gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto
  • studentbevis med gyldig semestermerke og foto
  • elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting av tidspunkt for opplæringa
  • framlegging av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

På båt i Sogn og Fjordane vert militær rekna som personell i førstegongsteneste med gyldig legitimasjon. Militærreisande får 50 prosent rabatt på ordinær vaksenpris på enkeltbillettar. Det blir ikkje gitt militærrabatt på 30-dagars periodekort.

Alle som reiser med billettar det er gitt rabatt på, må kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatten.

Som gyldig bevis for militærreisande på båt i Sogn og Fjordane, gjeld Forsvarsdepartementet sitt identitetskort (FD-ID). For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som dokumentasjon.

Minigruppe båt: Når 2–11 personar løyser felles billett, blir det gitt 25 prosent rabatt på vaksentakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Gruppe båt: Når 12 eller fleire personar reiser saman, blir det gitt 18 prosent rabatt på vaksen- eller barnetakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Det gjeld eigne takstar for syklar på båt, og plass må tingast på førehand. Ta kontakt med operatøren du skal reise med.

Hundar/dyr kan takast med til barnetakst på lokale båtruter, med mindre mannskapet meiner hunden er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.

Politihund i følgje med uniformert politi eller følgjehund i følgje med blinde, er tillate.

Hundar skal haldast i band under transporten og plasserast slik at dei ikkje sjenerer andre reisande.

Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på annan måte, kan bli sette av under transporten.

Følgjeperson til person med nedsett funksjonsevne som har følgjekort, reiser gratis på Skyss sine båtruter i Sogn og Fjordane. Følgjepersonen treng ikkje eigen billett (gjeld både enkeltbillett og periodebillett).

 

Merk: Frå og med 1. juli blir rutene i Florabassenget og båtruta Kaupanger kai-Frønningen prisa på same måte som Skyss sine bussar. Her finn du informasjon om rabattar og aldersgrenser på desse sambanda.

Prisar for båtsamband i Sogn og Fjordane finn du her.

Prisar for båtsamband i Hordaland finn du her.

Publisert:

Oppdatert: