Hopp til hovedinnald

Appen Skyss blei lansert 9. mars 2026. Her finn du meir informasjon om alt som er nytt

Den nye appen Skyss blir gradvis tilgjengeleg frå 9. mars 2026. Oppdateringa skjer gradvis, som betyr at ikkje alle får den samtidig.

Har du iPhone og appen Skyss Reise med automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter 9. mars kan du også oppdatere appen sjølv i App Store. Har du ikkje appen Skyss Reise frå før eller ikkje automatisk oppdatering slått på for Skyss Reise-appen, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 9. mars.

Last ned appen for Iphone i App StoreHar du Android-telefon og appen Skyss Reise og automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter to veker, kan du oppdatere appen sjølv i Google Play. Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 23. mars.

Last ned appen for Android i Google Play.

Appane Skyss Billett og Skyss Bestilling vil vere som før inntil vidare.

Har du Huawei-telefon, kan du ikkje bruke den nye appen Skyss. Du kan inntil vidare bruke appane Skyss Reise og Skyss Billett som før. 

Med appen kan du planlegge reiser, sjå kvar bussen din er og få informasjon om forseinkingar og endringar. Du kan også kjøpe billettar, sende billettar til andre og lagre favorittreisene dine.

Last ned appen for Iphone i App StoreLast ned appen for Android i Google Play

Blir gradvis tilgjengeleg for alle Android-brukarar i perioden 9. - 23. mars. 

Følg stega på skjermen, legg inn namn og telefonnummer.

Vi anbefaler at du opprettar ein profil første gong du opnar appen. Deretter kan du søke etter reiser og kjøpe billettar.

Når du har ein profil, får du

  • oversikt over alle billettane du har kjøpt i den nye Skyss-appen
  • moglegheit til å legge inn favorittar, som er reiser eller haldeplassar du bruker ofte
  • moglegheit til å lagre reiser du skal ta fram i tid
  • moglegheit til å flytte med deg billetten din til ny telefon

Du må vere 15 år for å opprette profil. Du kan bruke appen utan profil, men då får du ikkje tilgang til alle funksjonane.

Dersom du kjøper ein periodebillett utan å ha oppretta profil, kan du lage profil seinare. Periodebilletten du har kjøpt blir då knytt til profilen din.

Har du brukt appen ei stund utan profil, kan du opprette ein ved å gå til fana «Profil». Der finn du knappen for å registrere deg oppe og nede på sida.

Planlegg reisa di

Du kan søke opp ei reise på fleire måtar.

  • Skriv inn namn på ein haldeplass eller stad i «Frå»- og «Til». Då får du opp forslag til korleis du kan reise.
  • Klikk på «Sjå avgangar» og legg inn haldeplassen du ønsker å sjå avgangar frå.
  • Klikk deg inn på ein aktuell haldeplass på kartet og sjå dei neste avgangane.

Når du har søkt på ei reise, kan du velje kva transportmiddel du vil sjå avgangar for. Du kan velje buss, bybane, tog, båt, sykkel, flybuss og Skyss Bestilling.

Står du på haldeplassen og lurer på om bussen nærmar seg, eller om han er forseinka? I appen kan du opne den avgangen du skal ta og sjå i kartet kor bussen er akkurat no. Appen tel også ned og viser når bussen er forventa å køyre frå haldeplassen.

Du får i dag sanntidsinformasjon om bussar i Hordaland og Nordfjord, i tillegg til båtar og ferjer i heile Vestland. I løpet av 2026 kjem dette også for bussar i Sunnfjord og Sogn. Etter kvart vil du òg kunne følge bybanen i sanntid.

PS: Du treng ikkje oppdatere sanntidsprognosen sjølv, det gjer appen automatisk nesten kontinuerleg.

Reiser du ofte frå dei same haldeplassane, eller med dei same linjene? Lagre dei som favorittar, så slepp du å søke dei opp på nytt kvar gong. Du lagrar favorittar enkelt ved å trykke på "Legg til ny favoritt" under fana "Reise". Favorittane dine finn du igjen på fana "Reise" og under "Profil".

Funksjonen for å lagre ei reise passar når du skal hugse ein bestemt avgang, for eksempel viss du skal på ei lengre reise seinare i veka. For å lagre ei reise må du opprette ein profil. Søk opp reisa, vel avgang, bla ned og trykk «Lagre reise». Du finn igjen den lagra reisa di under «Reise» og «Profil».

Du kan ha to lagra reiser om gongen. Lagra reiser forsvinn automatisk innan ein time etter at avgangstidspunktet er passert.

På nokre reiser må du byte buss undervegs. Når det er korrespondanse mellom to avgangar, betyr det at bussane ventar på kvarandre. Når du har opna eit reiseforslag ser du korrespondansar markert med eit smilefjes mellom avgangane og ordet «Korrespondanse».

Appen brukar gangfarten din til å finne ut kor lang tid du treng for å gå til næraste haldeplass. Under «Profil» og «Innstillingar» kan du justere tempoet ditt, slik at appen gir deg riktige tider og du slepp å stresse til haldeplassen.

Finn og kjøp billett

Du kan kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar i appen, i tillegg til tur-retur-billettar for båt og 30 dagars ungdomsbillett.

Du kan kjøpe billett på fleire måtar:

  • Du kan klikke på fana «Billett» og velje «Kjøp billett». Her vel du type billett, billettkategori og kor du skal reise frå og til.
  • Du kan klikke på fana «Billett» og velje ein billett under «Hurtigkjøp». Dette er ein billettype du har kjøpt før.
  • Du kan kjøpe billett via reisesøk. Klikk på fana «Reise» og vel kor du skal reise frå og til. Når du har valt reise, kjem det opp kva billett du treng, øvst. Klikk på «Kjøp billett».

Du kan kjøpe billett til dei fleste reiser i Vestland i appen Skyss, men nokre ruter har eigne prisar og billettar. Appen vil fortelje deg kvar du kan kjøpe billett til desse reisene.

Her finn du oversikt over kor du kjøper billett til ekspressbuss, flybuss, ekspressbåt, tog og andre tilbod med eigne prisar.

Merk: Kombinasjonsbillettar for buss og båt er berre tilgjengelege i nettbutikken.

Du kan kjøpe billett til andre. Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre». Klikk på «Del billett» og send billetten via SMS, e-post eller sosiale medium. Mottakaren får ein billettkode og må ha appen Skyss for å hente billetten. Den som får billetten må hente den innan 20 dagar, viss ikkje får du refundert summen.

Dersom nokon har kjøpt ein billett til deg, får du ei lenke med ein billettkode. Klikk på lenka, så opnar Skyss-appen seg, og du kan legge inn billettkoden under fana «Profil» og «Hent billett». Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.

I appen kan du kjøpe billett på førehand til ei reise du skal ta seinare. Når du har valt billett, vil du sjå at appen føreslår at billetten startar med det same. Ved å trykke på knappen «Startar no» kan du endre starttidspunktet. Vel dato og klokkeslett for når billetten skal gjelde frå. Når tidspunktet du har valt kjem, blir billetten automatisk gyldig. Du treng ikkje aktivere han sjølv.

Dersom du likevel ikkje skal reise på tidspunktet du har valt, kan du endre tidspunktet for når billetten skal vere gyldig. Du kan flytte billetten inntil 21 dagar fram i tid. Dersom du ikkje skal bruke billetten då heller, kan du flytte han ein siste gong.

Du kan abonnere på 30-dagars periodebillett i appen. Abonnement er tilgjengeleg for vaksen, student, honnør og militær. Det er også mogleg å abonnere på 30 dagars ungdomsbillett.

Når du startar eit abonnement, blir billetten din automatisk fornya, og du slepp å hugse å kjøpe ny billett når den gamle går ut. For å starte abonnement, opnar du periodebilletten du har kjøpt i appen. Under billettdetaljar finn du valet "Start abonnement".

Når du har profil i appen kan du enkelt sjå gyldige og utgåtte billettar. Under «Billettar» ser du gyldige billettar og billettar som startar fram i tid.

Ved å klikke på dei tre prikkane oppe til høgre, får du i tillegg full oversikt over utgåtte billettar og kvitteringar.

Du kan betale billettar i appen på følgande måtar:

  • Vipps 
  • Bankkort (VISA/Mastercard)
  • Apple Pay (iOS)

I appen må du velje ein av desse som standard betalingsmåte, noko som gjer det enklare for deg neste gong du skal kjøpe billett.

Gå til «Profil» og «Betalingsmåtar» for å endre korleis du betaler for billettane dine.

Tips: Hugs at du alltid kan endre betalingsmetode når du skal kjøpe billett.

Med Vipps som standard betalingsmetode, vil Vipps-appen opne seg når du skal betale. Du blir bedt om å logge på Vipps på vanleg måte.  

For å legge til eit bankkort i appen må du gå til «Profil» og «Betalingsmåtar». Her kan du legge til bankkortet ditt (VISA eller Mastercard).  

For å betale med Apple Pay må du ha Iphone. Gå til «Profil» og «Betalingsmåtar» og vel Apple Pay.

Du får automatisk rabatt når du kjøper enkeltbillett til vaksen i appen. Reiserabatten passar for deg som ikkje reiser så mykje at det lønner seg med periodebillett, eller for deg som ikkje heilt veit kor mykje du skal reise dei neste 30 dagane. Reiserebatten gjeld for enkeltbillettar til buss, bybane og enkelte båtar.

Les meir om reiserabatt

 

Nyttig å vite når du reiser med appen

Alle som reiser med oss må ha gyldig billett. Dersom du har kjøpt ein billett til rabattert pris, må du også kunne vise fram dokumentasjon på at du har rett på rabatten.

Når du reiser i bergensområdet (sone A)
Innanfor bergensområdet treng du ikkje vise fram billetten ved ombordstiging, og du kan gå inn både framme og bak i bussen. På bybanen i Bergen kan du ikkje vise fram billett til førar, men du viser den fram i billettkontroll. Dersom du skal reise med ein buss eller båt som køyrer ut av bergensområdet, må du vise fram billetten når du går om bord.

Når du reiser utanfor bergensområdet
Utanfor bergensområdet skal du alltid vise fram billetten når du går om bord, både på buss og båt. 

Dersom du reiser med buss utanfor bergensområdet og har barnevogn, bagasaje, sykkel eller av andre grunnar må bruke bakdøra, skal du gå fram til sjåføren for å vise billetten din etterpå. For passasjerar med rullestol, rullator eller andre som treng det, vil sjåføren komme bak i bussen for å sjekke billetten.

Uansett kvar du reiser i Vestland, kan sjåførar, båtmannskap og kontrollørar be om å få sjå billetten din, når som helst.

Tog, ekspressbuss og ekspressbåt
Når du reiser med Skyss-billettar på tog, ekspressbuss eller ekspressbåt, gjeld eigne reglar.

Du må ha nok batteri og internettilgang på telefonen så lenge reisa varer, slik at du kan vise fram gyldig billett i ein kontroll.

Viss du ikkje har dekning, får du ikkje kjøpt billett, og du kan heller ikkje vise fram gyldig billett i ein kontroll. I slike tilfelle må du kjøpe billett på andre måtar.

Har du ein gyldig 7-, 30- eller 180-dagarsbillett for sone A, kan du parkere gratis fleire stader i bergensområdet.

I tillegg til gyldig billett må du ha registrert bilen din i appen Skyss.

Slik gjer du det:

  • Kjøp ein periodebillett i appen. Billetten må vere ein 7-, 30- eller 180-dagarsbillett for vaksen, honnør, student eller militær som gjeld for sone A.
  • I appen Skyss, gå til «Profil», vel «Parkering» og «Legg til køyretøy». Legg til registreringsnummer.  Du kan registrere to bilar, men berre ein bil kan stå parkert om gongen.

Les meir om parkering for kollektivreisande.

Fleire spørsmål og svar finn du her