Hopp til hovedinnald

Reiser du med Skyss, er det billeg å oppdage nye stader med barna! Kvar dag reiser nemleg 4 barn gratis med 1 vaksen på bussar, bybane og nokre båtruter. Og barnebilletten gjeld heilt fram til fylte 18 år.

Så scroll nedover, og finn ditt neste kortreiste eventyr! Du treng nemleg ikkje reise langt for å finne på noko gøy saman med familien. Ofte er dei beste minna berre ein kort tur unna – med buss, båt eller bybane! Så tenk på miljøet, la bilen kvile, og gjer kollektivreisa til ein del av opplevinga!  

Har du eit reisetips? Bli med i fotokonkurransen!

Barnas reisebingo
Last ned og skriv ut barnas reisebingo, så har barna noko ekstra moro å gjere på reisa!

Last ned barnas reisebingo

Reisetips

Barn på sparkesykkel med blomster og planter i bakgrunnen.

På Milde ligg Botanisk hage og Arboretet. Nyt duftene av Noregs største samling av rhodondendron. Uforsk turvegar, stiar og fleire badeplassar. Prøv deg på hinderløypa ved Grønevika, eller kanskje ein tur i labyrinten? Grønevika er tilrettelagt for funksjons-hemma. Baderampe og toalett. God tur!

Barn som hopper i et basseng.

Denne perlen av eit badeanlegg ligg kun nokre minuttar gange frå busshaldeplassen “Sjøfarendes aldershjem”. Svømmebassenget held 30 grader året rundt. Plaskebasseng for dei minste. Fine solplassar, garderobar, badstue, toalett og iskiosk. Bad i sjøen om du er ein friskus! God tur!

Barn i lekestativ med teksten "Barnas reisetips"

Ta turen til Damsgård leikeplass! Her, berre 10 meter frå haldeplassen Damsgård Hovedgård, finn du eit eventyr av ein leikeplass. Oppdag spennande utkikkstårn, sklier, ballbaner og gigantiske klatrestativ forma som ein oransje manet! Grill pølser på fellesgrillen i sola, eller ha piknik på benkane. God tur!

Reis dit kollektivt!
Ta buss nr. 6 eller 20 til Damsgård hovedgård. 

Gutt i zipline, med teksten  "Barnas reisetips"

Ta turen til Smøråsfjellet! Her, berre 7 minutt rusletur frå holdeplassen Smørås snuplass, finn du spennande naturstiar. Oppdag mystiske trefigurar, små hytter og svisj gjennom lufta med zipline! Tar du med kol og pølser, kan du grille ved bålpanna. God tur!

Reis dit kollektivt!
Bybanen (Linje 1) til Nesttun terminal, deretter buss nr. 76 til Smørås snuplass øvre.

Barn som hopper, med teksten "Barnas reisetips"

Ta turen til Nygårdsparken! Her, berre 100 meter frå bybanestoppet Florida, kan du leike i det store klatrehuset, sjå på endene i dammen og ha piknik under dei store trea. Oppdag ein spennande leikeplass for dei minste, med trampoliner og små klatreveggar. God tur! 

Reis dit kollektivt!
Bybanen (Linje 1) er Buss nr. 12 eller 13 til Florida. Du kan også ta ein av dei mange bussane som går til Møhlenpris.

Barn på kjelke, med teksten  "Barnas reisetips"

Ta turen til Gullfjellet! Her, berre 200 meter frå haldeplassen Gullbotn Vest, finn du eit lite vinterparadis! Ak i bakkane, stå på ski, og drikk kakao i snøen. Tenn gjerne eit bål, og grill pølser i sola om det er fint ver. Blir det kaldt, kan du kose deg i varmestova like ved. God tur!

Reis dit kollektivt!
Ta buss nr. 925 eller 930 til Gullbotn vest. 

Jente i klatrevegg, med teksten "Barnas reisetips"

Ta turen til Vestveggen! Her, berre 10 minutt spasertur fra haldeplassen Salhuskrysset, finn du eit stort klatrerom kor barna kan boltre seg. Utforsk kjekke klatreruter, og kjenn på mestringsfølelsen av å sjå verda ovanfrå. Kjem du deg til toppen, kan du skli ned att på ein ekte brannstige. God klatretur!

Reis dit kollektivt!
Buss nr. 4 eller 300 til Salhuskrysset.

Gutt som fisker, med teksten "Barnas reisetips"

Ta turen til Tennebekktjørna! Her, berre 2 minutt rusling fra haldeplassen Nipedalen, finn du ei lita perle av ein badeplass. Her er det gratis kano-utlån, badeflåte og ei idyllisk sandstrand med vassevatn for dei minste. Om veret er på godsida kan du grille ved bålplassen, og toalett finn du like ved. God tur!

Reis dit kollektivt!
Buss nr. 44 til Nipedalen.