Større endringar for bybussen i Førde frå 14. september
Frå måndag 14. september blir Angedalsvegen stengd, og det fører til endringar i rutetilbodet for bybussen i Førde. Mange avgangar får nye rutetider.

Dette blir nytt
- Ny trasé: Bybussen køyrer ikkje lenger via Angedalsvegen, men via sentrum sør, Hafstadflata og Brulandsvellene.
- Tre linjenummer: Dagens bybusstilbod blir fordelt på linje 201, 202 og 203.
- Nye rutetider: Avgangstidene for bybussen blir endra langs heile traseéen.
- Fleire avgangar til Vieåsen: Vieåsen får to avgangar i timen store delar av dagen.
- Endringar på haldeplassane: Nokre haldeplassar går ut, medan andre blir tekne i bruk.
Du kan enkelt sjekke avgangen din i reiseplanleggaren på skyss.no eller i appen Skyss.
Ny trasé og nytt linjenummer
Bybussen skal framleis køyre i dei same områda, men vil ikkje lenger stoppe på haldeplassane langs Angedalsvegen på grunn av vegstenging.
Bybussen er delt opp i tre linjer:
- Linje 201 Slåttebakkane–Førde rutebilstasjon–Førde sjukehus–Vieåsen
- Linje 202 Vieåsen–Førde sentralsjukehus–Hjelle–Førde rutebilstasjon–Haugum/Hornnes
- Linje 203 Hogane–Førde rutebilstasjon
Nye rutetider
Avgangstidene blir endra langs store delar av bybusstraseéen.
Rutetabell linje 203Nokre område får fleire avgangar, mens andre får avgangane flytta til eit anna tidspunkt.
Sjå kva endringane betyr for området du reiser til eller frå:
Slåttebakkane og Halbrendslia
- Linje 201 køyrer til Slåttebakkane og Halbrendslia.
- Det er nye avgangstider frå Slåttebakkane.
- Det kjem ein ekstra avgang om morgonen.
- Avgangane frå Slåttebakkane køyrer til Førde rutebilstasjon og held fram til Førde sentralsjukehus og Vieåsen på dei fleste avgangane på dagtid. På andre avgangar er det lagt opp til byte til linje 202 på Førde rutebilstasjon.
Vieåsen
-
Både linje 201 og 202 køyrer til Vieåsen.
-
Vieåsen får to avgangar i timen store delar av dagen.
-
Linje 201 køyrer direkte mellom Vieåsen og Førde sentrum. Reisetida er om lag 8 minutt.
-
Linje 202 køyrer via Førde sentralsjukehus, Vievegen og Hjelle. Reisetida til sentrum er om lag 20 minutt.
-
På ettermiddagen på kvardagar og laurdagar går 202 til Vieåsen.
-
På søndagar er det linje 202 som går til Vieåsen.
Førde sentralsjukehus
- Både linje 201 og 202 gir reisemoglegheiter til og frå området ved Førde sentralsjukehus, men dei bruker ulike haldeplassar og køyrer ulike traséar.
- Linje 201 stoppar på haldeplassen Førde sentralsjukehus C nærmast sjukehuset.
- Linje 202 stoppar på haldeplassen Førde sentralsjukehus Vievegen A og B på dagtid.
- På ettermiddag og helg stoppar linje 202 også på Førde sentralsjukehus C.
- Avgangstidene blir endra.
Brulandsvellene
- Brulandsvellene får fleire avgangar som følge av den nye traseéen.
- Bussane til og frå Vieåsen vil også passere området.
- Frå Brulandsvellene kan du reise til blant anna Førde rutebilstasjon, sjukehuset, Vieåsen og Hjelle.
Slåtten skule
- Bybussen stoppar ikkje inne på Slåtten skule, bruk haldeplassen Solvang.
- Skulebussen køyrer til og frå haldeplassen Slåtten skule som normalt.
Hjelle
- Linje 202 køyrer til og frå Hjelle.
- Det er nye avgangstider frå Hjelle.
- Med linje 202 kan du no reise frå Hjelle til Førde sentralsjukehus på kvardagar.
- Bussen frå Hjelle stoppar ikkje ved Slåtten skule. Bruk haldeplassen Solvang.
Haugum og Hornnes
- Linje 202 køyrer til Haugum og Hornnes.
- Avgangane blir flytta med om lag 30 minutt.
Hogane
- Linje 203 køyrer mellom Hogane og Førde rutebilstasjon.
- Det nye linjenummeret blei innført med sommarrutene i 2026.
Endringar på haldeplassane
Haldeplassar som ikkje lenger blir brukte:
- Rusta
- Hagen
- Førdehuset
- Førde utstillingsplassen
Haldeplassane blir stengde for alle busslinjer som tidlegare har stoppa der, ikkje berre for bybussen.
Nye haldeplassar på turane som går til Førde sentralsjukehus, Vieåsen og Hjelle:
- Førde hotell (i retning ut frå sentrum)
- Hafstadhagen
- Hafstad
- Blomereina
- Brulandsvellene (blir no også brukt på turane til Vieåsen)
- Langebruvegen (berre i retning inn til sentrum)

Reisetips
Søk opp reisa di på nytt i reiseplanleggaren.
I Skyss-appen kan du også sjå kvar bussen er, og følge traséen han køyrer.
Publisert:
Oppdatert: