Hopp til hovedinnald

Reiserabatten du har i den gamle appen Skyss Billett, vil etter 1. august gradvis gå ned. Rabatten forsvinn heilt 30 dagar etter du kjøpte siste billett. Vi anbefaler difor at du begynner å kjøpe billettar i den nye appen Skyss så snart det passar for deg.

Ordninga med reiserabatt blir avvikla i den gamle appen Skyss Billett rett etter sommaren, då dei fleste naturleg har lågare rabatt på grunn av færre kollektivreiser i ferien.

Dei to appane snakkar ikkje saman, og det er dessverre ikkje mogleg å flytte rabatten mellom appane.

Kvar får eg reiserabatt frå 1. august?

Les meir om den nye Skyss-appen

Les meir om reiserabatt

Spørsmål og svar

Reiserabatten i Skyss Billett vil gradvis gå ned og forsvinne heilt i perioden etter 1. august. Det er dessverre ikkje mogleg å overføre den opparbeidde rabatten din til den nye appen Skyss.

Ja, men du startar å opparbeide deg rabatt frå billettkjøp nummer to i appen Skyss.

Rabatten aukar etter kvart som du kjøper fleire billettar. Maksimal rabatt kan du få ved kjøp nummer 21, då blir rabatten 30 prosent.  

Når du kjøper Skyss sin enkeltbillett for vaksen i appane til Entur og Vy, får du også automatisk reiserabatt som aukar etter kvart som du reiser. Rabatten gjeld for den enkelte app, og dei blir ikkje slått saman. Fjerning av reiserabatt gjeld berre i appen Skyss Billett.

Er det andre ting du lurer på? Gjer eit søk på heile skyss.no.

Publisert:

Oppdatert: