Hopp til hovedinnald

Eigne skjema:

Kansellering og refusjon av billett

Har du kjøpt ein billett du ikkje får brukt? Her får du informasjon om korleis du kansellerer og får att pengar for billetten din.

Kort oppsummert

  • Vi trekker 100 kroner i ekspedisjonsgebyr for alle refusjonar.*
  • Refusjonsbeløpet blir rekna frå den dagen vi får førespurnaden frå deg.
  • Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar blir ikkje refunderte.
  • Det er ikkje lenger mogleg å få refusjon for reisepengar på gamle Skysskort.

* Merk: Dette gjeld ikkje ved refusjon av pengar på mobilkonto.

Her ser du kor mykje du får att:

  • 7-dagarsbillett: Du får refusjon for så mange dagar du har att.
  • 30-dagarsbillett: Du får refusjon for så mange dagar du har att.
  • 180-dagarsbillett: Du får refusjon for så mange dagar du har att av dei 158 dagane du har betalt for, ikkje dei 180 dagane billetten er gyldig.

Billetten kan ikkje brukast igjen etter refusjonen.

Når kan eg få refusjon?

Når du ikkje skal reise med oss lenger. Til dømes om du flyttar, blir sjukmeld eller endrar reisemønster.

Søk refusjon på skjemaet under.

Refusjonsskjema

Kvar har du kjøpt billetten du ønsker å få tilbake pengane for?

Merk: Når du har kjøpt Skyss-billett i Entur-appen, må du søke om refusjon på nettsida til Entur, og ikkje skjemaet på denne sida.

Gå direkte til refusjonsskjemaet til Entur her

Merk: Når du har kjøpt Skyss-billett i Entur-appen, må du søke om refusjon på nettsida til Entur, og ikkje skjemaet på denne sida.

Gå direkte til refusjonsskjemaet til Entur her

Brukte du Vipps? Har du forsøkt å kjøpe billett med Vipps som betalingsmåte i appen, men ikkje fått billetten? Dersom beløpet for billetten likevel er reservert i nettbanken din, vil reservasjonen forsvinne innan 1-3 yrkedagar, og du skal ikkje sende inn refusjonsskjema.

Kva vil du ha refundert?

Kvifor treng vi personnummeret ditt?
Skyss innhentar personnummer i refusjonssaker for å sikre at vi gir refusjon til rett mottakar. Vi forsikrar deg om at vi vil behandle personnummeret ditt konfidensielt og berre for å oppnå sikker identifisering i anledning refusjonssaka.

Korleis ønskjer du å få utbetalt refusjonen?

Vil du ha pengane til bankkonto? Då treng vi adressa og bankkontonummeret ditt.

Vil du ha pengane til bankkonto? Då treng vi adressa og bankkontonummeret ditt.

Vil du ha pengene overført til appen Skyss Billett? Då treng vi telefonnummeret appen er installert på.

Vil du ha pengene overført til appen Skyss Billett? Då treng vi telefonnummeret appen er installert på.

Pengane blir automatisk utbetalt via betalingsmetoden du brukte då du kjøpte billetten. Dersom du for eksempel har brukt bankkortet ditt til å betale for billetten i appen Skyss Billett, blir pengane sett inn på kontoen din.

Reglement for prisar og rabattordningar for buss, Bybanen og nokre båtruter

Reglement for prisar og rabattordningar for båt