Køyretøy på båt
Du kan ta med køyretøy på nokre av båtrutene i Vestland. Nedanfor finn du informasjon om plassbestilling, prisar, rabattar og betalingsmåtar.
Båtruter der du kan ta med køyretøy:
- 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy (Florabassenget sør)
- 292 Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
- 293 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
- 294 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (fellesturar i Florabassenget vest og nord)
- 1190 Ortnevik–Måren–Nordeide
- 1190 Vik–Ortnevik
Dei fleste av desse rutene blir køyrde med båtar som har avgrensa plass til køyretøy, og som hovudsakleg er passasjerbåtar.
Gå til oversikt over prisar for køyretøy på båt
Reservasjon av plass til køyretøy på båtar
Det er avgrensa plass til køyretøy på båtane. Vi anbefaler difor at du reserverer plass på førehand. Du kan reservere plass inntil ein månad før avgangen.
Merk: Når du skal ha med bil eller anna køyretøy, må du møte på kaia minst 10 minutt før avgang for å behalde plassen.
Slik reserverer du plass
- Reserver bilplass ved å bruke bestillingskjema på Norled sine nettsider
- Pass på at du vel riktig dag og avgang for når du skal reise.
- Hugs å velje rett lengde. Er køyretøyet lengre enn det du har bestilt for, kan du miste plassen.
- Du får ei stadfesting på reservasjonen på e-post og/eller SMS.
Slik avbestiller du
Skal du ikkje bruke bilplassen du har reservert, må du avbestille seianst to timar før avgang. Bruk lenka du fekk på e-post og/eller SMS då bestilte. Avbestill så snart du veit du ikkje skal bruke plassen, slik at plassen blir tilgjengeleg for andre.
Gebyr for manglande oppmøte
Frå 1. november får du eit gebyr på 300 kroner dersom du ikkje bruker bilplassen du har reservert. Har du ubetalte gebyr, får du ikkje gjere nye reservasjonar før gebyret er betalt.
Ruter der du kan reservere plass til køyretøy
- 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy (Florabassenget sør)
- 292 Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
- 293 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
- 294 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (fellesturar i Florabassenget vest og nord)
- 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
- 1190 Vik-Ortnevik
Merk: Skal du frakte gods, må du ta direkte kontakt med selskapet som køyrer båtruta. Dette gjeld også ved frakt av traktor eller andre køyretøy utan førar.
Slik finn du pris for køyretøy
Gå til oversikt over prisar for køyretøy på båt
Dersom strekninga har fleire delstrekningar, vil desse komme opp etter at du har valt hovudstrekning.
- Vel strekning frå nedtrekksmenyen.
- Vel kva type køyretøy du har. Du vel mellom:
- Konvensjonell: bensin-, diesel- eller hybridkøyretøy
- Nullutslepp: elektriske eller hydrogenkøyretøy.
- Vel datoen du skal reise.
- Vel priskategori:
- Fullpris
- AutoPASS-brikke utan forskotsavtale
- AutoPASS for ferje forskotsavtale for privatpersonar
- AutoPASS for ferje forskotsavtale for bedrifter
- Klikk på søk for å sjå prisane.
Prisen blir bestemt av lengda på køyretøyet ditt, inkludert last. Motorsyklar og mopedar betaler eigne prisar. Merk: Oversikta viser ikkje prisar for passasjerar.
Slik får du rabatt
Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka handlar om betalingsmåtar for køyretøy utan AutoPASS-avtale og prisar for passasjerar.
Det er ulike måtar å få rabatt på køyretøy.
- Du får 10 prosent rabatt dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt. Dersom du har bombrikke, blir du fakturert for reisa i etterkant. På autopassferje.no finn du oversikt over kvar du kan bestille brikke.
- Du får best rabatt dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale. Denne avtalen gir 50 prosent rabatt for privatkundar og 40 prosent rabatt for bedriftskundar. Dersom du har forskotsavtale, blir du trekt frå det innbetalte forskotet på ferjekontoen din. Du opprettar avtalen på autopassferje.no.
- Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller forskotsavtale, må du betale fullpris og betaler med kort eller kontantar om bord. Du blir ikkje etterfakturert slik som på ferjer.
- Dersom du har eit nullutsleppskøyretøy, gir dette også rabatt, som kjem i tillegg. Nullutsleppskøyretøy under 6 meter får 30 prosent rabatt, mens større nullutsleppskøyretøy får 50 prosent rabatt.
Betaling for køyretøy om bord
Du betaler for køyretøy ved hjelp av skiltgjenkjenning.
Når du køyrer om bord på båten blir skiltnummeret på køyretøyet lese av. Pris og betalingsmåte er avhengig av kva AutoPASS-avtale du har og kva køyretøy du har:
- Dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt blir du fakturert for reisa i etterkant.
- Dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale, blir du trekt frå det innbetalte forskotet på ferjekontoen din.
- Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller forskotsavtale, må du betale fullpris og betaler med kort eller kontantar om bord. Du blir ikkje etterfakturert slik som på ferjer.
Betaling for passasjerar
Når du betaler for køyretøy på båt, betaler du også for sjåføren. Dersom du har med passasjerar, må desse ha vanleg billett for ruta dei reiser med.
På rutene i Florabassenget er dette billett for sone H, medan det på rutene i Sogn er det båtbillett for strekninga dei reiser på.
- Prisar for passasjerar i Florabassenget
- Prisar for passasjerar på Ortnevik–Måren–Nordeide og Vik–Ortnevik
Ver merksam på at du ikkje har rett på familierabatt i Florabassenget når du har betalt for køyretøy inkludert sjåfør. For å ha rett på familierabatt på desse rutene, må du vere over 18 år og ha ein vanleg billett for sone H.
Reglar for prisar for køyretøy på båt
Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka frå AutoPASS-regulativet handlar om betalingsmåtar og prisar for passasjerar, som du finn informasjon om over.
AutoPASS-regulativet gjeld også på ferjene våre i Vestland. Regulativet og prisane blir vanlegvis oppdaterte ved nyttår kvart år.
På Statens vegvesen sine nettsider finn du gjeldande AutoPASS-regulativ for ferjetakstar, og i tillegg gjeldande prislister for alle typer køyretøy.
Skal du frakte gods, må du ta direkte kontakt med selskapet som køyrer båtruta. Dette gjeld også ved frakt av traktor eller andre køyretøy utan førar.
Forskrift om transport med ferje