Hopp til hovedinnald

Her pågår det testing - så det på denne sida er kanskje ikke korrekt. 

Her finn du informasjon om Skyss Bestilling i Sogndal kommune.

Slik fungerer det

Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. 

Bussen køyrer langs ei fast rute og tek små avstikkarar for å hente deg der du er. Når du skal bestille ei reise søker du opp adressene du skal reise frå og til. 

Bestill turen din ved å bruke Skyss-appen.

  1. Last ned appen Skyss frå App Store eller Google Play
  2. Søk etter ei reise ved å legge inn adressene du skal reise frå og til. Dersom ruta er merkt med Skyss Bestilling, kan du bestille turen.
  3. Klikk på Skyss Bestilling, og gje opplysningane du blir spurt om. Når du har bestilt, får du informasjon om nøyaktig når du blir henta.
  4. Hugs å kjøpe billett i tillegg. Det gjer du i same app under valet «Billett».

Har du ikkje høve til å bruke appen, kan du ringe oss på 
55 55 90 99 måndag–fredag mellom klokka 08.00 og 17.00.

Dersom mange skal reise samtidig, kan det bli noko ventetid. Om du ønskjer å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil éin månad fram i tid.

Du kjøper billett som elles til bussreiser, til dømes i appen Skyss  eller om bord med kontantar eller bankkort. Skyss Bestilling har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett dersom du har det. 

Skal du ha med barnevogn eller rullestol, gjeld dei same reglane som på andre bussar. Når du bestiller tur, kryssar du av for om du har med barnevogn eller rullestol.
Her finn du nyttig informasjon om reiser med barnevogn og rullestol

Her kan du reise med Skyss Bestilling

Frå Dag Tid
Fimreite Onsdag 09.25
Sogndal Onsdag 12.30

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Fjærland Onsdag 09.30
Sogndal Onsdag 12.30

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Grinde Tysdag og
fredag
09.45
Hermansverk Tysdag og
fredag
11.15

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Krosshaug Tysdag og fredag 10.20
Leikanger Tysdag og fredag 12.00

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Raunehaug Torsdag 09.20
Sogndal Torsdag 13.00

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Selseng Torsdag 09.20
Sogndal Torsdag 13.00

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Vetlefjorden Fredag 10.00
Balestrand Fredag 12.45

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Nessane Fredag 08.50
Balestrand Fredag 11.30

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 2 timar før avreise, og inntil ein måned fram i tid. 

Frå Dag Tid
Sogndal skysstasjon Laurdag
(natt til søndag)
02.30

Bestillingsfrist
Blir oppdatert snart.

Frå Dag Tid
Sogndal skysstasjon Laurdag
(natt til søndag)
02.30

Bestillingsfrist
Blir oppdatert snart.

Frå Dag Tid
Sogndal skysstasjon Laurdag
(natt til søndag)
02.30

Bestillingsfrist
Blir oppdatert snart.

Frå Dag Tid
Sogndal skysstasjon Laurdag
(natt til søndag)
02.30

Bestillingsfrist
Blir oppdatert snart.

Frå Dag Tid
Sogndal skysstasjon Laurdag
(natt til søndag)
02.30

Bestillingsfrist
Eksakt bestillingsfrist kjem snart her. 

Lurer du på noko?

  • Ring oss på 55 55 90 99. Vi hjelper deg måndag til fredag mellom kl. 08.00 og 17.00.
  • Slik bestiller du: Lenger oppe på denne sida finn du ei steg-for-steg-forklaring på korleis du bestiller reisa di.
  • Reisegaranti, hittegods og billettrefusjon: På denne sida finn du nyttig informasjon dersom du ikkje blir henta til rett tid, om du har mista noko eller om du har kjøpt ein billett du ikkje får brukt.