Hopp til hovedinnald

Reiste du med Serviceskyss?
No er denne tenesta blitt til Skyss bestilling. Det er litt endring i rutene og ein ny måte å bestille på. Les meir om kva som er nytt.
Unnatak er Gulen, her er det framleis Serviceskyss.

Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentrum.

Dei som vil reise med serviceskyssen, bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Ein blir henta heime og får skyss frå dør til dør. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma.

Pris: 31 kroner kvar veg. Du kjøper og betaler billett om bord, og kan betale med bankkort eller kontantar.

 

Ruter i Gulen Dagar ruta går Til sentrum Frå sentrum
Sande–Ånneland–Mjømna–Byrknesøy Fredag i partalsveker 10.00 12.00
Furnes–Sløvåg–Dalsbygda–Dalsøyra–Eidsbotn–Sløvåg Fredag 13.10 14.15
Dingja–Eivindvik Fredag 09.40 12.00
Brosvik–Rutledal–Haveland–Eivindvik Fredag 10.30 12.30
Indre Oppedal–Kringla–Brekke Fredag 11.00 13.00
Rutledal–Takle–Brekke Fredag 10.30 12.00

Slik bestiller du
Alle som skal vere med serviceskyssruta må bestille seinast kl. 18.00 kvelden før.
Bestill på telefon 57 78 31 00 (val 1-4).